Innhald
Om statistikken
Administrative opplysingar
-
Namn og emne
-
Namn: Kyrkelege fellesråd, rekneskap
Emne: Offentlig sektor
-
Neste publisering
-
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for offentlige finanser
-
Regionalt nivå
-
Innhenting av rekneskapane for alle kyrkjelige fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.
-
Kor ofte og aktualitet
-
Årleg, seks eller sju månader etter utgangen av rekneskapsåret.
-
Internasjonal rapportering
-
Inngår i makroøkonomisk rapportering.
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
Mikrodata lagras i database.
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Statistikken vart fyrste gong innhenta for året 1997. I 2004 gjekk fellesråda og sokneråda over til å føre rekneskapane etter ny kontoplan.
-
Brukarar og bruksområde
-
Dei viktigaste brukarane er Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD), Den norske kyrkje og Kyrkjeforskning (KIFO) og Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon.
Totaltala inngår i nasjonalrekneskapen.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Rekneskapane nyttast i nasjonalrekneskapen og i internasjonal rapportering.
-
Lovheimel
-
Kyrkjeloven av 7. juni 1996, samt forskrift om Økonomiforvaltningen for kirkelige fellesråd og menighetsråd i Den norske kirke av 25.september 2003.
-
EU-regulering
-
Ingen
Produksjon
-
Omfang
-
Innhentinga omfattar alle kyrkjelege fellesråd, og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.
-
Datakjelder og utval
-
Rekneskapane rapporterast frå fellesråda og frå sokneråda.
Innhentinga omfattar alle fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.
-
Datainnsamling, revisjon og berekningar
-
Data vert henta inn gjennom filuttrekk frå rekneskapssystema eller ved utfylling av elektronisk skjema. Det er berre elektronisk rapportering. Frist for innsending er 15. mars i året etter rekneskapsåret. Mange fellesråd og sokneråd held ikkje fristen.
Ved filuttrekk og elektronisk skjema vert det gjort kontrollar før innsending og i SSB sitt datamottak. I tillegg vert alle rekneskap sjekka for ulogiske samanhengar av SSB.
I publiseringa vert det gjort berekningar for å hanskas med manglande rekneskapar. Me baserar berekninga på innbyggjartal for dei fellesråda som ikkje har rapportert.
-
Konfidensialitet
-
Ikkje aktuelt
-
Samanlikningar over tid og stad
-
Endringar i rekneskapsføringa frå 2004 gjer at samanlikningar på detaljert nivå kan verta unøyaktige.
Omgrep
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Tabellane byggjar på rekneskapsoppstillingane i forskrift om Økonomiforvaltningen for kirkelige fellesråd og menighetsråd i Den norske kirke. Detaljnivået kan vere noko annleis.
-
Standard klassifikasjonar
-
Ingen
Feilkjelder
-
Feilkjelder og uvisse
-
Feil kan oppstå før innsending, ved filuttrekk frå rekneskapssystema, og ved feil registrering ved manuell utfylling av skjema.
Både blant fellesråda og sokneråda er det manglande innsending av rekneskap. Det korrigerast for i SSB (sjå punkt 3.6), men kan likevel føre til unøyaktigheiter i tala.
Ikkje aktuelt
Ikkje aktuelt
