136538_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
136538
Reduksjon i oljeskatten
statistikk
2014-03-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i oljeskatten

Ved utgangen av februar var det innbetalt 146,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på knapt 1,2 prosent, eller 1,8 milliardar kroner, sett i høve til den same perioden i fjor. Bakgrunnen for den låge veksten er ein nedgang i skatteinntektene frå petroleumsverksemda.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Februar 2013Februar 2014Februar 2013Februar 2014
I alt144 625146 3812,21,2
Ordinær skatt til staten5 0665 108-6,20,8
Ordinær skatt på oljeutvinning13 24811 892-4,8-10,2
Særskatt på oljeutvinning22 25019 214-2,5-13,6
Fellesskatt til staten43 10347 9061,611,1
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)3 4923 6036,73,2
Ordinær skatt til primærkommunen16 54617 0119,12,8
Medlemsavgift til folketrygda14 08514 4284,22,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda26 79927 0099,60,8
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar36211-93,2486,1
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar-februar

Til no i år har petroleumsverksemda betalt 31,1 milliardar kroner i skatt. Det er ein reduksjon på 12,4 prosent, eller 4,4 milliardar kroner, jamført med dei to første månadene i fjor. 11,9 milliardar kom frå ordinær skatt på olje, og 19,2 milliardar kroner skreiv seg frå særskatt på oljeinntekter. Desse to kategoriane falt såleis med høvesvis 10,2 prosent og 13,6 prosent frå i fjor. Litt av årsaka til den låge innbetalinga, spesielt i siste halvåret av 2013, er ein reduksjon i terminskatten som er skriven ut for 2013, jamført med 2012.

Auke i skatt utanom kontinentalsokkelen

Frårekna kontinentalsokkelen har skatteinntektene stige med 6,1 milliardar kroner, eller 5,6 prosent, jamført med det same tidsrommet i fjor. Dei totale skatteinntektene utanom kontinentalsokkelen utgjorde dermed 115,3 milliardar kroner. Personlege skattytarar inkludert arbeidsgivaravgift hadde betalt inn 83 milliardar kroner ved slutten av februar. Dette er ein oppgang på 2,4 prosent frå i fjor. Om vi utelèt skatteinnbetalingane frå kontinentalsokkelen, ser vi at upersonlege skattytarar bidrog med 32,1 milliardar kroner, som er ein oppgang på 14,8 prosent samanlikna med den same perioden i fjor. Dette heng saman med høgare innbetalingar av fellesskatt til staten.

Meir skatt til statsforvaltninga

Statsforvaltninga hadde teke imot 53 milliardar kroner i skatt ved slutten av februar, og har såleis hatt ein auke på 10,1 prosent frå same perioden i fjor. Kommuneforvaltninga fekk ein mindre auke på 2,9 prosent frå i fjor, med ei samla skatteinntekt på 20,6 milliardar kroner for perioden. Til folketrygda blei det betalt til saman 41,4 milliardar kroner, som er ein svak auke på 1,4 prosent frå den same perioden året før.