877 milliardar kroner innbetalt i 2018

Publisert:

I 2018 vart det betalt inn 877 milliardar kroner i skatt. Det svarar til ein auke på over 8 prosent frå 2017.

Ved årsslutt er det betalt inn 67 milliardar kroner meir enn i 2017. Det har vore auke i nesten alle skatteartar, med unntak av fellesskatt til staten. Dette kan sjåast i samanheng med ein gradvis reduksjon av skattesatsen på alminneleg inntekt for personlege skattytarar under Solberg-regjeringa. Samtidig har trinnskatten gradvis blitt auka for å utlikne provenytapet frå nemnde lette.

Petroleumssektoren påverkar sterkt

Vidare kan 45 av dei totalt 67 milliardane i auka innbetalingar sporast til petroleumssektoren. Som vanleg er i finansane til norsk offentleg forvalting, har petroleumsskattane sterk påverknad på pengestraumane. I takt med fallande petroleumsprisar sidan sumaren 2014, søkk også skattane frå petroleumssektoren. Store delar av 2018 har på si side vore prega av stigande oljepris, og petroleumsskattane utgjer ved årsslutt nesten 13 prosent av dei samla innbetalingane. Dei siste 10 åra sett under eitt har denne delen vore fallande, og i takt med denne reduksjonen har dei personlege skattytarane tilsvarande auka deira bidrag.

Bidraget frå dei upersonlege skattytarane utanom petroleumssektoren på si side utgjer ved årsslutt drygt 9 prosent av dei totale innbetalingane. Storleiken på desse innbetalingane varierer mykje mindre enn innbetalingane frå petroleumssektoren, og har dei siste 10 åra utgjort om lag ein tidel av dei samla skattane.

Figur 1. Fordeling av samla skatteinnbetalingar

Samla skatt på utvinning av petroleum Upersonlege skattytarar ikke medrekna skatt på utvinning av petroleum Personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift
2008 31.7 9.2 59.2
2009 23.8 9.5 66.9
2010 22.1 10.1 68.0
2011 25.8 10.1 64.0
2012 26.9 8.8 64.2
2013 23.5 8.8 67.6
2014 20.3 8.8 70.9
2015 13.0 8.5 78.4
2016 5.4 9.1 85.4
2017 8.0 10.5 81.3
2018 12.6 9.3 78.0

Kontakt