I 2011 var det 19,2 millionar overnattingar ved norske hotell. Det svarer til ein auke på 4 prosent samanlikna med året før.
Samanlikna med 2010 gjekk omsetninga for hotella opp med 7 prosent i 2011, frå 10,7 milliardar til 11,4 milliardar. Prisen per rom steig frå 859 til 866 kroner.
Både norske og utanlandske overnattingar gjekk i 2011 opp med 5 og 2 prosent, samanlikna med året før. Kurs- og konferanseovernattingar, samt yrkesovernattingar, gjekk opp med høvesvis 1 og 4 prosent i same periode, medan ferie- og fritidsovernattingar auka med 5 prosent.
Av dei største utanlandske marknadene gjekk talet på overnattingar opp for Sverige og Storbritannia, for Tyskland og Danmark minka dei.
Talet på campingovernattingar gjekk ned med 2 prosent, frå 8,3 millionar til 8,1 millionar overnattingar, frå 2010 til 2011. Norske og utanlandske campingovernattingar gjekk ned med høvesvis 2 og 4 prosent.
Når det gjeld talet på hyttegrendovernattingar, fall det med 6 prosent i 2011 i høve til 2010. Det var 18 000 færre norske og heile 82 000 færre utanlandske hyttegrendovernattingar i 2011 samanlikna med 2010.
I desember 2011 var det 1,2 millionar overnattingar ved norske overnattingstader. Dette er ein auke på 0,4 prosent samanlikna med året før. Hoteller og andre overnattingsbedrifter gjekk opp, frå 969 000 til 990 000 overnattingar1. Campingplassar og hyttegrender hadde ein nedgang i talet på overnattingar, på høvesvis 4 og 13 prosent.
Totalt sett steig talet på norske overnattingar med 3 prosent i desember 2011, frå 963 000 til 989 000 overnattingar. Utanlandske overnattingar gjekk i same periode ned med 8 prosent.
| 1 | Tall ble rettet 3. februar 2012 kl. 1355. |
Frigitt 3. februar 2012 © Statistisk sentralbyrå