11695_om_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/maaned
11695_om
statistikk
2016-08-17T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
false
Statistikken viser byggekostnadsindeksen for bolighus. Byggekostnadene for boliger økte med 0,2 prosent fra juni til juli 2016.

Byggekostnadsindeks for bustaderjuli 2016

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Byggekostnadsindeks for bustader
Emne: Priser og prisindekser

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for eiendoms-, areal- og primærnæringsstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Byggjekostnadsindeksane måler prisutviklinga på innsatsfaktorane til bygging av bustader. Indeksane vert også kalla faktorprisindeksar eller inputprisindeksar. Byggjekostnadene vert ikkje påverka av endra produktivitet eller endringar i byggmeisteren, entreprenøren eller installatøren sine fortenestemarginar.

Representantvare er beteikning på alle einingar vektgrunnlaget er bygd opp av, og som det vert henta prisar på. Det kan vere ein materialtype, ein kategori arbeidar, ei maskinteneste, ei transportteneste osv.

Arbeidskraftkostnad er i byggjekostnadsindeksane  direkte + indirekte personalkostnader.  Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = naturalytelser, kostnader knyttet til helse-, miljø- og sikkerhetstiltak, sosiale kostnader, arbeidsgiveravgift og opplæringskostnader med mer.

Laspeyre prisindeks er ein prisindeks kor vektgrunnlaget vert halde konstant. Ein kjeda Laspeyre prisindeks er ein indeks sett saman av fleire Laspeyre prisindeksar med ulike vekter. I byggjekostnadsindeksen for bustader endrar ein vektene om lag kvart tiande år.

Pris: Priser bedrifta oppnår ved sal til entreprenørar, byggmeistrar, installasjonsbedrifter mv., dvs. prisar fråtrukke rabattar. Prisane vert oppgitt den 15. i månaden og er eksklusive meirverdiavgift.

Standard klassifikasjonar

Gruppering av varegrupper i delprodukt iht. til Prosjektinndeling i Byggjekostnadsindeksar for bustader.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Berre nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Månadleg.

Priser pr. 15. i månaden vert oppgitt. Produksjonstid om lag 2 veker. Statistikken vert publisert om lag den 12. i den påfølgjande månaden.

Internasjonal rapportering

Tal rapporteres til Eurostat.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata vert lagra som tekstfiler på Unix.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet er å måle kostnadsutviklinga i produksjonen av bustadbygg. Indeksen blir brukt til justering av byggjekontraktar. I tillegg blir den brukt til økonomiske analyser, for eksempel til å berekne prisutviklinga i næringa i nasjonalrekneskapen.

Indeksen er utarbeidd sidan 1978. Før den tid laga Aspelin-Stormbull byggjekostnadsindeksar for Oslo-området for tomannsbustader av tre og bustadblokker. Desse indeksane går tilbake til 1932.

Brukarar og bruksområde

Statistikken er viktig for entreprenørar som vil sikre byggjekontraktar mot kostnadsendringar. Internt i SSB er Nasjonalrekneskapen ein sentral brukar.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.

Likebehandlingsprinsippet

Samanheng med annan statistikk

Byggjekostnadsindeksar er input prisindeksar og måler prisutviklinga på innsatsfaktorane i byggje- og anleggsproduksjonen, slik som arbeidskraft, materialar, transport og maskiner. Byggjekostnadsindeksane avvik frå SSB sine prisindeksar for nye bustader ved at dei ikkje omfattar viktige elementer som påverkar output-prisen, nemleg produktivitetsendringar og endringar i entreprenørens fortenestemarginer.

Lovheimel

Statistikklova §2-2.

EØS-referanse

Rådsforordninga (EF) nr. 1165/98 av 19. mai 1998.

Produksjon

Omfang

Indeksane måler prisutviklinga på materialar, arbeidskraft, maskiner, transport og anna som inngår i produksjonen av bustadbygg. Det er to typar observasjonar for desse varene og tenestene som vert målt, nemleg kostnadsandelar og prisar. Kostnadsandelane vert målt om lag kvart tiande år og dannar grunnlaget for vektene til dei varene og tenestene vi hentar priser på. Populasjonen for prisundersøkinga er alle dei varene og tenestene som inngår i produksjonen. Utvalet av varer og tenester blir bestemt i kostnadsundersøkinga. Prisane vert målt månadleg.

Datakjelder og utval

Materialprisane vert henta med skjema frå bedrifter som sel byggjevarer til entreprenørar, byggmeistrar, installatørar osv.

Arbeidskraftkostnadene vert henta frå Statistisk sentralbyrå sin kvartalsvise arbeidskostnadsindeks (AKI) som er forbedra med data fra a-ordninga. A-ordninga inneber at SSB får informasjon om lønn og ansatte gjennom a-meldinga i staden for fleire ulike kjelder som var tilfelle tidlegare. Indeksen måler endringer i gjennomsnittlege arbeidskraftkostnader per enhet utført arbeid. Arbeidskraftkostnad = direkte + indirekte personalkostnader.  Direkte personalkostnad = kontantytelser / lønnskostnad. Indirekte personalkostnader = «resten» av kostnadene. AKI for bkibol  er tilpassa ved å velgje ein spesifikk tellepopulasjon og kostnadsvariablar.

Maskinkostnadene vert justerte med NTNU sin månadlege statistikk over maskinkostnader.

Transportkostnadene vert justerte med Statistisk sentralbyrå sine månadlege kostnadsindeksar for lastebiltransport.

