245679
245679
Streiken ga færre hotellovernattingar
statistikk
2016-07-01T10:00:00.000Z
Transport og reiseliv;Svalbard
no
overnatting, Overnattingar, hotell, hyttegrender, campingplassar, vandrarheimar, gjestene sin nasjonalitet, kapasitetsutnytting, sengeplassar, hotellrom, romprisar, omsetning, ferieovernattingar, kursovernattingar, yrkesovernattingar, SvalbardReiseliv, Transport og reiseliv, Transport og reiseliv, Svalbard
true

Overnattingarmai 2016

Innhald

Publisert:

Neste publisering:

Streiken ga færre hotellovernattingar

Hotellstreiken i mai 2016 medverka til ein nedgang på 6 prosent i talet på overnattingar samanlikna med den same månaden i 2015. Losjiomsetninga gjekk ned 4 prosent.

Overnattingar, etter overnattingsmåte og månad
Mai 2016Overnattingar hittil i år
Overnattingar i altNorske overnattingarUtenlandske overnattingarMai 2016
Overnattingar i alt2 467 6701 809 066658 60410 328 536
 
Hotell og liknande overnattingsbedrifter1 628 0991 145 596482 5037 785 144
Campingplassar649 027574 07274 9551 401 670
Hyttegrender162 10672 98289 1241 030 449
Vandrarheimar28 43816 41612 022111 273
Figur 1. Hotell og liknande overnattingsbedrifter. Overnattingar, etter gjestane sitt bustadland

Det var 1,63 millionar hotellovernattingar i årets femte månad. Talet på norske hotellovernattingar gjekk ned 9 prosent til 1,15 millionar i mai 2016. Talet på utanlandske hotellovernattingar gjekk derimot opp med 3 prosent frå mai i fjor til 483 000 i mai i år.

Talet på ferieovernattingar, kurs- og konferanseovernattingar samt yrkesovernattingar gjekk ned høvesvis 7, 6 og 4 prosent frå mai i fjor. I mai 2016 var 47 prosent av overnattingane knytte til ferie og fritid.

Sett i høve til mai 2015 gjekk losjiomsetninga på hotella ned med 4 prosent, frå 1 090 millionar til 1 047 millionar kroner. Gjennomsnittsprisen per rom var 9 kroner lågare enn i fjor og var 911 kroner i mai i år.

Færre overnatta på campingplasser i mai

• 649 000 campingovernattingar i mai 2016

• 1 prosent nedgang sidan mai 2015

• Norske overnattingar gjekk ned 1 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk ned 1 prosent

Færre overnattingar på hyttegrendene

• 162 000 hytteovernattingar

• 0,5 prosent færre enn i mai 2015

• Norske overnattingar gjekk ned 6 prosent

• Utanlandske overnattingar gjekk opp 5 prosent

Færre overnattingar på Svalbard

• 12 000 overnattingar på Svalbard

• 1 prosent færre enn i mai 2015

• 52 prosent av overnattingane var ferie- og fritidsovernattingar

Streiken gjer tala for kapasitet usikreÅpne og lesLukk

SSB er heilt avhengig av rett informasjon om tilgjengeleg kapasitet og talet på dagar som overnattingsverksemda har vore open. Det er særleg viktig i ei tid der mange overnattingsverksemder har vore heilt eller delvis råka av streik. Tal som SSB har motteke for mai 2016, viser at det er mange som korkje har korrigert dagar opne eller kapasitet. SSB har henta inn informasjon og redusert talet på dagar verksemda var open for dei som var heilt stengde. Det har elles ikkje vore mogleg å finne ut kor mange rom som i praksis var delvis ute av drift grunna streiken. Ein må difor vere varsam med bruk og tolking av kapasitetsrelaterte tal for streikemånadene.

Asylsøkarar er ikkje med i overnattingsstatistikkenÅpne og lesLukk

SSB har fått melding om at fleire overnattingsverksemder er disponerte til å huse flyktningar i samband med flyktningekrisa. Desse verksemdene er ikkje med i overnattingsstatistikken når det gjeld den delen av aktiviteten som er knytta til losjering av flyktningane.