944 milliardar kroner betalt inn i 2019

Publisert:

I 2019 vart det betalt inn 944 milliardar kroner i skatt. Det svarar til ein auke på 7,6 prosent samanlikna med 2018.

Ved slutten av 2019 utgjer dei samla skatteinnbetalingane 944 milliardar kroner, 67 milliardar meir enn i 2018. Innbetalingane har auka i alle skatteartar. Medan skattane som vert svara av inntekt og formue frå fastlands-Noreg i det store og heile endrar seg gradvis, er skatteinnbetalingane frå petroleumssektoren i større grad avhengige av olje- og gassprisane. Desse kan på kort sikt svinge kraftig og påverke overskotet til oljeselskapa, og i sin tur påverke skattane som vert betalte inn til staten. Skatteinnbetalingane på utvinning av petroleum var i 2019 dei høgaste sidan 2014.

Store delar av skattane vart betalt inn til folketrygda og staten

Medrekna petroleumsskattar gjekk nesten fire femdelar av dei samla skatteinnbetalingane i 2019 til staten og folketrygda. Ein dryg femdel gjekk til kommuneforvaltninga.   

Figur 1. Samla skatteinnbetalingar fordelt på art ved utgången av 2019. Prosent

Prosent
Ordinær skatt og fellesskatt til staten (inkludert skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar) 29.0
Ordinær skatt og særskatt på utvinning av petroleum 14.1
Ordinær skatt til fylkeskommunane (inkludert Oslo) 3.7
Ordinær skatt til primærkommunane 18.0
Medlems- og arbeidsgjevaravgift til folketrygda 35.1

Figur 2 viser innbetalingane til primærkommunane fordelt på fylka i landet. 29 milliardar kroner vart betalt inn til Oslo kommune i 2019. Til kommunane i Akershus og Hordaland vart det betalt inn 24 og 17 milliardar kroner, høvesvis. Innbetalingane til kommuneforvaltninga sett under eitt auka med nesten 5 prosent i 2019 jamført med 2018.

Figur 2. Ordinær skatt til primærkommunane i 2019, fordelt på fylke

Fylke Milliardar kroner
Østfold 7.982
Akershus 23.720
Oslo 29.417
Hedmark 5.020
Oppland 5.082
Buskerud 8.750
Vestfold 7.152
Telemark 4.751
Aust-Agder 3.069
Vest-Agder 5.103
Rogaland 15.852
Hordaland 16.670
Sogn og Fjordane 3.233
Møre og Romsdal 7.657
Trøndelag 13.154
Nordland 6.735
Troms Romsa 4.761
Finnmark Finnmárku 2.012

Figur 3 viser at personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift betalte drygt tre firedelar av dei samla skattane i 2019. I 2008 utgjorde denne delen i underkant av 60 prosent. Dei upersonlege skattytarane utanfor petroleumssektoren har over tid bidrege med omkring ein tidel, inkludert i 2019. Skatt på utvinning av petroleum, som i 2008 utgjorde nesten ein tredel av dei samla innbetalingane, stod for knapt 14 prosent i 2019.

Figur 3. Samla skatteinnbetalingar fordelt på skattytar (renter ikkje medrekna)

2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019
Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift 59.2 66.8 67.9 64.0 64.3 67.7 70.9 78.5 85.5 81.4 78.1 76.4
Upersonlege skattytarar (ikkje medrekna petroleumsskatt) 9.2 9.5 10.1 10.1 8.8 8.8 8.8 8.5 9.1 10.5 9.3 9.5
Skatt på utvinning av petroleum 31.7 23.8 22.0 25.8 26.9 23.5 20.3 13.0 5.4 8.0 12.6 14.2

 

Kontakt