Rekordhøge straumprisar drog opp årsveksten i KPI

Publisert:

Veksten i konsumprisindeksen (KPI) enda på 2,7 prosent i 2018. Det var særleg høge straumprisar som bidrog til årsveksten. Årsveksten i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) var 1,6 prosent.

Figur 1. Årsvekst KPI, KPI-JAE, KPI-JE, elektrisitet inkludert nettleige, drivstoff og smørjemiddel

2017 2018
Drivstoff og smørjemiddel 6.8 7.9
Elektrisitet inkludert nettleie 9.3 25.6
Totalindeks KPI-JE 1.5 1.8
Totalindeks KPI-JAE 1.4 1.6
Totalindeks KPI 1.8 2.7

Årsveksten i KPI totalt enda på 2,7 prosent i 2018. Dette er 0,9 prosentpoeng høgare enn årsveksten i KPI i 2017.

Det var først og fremst elektrisitetsprisane som sto bak årsveksten i KPI i 2018, men og oppgang i drivstoffprisane bidrog. Energiprisane kan svinge mykje, og både straum- og drivstoffprisane svingar i takt med faktorar som ikkje berre har med norsk økonomi å gjere. Prisen på olje settast i den internasjonale marknaden, og straumprisane vert påverka av både vêrtilhøva innanlands og andre faktorar som prisar på kol, gass og CO2-utslepp i Europa.

Auka gap mellom KPI og KPI-JAE

Den underliggjande prisveksten målt ved endringa i KPI justert for avgiftsendringar og utan energivarer (KPI-JAE) hadde i 2018 ein årsvekst på 1,6 prosent i 2018, opp 0,2 prosentpoeng frå 2017. Ei dekomponering av KPI-JAE etter konsumgrupper viser at auka i den underliggjande årsveksten frå 2017 til 2018 skuldast i hovudsak prisane på matvarer og alkoholfrie drikkevarer, som hadde ein årsvekst på 2,5 prosent i 2018.   

Differansen mellom årsveksten i KPI og KPI-JAE enda med dette på heile 1,1 prosentpoeng i 2018. Dette er det største gapet mellom årsvekstane som er målt på åtte år, og er ein effekt av det kraftige bidraget frå energivarene på veksten i KPI. Bidraget frå energivarene var betydeleg for konsumprisveksten i 2018, noko som skuldast både den høge prisveksten samt den vesentlege vekta enkelte av desse varene har i KPI.

Vidare bidrog og avgiftsauke mellom 2017 og 2018 til differansen mellom KPI og KPI-JAE. Haldast energivarene utanfor KPI (KPI-JE) enda årsveksten på 1,8 prosent i 2018. Energiprisane bidrog dermed til å løfte KPI-veksten med 0,9 prosentpoeng, medan resten av løftet kom frå avgiftene.

Rekordhøgt nivå på straumprisane i KPI

Den mest sentrale rolla bak prisveksten i energivarene, og følgeleg i KPI totalt, spelte straumprisane. Straumprisane har ikkje hatt ein liknande årsvekst sidan 2006 og enda på eit rekordhøgt nivå i 2018.

Gjennom heile året var den løpande prisveksten for straumprisane høg, og rekorden vart målt i august då tolvmånadersveksten  viste ei nesten dobling i prisane. Samla resulterte denne utviklinga saman med nettleiga i ein årsvekst på 25,6 prosent i prisane på elektrisitet inkludert nettleige frå 2017 til 2018.

Figur 2. Utvikling i indeksane KPI og elektrisitet inkludert nettleige. 2015=100

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018
Elektrisitet inkludert nettleie 54.2 69.3 68.2 93.2 85.1 83 106.2 83.4 105.9 102.3 124.1 118.6 96 111.5 103.8 100 122.2 133.6 167.8
KPI 75.5 77.7 78.7 80.7 81 82.3 84.2 84.8 88 89.9 92.1 93.3 93.9 95.9 97.9 100 103.6 105.5 108.4

Den lange og kalde vinteren i starten av 2018, med store snømengder og lite nedbør medførte auka kraftforbruk samstundes som fyllingsgraden i kraftmagasina sank. Dette bidrog til høge kraftprisar i starten av året.

Vidare bidrog ein nedbørsfattig vår og ein svært tørr og varm start på sommaren til at prisane forblei på eit høgt nivå. Regnet i august og utover hausten førte til ein betring i kraftsituasjonen, men prisnivået heldt seg framleis godt over nivået på same tid året før, noko som òg vart gjeldande ut året.

Men ikkje berre vêret bidrog til høgare straumprisar i 2018. På sommaren var det redusert aktivitet i europeiske kraftverk grunna mangel på kjølevatn i sommarvarmen, samstundes som pris på kol og gass samt kostandar knytt til C02-utslepp auka året gjennom. Dette førte til at europeiske straumprisar steig jamt gjennom året og bidrog og til dei høgare norske kraftprisane.

Figur 3. Utvikling i indeks for elektrisitet inkludert nettleige for åra 2015-2018. 2015=100

Jan. Feb. Mars April Mai Juni Juli Aug. Sep. Okt. Nov. Des.
2015 110.7 108.9 104.8 103.2 99 91.3 86.4 89.9 93.1 102.2 107.1 103.4
2016 124 113.1 115.7 116 116.4 119.7 120 118.3 119.5 130 140.7 133.2
2017 133.7 134.5 133.6 132.6 131.8 127 128.7 129.4 134.9 131.4 142 143.8
2018 148.5 156.4 163.7 157.8 151.1 166 176.3 178.4 178 171.2 180 186.7

Drivstoffprisane betydeleg opp

Drivstoffprisane var ein annan energikomponent som bidrog til årsveksten i KPI. Prisane på drivstoff og smørjemiddel samla auka med 7,9 prosent frå 2017 til 2018. Sjølv om både diesel- og bensinprisane viste oppgang, var det dieselprisane som hadde den største prisauken. Prisane på drivstoff hadde ein stigande trend frå starten av året og fram til november, men året avslutta med at det vart målt ein markant prisnedgang på både diesel og bensin i desember. Høgare drivstoffprisar i 2018 må sjåast i samanheng med utviklinga i oljeprisen og internasjonale drivstoffprisar, samt sterk dollarkurs.

Les artikkelen «Langt mer enn oljeprisen påvirker bensinprisene» for meir informasjon om kva som påverkar drivstoffprisane og om forholdet mellom internasjonal oljepris og norske pumpepriser.

Kontakt