132569_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
132569
Låg skatteinnbetaling frå oljenæringa
statistikk
2013-11-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Låg skatteinnbetaling frå oljenæringa

Ved utgangen av oktober var det betalt 718,4 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 3,2 prosent, eller 22,2 milliardar kroner, sett i høve til fjoråret. Den låge veksten kjem for ein stor del av ein reduksjon i skatteinntektene frå petroleumsverksemda.

Skatterekneskapsstatistikk. Innbetalt og fordelt skatt. Akkumulert. Millionar kroner og prosent.
Innbetalt og fordelt skatt hittil i årProsentvis endring fra fjoråret
Oktober 2012Oktober 2013Oktober 2012Oktober 2013
I alt696 200718 4178,63,2
Ordinær skatt til staten23 75425 00225,75,3
Ordinær skatt på oljeutvinning71 95268 64813,5-4,6
Særskatt på oljeutvinning119 135113 74514,7-4,5
Fellesskatt til staten160 110168 3443,05,1
Ordinær skatt til fylkeskommunen (inkl. Oslo)20 60821 9648,06,6
Ordinær skatt til primærkommunen96 720103 4927,27,0
Medlemsavgift til folketrygda85 23189 8627,45,4
Arbeidsgjevaravgift til Folketrygda115 980124 6896,57,5
Skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar2 7122 67027,4-1,5
Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober

182,4 milliardar kroner har kome frå petroleumsverksemda hittil i år. Det er ein reduksjon på 4,5 prosent, eller 8,7 milliardar kroner, jamført med i fjor. 113,7 milliardar kroner kom frå særskatt på oljeinntekter og 68,7 milliardar kom frå ordinær skatt på olje. Desse to kategoriane falt såleis med høvesvis 4,5 og 4,6 prosent frå i fjor. Lågare skatteinnbetalingar frå oljenæringa i 2013 har dels samanheng med lågare estimert terminskatt på oljeinntekter for 2013, sett i høve til 2012.

Skatteinntektene frårekna oljeskattar auka med 6,1 prosent

Frårekna kontinentalsokkelen har skatteinntektene auka med 30,9 milliardar kroner, eller 6,1 prosent, jamført med i fjor. Dei totale skatteinntektene utanom kontinentalsokkelen for perioden januar-oktober, utgjorde dermed 536 milliardar kroner.

Størst prosentvis auke for kommuneforvaltninga og folketrygda

193,3 milliardar kroner blei betalt til statsforvaltninga i form av fellesskatt til staten, i tillegg til skatt på inntekt og formue. 214,6 milliardar blei betalt til folketrygda og 125,4 milliardar blei betalt til kommuneforvaltninga. Skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar stod for 2,7 milliardar. Det er kommuneforvaltninga og folketrygda som har vokse mest, med høvesvis 6,9 prosent og 6,6 prosent. Statsforvaltninga fekk 5,2 prosent meir jamført med same periode i fjor.