Materialprisane vert innhenta frå eit utval på 420 bedrifter. Bedriftene vert trekte frå Bedrifts- og foretaksregisteret og blir stratifisert etter næring, omsetning og regionar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Spørjeskjema blir sendt ut kring den 12. i statistikkmånaden, og fristen for innsending er 10 dagar seinare. Nær halvparten av oppgåvegjevarane velger å svare på skjemaet på internett framfor å nytte papirskjema. Oppgitte prisar for ein månad blir samanlikna med prisar frå føregåande månad. I tillegg blir prisendringar på varer innen same varegruppe samanlikna. Dersom prisendringa frå føregåande månad endrar seg meir enn +/- 15 prosent, vert oppgåvegjevar kontakta.

Oppgåvebyrde

Ein oppgåvegjevar brukar i gjennomsnitt 17,5 minutt i månaden til å fylle ut skjema. Dette gir ein tidsbruk for heile utvalet på 1 050 timar eller 131 dagsverk i året.

Oppgitte prisar for ein månad vert samanlikna med prisar gitt i føregåande månad. Ein ser og på lengre tidsseriar av prisar. I tillegg samanliknar ein prisendringar på varer innan same varegruppa. Dersom prisendringa frå føregåande månad endra seg meir enn +/- 15 prosent, kontaktar ein oppgåvegivar over telefon. Også varer kor det er stor spreiing i prisendringa frå den førre månaden vert undersøkt nærare.

Delindeksar og indeksar på representantvarenivå vert kontrollerte mot historiske seriar og vert samanlikna med annan statistikk.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Byggjekostnadsindeksen blir berekna som ein Laspeyre prisindeks med faste vekter. Nytt vektgrunnlag er teke i bruk i januar 2000. Vektgunnlaget er utarbeidd i samarbeid med Selmer ASA, Block Watne AS og Nordbohus AL. Arbeidet er følgd opp av sentrale aktørar i byggje- og anleggsnæringa gjennom eit arbeidsutval og ei referansegruppe. Vektgrunnlaget byggjer på kalkylar og rekneskapstal for 7 blokkprosjekt og 4 einebustadprosjekt. Det vart plukka ut prosjekt som i storleik og standard låg nær opptil gjennomsnittet frå SSB sine undersøkingar over einebustader og fleirbustadhus fullført i 1997 og 1998. Vektgrunnlaget er utarbeidd i samsvar med Norsk Standard for spesifikasjon av kostnader i byggjeprosjekt NS 3453.

Byggjekostnadsindeksen for bustader i alt er sett saman av dei to indeksane for einebustader og bustadblokker. Vektene som vert nytta er kvadratmeter bruksareal for bustader sett i gang multiplisert med gjennomsnittleg pris i kroner per kvadratmeter bruksareal.

Samanlikningar over tid og stad

Datakjelder for arbeidskostnadene har endra seg over tid. I starten blei dei berekna med utgangspunkt i dei årlege tariffoppgjerane og NHO sin statistikk over gjennomsnittleg timeforteneste. I 1999 gjekk vi over til å bruke SSB sin egen lønsstatistikk. I 2018, frå og med augustindeksen, tok vi i bruk data frå SSB kvartalsvise arbeidskraftskostnadsindeks med basis i a-ordninga.

Det er brot i tidseriane for Byggjekostnadsindeksen for bustader i januar 2000, i forbindelse med overgangen til nytt vektgrunnlag. Byggjekostnadsindeksen for rekkjehus blei lagt ned. Samtidig starta publiseringa av ein ny delindeks for grunnarbeid.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Spørjeskjemaet er utforma slik at det går fram kva pris oppgåvegjevaren har rapportert dei føregåande månadene. Dette skal sikre at det er prisen på den same vara som vert oppgitt ved kvar innsamling. Denne løysinga kan imidlertid leggje til rette for at oppåvegjevarar av praktiske omsyn unnlet å innrapportere prisendringar, og berre fyller ut prisar frå den førre månaden. Det vert utført manuelle kontrollar for å identifisere dei mest opplagte feila av denne typen. Dersom ei vare oppgåvegjevaren har rapportert tidlegare har gått ut eller er utselt, og ein rapporterar prisen på ei anna vare, skal dette vere kommentert på baksida av skjemaet eller under kolonna: "Bedriftens varebeskrivelse". Unnlet oppgåvegjevar å gjera dette, kan prisforskjellen på to ulike produkt verte registrerte som ei prisendring når endringa er under +/- 15 prosent. Omfanget av denne typen feil er ukjent.

Fråfall. Det totale fråfallet er på om lag 1 prosent. Det partielle fråfallet er lite, men ikkje målt eksakt. Dersom ei bedrift ikkje sender inn prisar ein månad eller ikkje oppgir pris på ei eller fleire varer, gir ein desse varene ei prisendring lik gjennomsnittleg prisendring for heile landet for desse varene.

Utvalet av varer og tenester vert oppdatert kvart tiande år for å få inn nye produkt. I tillegg skiftar ein produkt fortløpande dersom ein prisrapportør ikkje lenger fører produktet. Det er ikkje gjort utrekningar av utvalskjeivheita i byggjekostnadsindeksane.

Nokre prisrapportørar gir listeprisar. Det tyder at vi i ein viss grad misser prisendringar som skuldast endringar i rabattstrukturane.

Priseffektar som skuldast endringar i relative prisar. Prisforholdet mellom ulike varer og tenester vert endra over tid.

Utilfredsstillande handsaming av kvalitetsendringar.

Statistisk sentralbyrå har ikkje sett i verk separate utrekningar av betydninga av desse målefeila i byggjekostnadsindeksane.

Revisjon

Alle innkomne spørjeskjemaer gjennomgås for moglege feil og avvik.  Prisendringar utover +/- 15 prosent vert alltid sjekka, om nødvendig med oppgåvegjevaren.