Over 500 milliardar kroner i samla skatteinnbetalingar

Publisert:

Hittil i år er det betalt inn 508 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er om lag 11 milliardar meir enn det som vart betalt i den same perioden i fjor.

 

Ifølgje skatterekneskapen står dei personlege skattytarane så langt i år for 411 milliardar kroner, eller om lag 81 prosent av dei samla skatteinnbetalingane. Bidraget deira har auka med 6,5 milliardar kroner jamført med dei sju fyrste månadene i 2016. Samstundes har dei upersonlege skattytarane utanom oljeselskapa auka skatteinnbetalingane sine med 14 milliardar.

Innbetalingane til stats- og kommuneforvaltninga har auka med til saman 16 milliardar kroner samanlikna med den same perioden i fjor. Dette svarar til ein auke på høvesvis 7,2 prosent og 3,7 prosent. Folketrygda har hittil i år motteke 196 milliardar kroner, som svarar til ein auke på 4,7 milliardar jamført med i fjor.

Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juli akkumulert. Prosentvis endring
Figur 1. Skatteinngangen fordelt på fylke. Januar - juli akkumulert. Prosentvis endring
2016-2017 2015-2016
Sum fylker unnateke kontinentalsokkelen 4.7 2.4
Finnmark 4.5 2.6
Troms 5.4 7.6
Nordland 6.4 4.7
Nord-Trøndelag 3.3 3.5
Sør-Trøndelag 1.3 4.0
Møre og Romsdal 0.8 -1.3
Sogn og Fjordane 4.0 2.6
Hordaland 2.0 1.0
Rogaland -5.6 2.4
Vest-Agder -4.8 1.8
Aust-Agder 2.3 2.3
Telemark 6.1 1.3
Vestfold 1.6 3.7
Buskerud 2.7 2.1
Oppland 2.7 2.5
Hedmark 3.0 4.2
Oslo 16.5 0.5
Akershus 3.9 4.2
Østfold 2.9 5.8

 

 

Kontakt