11.01 - Verdipapir, kredittindikatorar og pengemengd
Til og med 2006 blei statistikken publisert kvartalsvis og årleg i Dagens statistikk. I perioden 2007 - 2010 ble statistikken publisert månadleg. Frå og med 2010 blir statistikken publisert kvartalsvis med tilleggsopplysningar kvart halvår og årleg i Dagens statistikk. Kvartals- og halvårsstatistikken blir publisert 5 veker etter slutten på statistikkperioden mens årsstatistikken blir publisert i mai.
Heile landet.
940 - Seksjon for finansmarkedsstatistikk
Statistikkloven § 2-2
Rettsakt 2223/96
Ikkje relevant
Bidra med tal til nasjonalregnskapen og til tilsyn med kredittmarknaden samt publisere aktuell statistikk over verdipapirmarknaden. Det finst tal for beløp tilbake til 1899 for ihendehavarobligasjonsgjelda. For emisjonar av obligasjonar finst det tal for beløp frå 1914. Nominell rente på obligasjonar finst tilbake til år 1900. For sertifikatgjeld og emisjonar av sertifikat finst det tal for beløp tilbake til 1985. For emisjonar i utlandet utførte av innanlandske låntakarar finst det tal for beløp tilbake til 1988. T.o.m. 2006 blei det kun publisert opplysningar om beløp. F.o.m. 2007 vart statistikken lagt ut i eit nytt oppsett der det også blir gitt opplysningar om talet på emisjonar som følgje av at statistikken vart samordna med Noregs Banks statistikk "Verdipapirer, emisjonsstatistikk for obligasjoner og sertifikater". Samtidig vart Noregs Banks publisering av sistnemde statistikk ikkje lengre publisert. Det finst opplysningar om talet på emisjonar av obligasjonar og sertifikat i Noreg frå 1998 og talet på emisjonar i utlandet frå 2001.
Verdipapirmarknadsstatistikk, kredittmarknadsstatistikk, kredittindikatorar og nasjonalrekneskapen.
Kvart kvartal blir det gitt ei oversikt over emitterte beløp og uteståande gjeld for alle VPS-registrerte obligasjonar og sertifikat skrivne ut i Noreg av norske og utanlandske låntakarar. Det blir og gitt ei oversikt over emisjonar i utlandet som norske låntakarar har. Denne oversikta gjeld emisjonar i utlandet om er rapporterte til Statistisk sentralbyrå. Kvart halvår blir det publisert særskilte tabellar ut frå det same datagrunnlaget som viser både talet på emisjonar og emisjonsvolum.
Årsstatistikken for obligasjonar inneheld sektorfordelte tabellar med informasjon om årlege emisjonar, avdrag og uteståande gjeld, samt gjennomsnittleg nominell rente på emisjonar og uteståande gjeld. Vidare inneheld han ein tiårig serie over uteståande obligasjonsgjeld til pålydande og marknadsverdi samt ein tiårig serie over emisjonar. I tillegg blir det offentleggjort ein årleg oversikt over alle uteståande enkeltlån med informasjon om verdipapirnummeret på lånet, namnet og sektoren til låntakaren, rente, utskrivings- og innfriingår, garantitype og opplysningar om lånet er konvertibelt.
Innanlandske låneopptak: Verdipapirsentralen (VPS).
Verdipapirlån tatt opp av innlendinger i utlandet: Skjema RA-0622 med opplysningar frå emittentane til Statistisk sentralbyrå.
Statistikken er basert på ei totalteljing.
Uttrekk frå data frå Verdipapirsentralen blir overførte elektronisk til SSB. I tillegg får vi oversikter frå emittentar på eit skjema RA-0622 om obligasjonar og sertifikat som blir ferda ut i utlandet av norske låntakarar.
Opplysningar frå VPS og emittenter om obligasjonar og sertifikat og uteståande gjeld blir kontrollerte mot opplysningar frå bedrifts- og føretaksregisteret. Opplysningar om lån i utlandet blir også kontrollerte mot data rapporterte til BIS og andre internasjonale registre. Uteståande gjeld blir dessutan avstemt mot opplysningar om uteståande gjeld i ulike rekneskapsstatistikkar i SSB.
Det blir gjort berekningar av gjennomsnittlege nominelle rentesatsar på uteståande gjeld ved å vekte med uteståande gjeld og å bruke nominell rente per 31.12. Tilsvarande blir det berekna ein vekta gjennomsnittleg emisjonsrente med opprinneleg rente på emisjonstidspunktet.
Ikkje relevant.
Obligasjonslån er langsiktige lån (løpetid vanlegvis over eitt år) som utan samtykke frå låntakaren kan delast på fleire långivarar i form av standardiserte partialobligasjonar. Ein obligasjon er eit fritt omsetjeleg verdipapir. Partialobligasjonar lagde ut i Noreg omfattar mellom anna statsobligasjonar, premieobligasjonar, kommunale og fylkeskommunale obligasjonar og andre obligasjonar skrivne ut til ihendehavar, medrekna obligasjonar lagde ut i Noreg av utlendingar.
Sertifikatlån er eit kortsiktig lån med løpetid inntil eitt år.
Avdrag på obligasjonslån er innløysing av obligasjonar. Oppkjøp av eigne obligasjonar for seinare sal eller amortisering er ikkje avdrag.
Utskrivar er den institusjonelle eininga som tek opp lånet og fører det inn i balansen sin (opprinneleg låntakar). Den institusjonelle eininga er ikkje alltid ein eigen juridisk person.
Låntakaren er den institusjonelle eininga som fører lånet i balansen sin. Ved fusjonar, fisjonar og konkursar etc. kan dette vere ein annan enn utskrivaren.
Emisjon er nyteikning av lån.
Med sektor meiner vi institusjonell sektor som kassifiserer institusjonelle einingar i ulike sektorar etter bestemte reglar. Fram til 2012 vart det nytta ein tresifra institusjonell sektorgruppering som bygde på FNs "A System og National Accounts" (SNA) frå 1993 og European System of Accounts” (ESA 95). Frå og med 2012 nyttes ein firesifra kode som møter krava til institusjonell sektorgruppering i EUs nasjonalregnskapsstandard (ESA).
Renta på emisjonar er opprinneleg nominell rente på emisjonstidspunktet, mens renta på uteståande gjeld er nominell rente per 31.12.
Obligasjonar og sertifikat blir skilde i statistikken på grunnlag av CFI-koden, se under for detaljar, som alle lån får. VPS er ansvarleg for denne tildelinga.
Institusjonell sektorgruppering av låntakar fram til 2012 er basert på anbefalingane for nasjonalrekneskapsoppstilling gitt av FN i "A System of National Accounts" (SNA) fra 1993. Institusjonell sektorgruppering av låntakarar frå og med 2012 er basert på krava til institusjonell sektorgruppering i EUs nasjonalregnskapsstandard (ESA).
Verdipapirnummer er det individuelle, unike kjennemerket på lånet. Alle lån får eit verdipapirnummer, medrekna ISIN-nummer i VPS. Dette nummeret følgjer ein internasjonal standard, ISO 6166:2001, for tildeling av registreringsnummer på verdipapir.
CFI er ei forkorting for Classification of Financial Instruments og følgjer standarden ISO 10962:2001. CFI-koden avgjer om lånet er eit sertifikat eller ein obligasjon og inneheld dessutan informasjon om detaljar ved lånet som om det er konvertibelt samt rente- og garantivilkår.
I publikasjonar t.o.m. 2006 og i statistikkbanken er den periodiske fordelinga av emisjonar og uteståande obligasjons- og sertifikatgjeld gjeld t.o.m. 2006 baserte på opplysningar om tidspunktet for godkjenning av lån. Dette tidspunktet kan avvike frå tidspunktet da emisjonane reelt fann stad. Dei periodiske avvika er marginale for totalbeløp, men dei kan vere monalege på sektornivå.
I publikasjonar for perioden 2007 - 2010 er den periodiske fordelinga av emisjonar og uteståande gjeld baserte på ein kombinasjon av opplysningar om tidspunkt for fyrste rentedato og datoen då lånet byrjer å løpe. Dei periodiske avvika mellom reelle og registrerte emisjonstidspunkt for denne perioden er marginale. Frå 2011 er alle tala i tabellar baserte på opplysningar om deu reelle emisjonstidspunkta, som er oppgjersdato for emisjonane, slik at fordelinga på emisjonar og gjeld på periodar skal vere korrekt.
Statistikken over emisjonar i utlandet av norske låntakarar er basert på kva som blir rapportert inn til SSB, direkte frå den enkelte låntakar. Denne kan difor innehalde fråfall dersom ikkje alle oppfyller rapporteringsplikta. På grunn av fråfallsfeil vart tala for norske einingars utferdingar utafor Noreg i januar - juli 2009 i tabell 1 reviderte i samanhang med publisering av statistikken den 2.10.2009.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Den periodiske fordelinga av beløp i statistikkbanken t.o.m. 2006 er basert på opplysningar om tidspunktet for når lån er blitt godkjende. Den periodiske fordelinga av beløp i perioden 2007 - 2010 er basert på ein kombinasjon av opplysningar om tidspunkt for fyrste rentedato og datoen då lånet byrjer å løpe. Den periodiske fordelinga av beløp frå og med 2011 er basert på opplysningar om oppgjersdato for emisjonane.
Innføring av nye sektorar frå 2012 gjer eit et brot i tabellane som høyrer til statistikken. Det er publisert nye statistikkbank- og publiseringstabellar med statistikk som følgjer ny sektorgruppering frå første kvartal 2012 og framover. Eldre statistikkbanktabellar, som har tall etter gammal sektorfordeling, inneheld tall til og med første kvartal 2012.
Viktige endringar i nye sektorgruppering frå og med 2012 i høve til tidlegare gruppering er skift i grensa mellom finansieringsverksemd og anna verksemd og oppretting av nye sektorar: Burettslag, Andre finansielle føretak utanom forsikring, Finansielle holdingselskap og Investeringsselskap og aktive eigarfond / PE-fond). Investerings- og finansieringsselskap og eigarfond som vart rekna som ikkje finansielle føretak tidlegare er no definerte som finansielle føretak slik at finansiell sektor har auka noko i omfang.
Brot i tidsseriar vil ellers kunne førekomme i samband med endringar og justeringar i lovverket som ligg til grunn for statistikken samt på grunn av endringar i regelverket for registreringsplikt i VPS.
Tilpassa til anbefalingar i nasjonalrekneskapen.
Statistikken blir offentleggjort via Dagens statistikk og med tal i statistikkbanken på heimesida til SSB på Internett. Det finst månadsserier med tal både i tabellar til Dagens statistikk og i statistikkbanken. Årleg tidsserie blir publisert i Statistisk Årbok. For tidlegare år (før 2005) finst årsstatistikk for obligasjonar som eit eige hefte i serien bank- og kredittmarknadsstatistikk.
I tillegg finst heftet Norges Offisielle Statistikk, NOS Låne- og verdipapirmarkedet 1992-1998.
Dagens statistikk: www.ssb.no/emner/10/11/obligasjoner
Bank- og kredittmarkedsstatistikk: http://www.ssb.no/emner/10/13/bk/
Tidsseriar er lagra i ei databaseløysing.
2012 © Statistisk sentralbyrå