19431_om_not-searchable
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
19431_om
statistikk
2015-07-07T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
false
Statistikk over avfall fra norske husholdninger. I 2014 ble det kastet 2,3 millioner tonn husholdningsavfall i Norge. En tredjedel av avfallet gikk til materialgjenvinning.

Avfall frå hushalda2014

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Avfall frå hushalda
Emne: Natur og miljø

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for energi-, miljø- og transportstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Anna avfall: Keramikk, porselen, steintøy, asfalt, takpapp/tjørepapp, madrassar, bildekk/gummi, bildekk på felg, fritidsbåtar opptil 15 fot, gips, div ombruk.

Attvinning: Nyttiggjering av avfall i form av materialattvinning eller forbrenning med energiutnytting.

 Attvinningsstasjonar: Betente eller ubetente mottak av avfall, der abonnenten sjølv transporterar avfallet og sorterer det i containerar.

Betong, tegl og anna mineralsk byggavfall: Betong, tegl, leca, lett forurensa massar, forurensa massar, tunge massar, inerte massar og mineralull.

Deponi: Permanent disponeringsstad for avfall ved deponering av avfallet på eller under bakken.

Energiutnytting: Blir berekna ut i frå kor stor del av energien som blir nytta til oppvarming og liknande.

Farleg avfall: Avfall som ikkje hensiktsmessig kan handsamast saman med anna avfall fordi det kan medføre alvorlige forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Impregnert trevirke, spillolje, maling, lim og lakk, sprayflaskar, batteriar m.m.

Glas: Blanda glasemballasje, vindaugsglas (ikkje laminert).  Dersom glas og metall leverast samla, kan mengdene fordelast mellom glas og metall i forholdet 90 % glas og 10 % metall.

EE- avfall: Alt elektrisk og elektronisk avfall som samlast inn i forbindelse med forskrift, samt innsamling av kuldemøblar, kvitevarer som kjøle- og fryseapparat som innehelder klorfluorkarboner (KFK).

Hageavfall: Planterestar (kvist, gras m.v), røter/GROT, jord og bark.

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i ei hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Kommunalt avfall: Hushaldsavfall pluss hushaldsliknande avfall frå næringslivet.

Papp og papir: Blanda papir/papp, kartong/drikkekartong, papp, aviser/tidsskrift og bøker.

Plast: Blanda plastemballasje og blanda plast/ hardplast. Ikkje gummi.

Materialattvinning: Utnytting av avfallet slik at materialet behaldast heilt eller delvis. Eit døme er produksjon av skrivepapir frå innsamla returpapir.

Metallar: Kasserte forbruksvarer og emballasje av jern og metall frå hushald. Gjelder også metallemballasje som er samla inn saman med glas. Ikkje EE- avfall, batteriar, bilvrak eller metallar frå utsortering av botnaske.

Næringsavfall: Avfall frå privat/ offentleg verksemd, t.d. institusjonar, restaurantar, skular, militærleirar mm.

Restavfall: Avfallet som blir att etter at reine materialfraksjonar er utsortert. Restavfall, blanda brennbart avfall, blanda ikkje brennbart avfall, vindauge med karm, avfall frå strandrydding er medrekna. 

Tekstilar: Brukte klær, sko og tilbehør, blanda tekstilar og tepper.

Treavfall: Reint ubehandla trevirke/ blanda trevirke som spon, flis og avkapp, pallar/emballasje og tremøbler.

Utsortert brennbart avfall: Brennbare fraksjonar som er sortert ut for å leverast samla til forbrenning i eit samforbrenningsanlegg. Om dei brennbare fraksjonane leverast til eit vanleg avfallsforbrenningsanlegg, skal det førast som restavfall. Ein forutsetter at det etter utsortering óg vil bli ein rest att som førast på "Restavfall". Utgått kategori f.o.m. 2019. 

Mat og anna våtorganisk avfall: Organisk avfall som lett kan brytas ned i biologiske prosessar. Frå hushalda er det vanlegvis matavfall og våtorganisk avfall som visne blomar, bleier og tørkepapir.

Årsinnbyggjarar: Når det skal bereknast kg per innbyggjar for kommunane blir innbyggjartalet justert for hytter for å kompensere for det ekstra hushaldsavfallet som kjem frå hytterenovasjonen. I snitt blir kvar hytte brukt av fire personar ca. 30 dagar per år. Omrekna utgjer tre hyttar ein ekstra innbyggjar.

 

  

Omgrep knytta til sjølvkost

Direkte driftsutgifter: Arbeid, varar og tenester som kommunen brukar for å yte tenesten. Utgiftene kan direkte  knyttast til den aktuelle tenesten.

Finansiell dekningsgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året, og kommunens gebyrgrunnlag for året. Nøkkeltalet er ein indikator på korleis gebyrinntektene vil utvikle seg i forhold til gebyrgrunnlaget dei neste åra. Nøkkeltalet må sjåast i samanheng med kommunens sjølvkostgrad

Gebyrgrunnlag: Kommunens samla utgifter (direkte og indirekte driftsutgifter og kalkulatoriske kapitalkostnadar) som ligg til grunn for berekning av gebyra.

Henførbare indirekte driftsutgifter: Utgifter som er henført til administrasjon, kontroll eller revisjon.

Kalkulatoriske avskrivningar: Kostnadar ved bruk av varige driftsmidler som brukarane drar nytte av over fleire år, vert fordelt over samme avskrivningsperiode som i årsrekneskapen. Avskrivningane er lineære.

 Kalkulatorisk rentekostnad (alternativkostnad): Eit uttrykk for alternativkostnaden ved å binde opp kapital i dei ulike sektorane.

Sjølvkost: Den totale kostnadsauka ein kommune eller eit selskap har ved å produsere ein bestemt vare eller teneste.

Sjølvkostfond: Kvart sjølvkostområde skal ha sitt eige sjølvkostfond. Differansen mellom gebyrinntekter og gebyrgrunnlag avsettast til eit sjølvkostfond hvis det er overskot, og motreknast mot eit sjølvkostfond hvis det er underskot, føresett at det er vedtatt at det skal vere full kostnadsdekning på gebyrområdet. Det samme gjeld hvis det er vedtatt at ein del av sjølvkost skal dekkast inn av gebyrar betalt av brukarane.

Sjølvkostgrad: Uttrykker forholdet mellom kommunens gebyrinntekter i året og kommunens gebyrgrunnlag for året tillagt avsetning til sjølvkostfond/ dekning av framført underskot eller fratrukket bruk av sjølvkostfond/ framføring av underskot. Nøkkeltalet visar i kva grad kommunen har greidd å dekke kostnadane på sjølvkostområdet med gebyrar betalt av brukarane.

Standard klassifikasjonar

Kommunane er gruppert i 16 grupper, etter folkemengd og økonomiske rammebetingelser. Grupperinga er basert på Langørgen, A., R. Aaberge og E.R. Åserud (2001): Gruppering av kommuner etter folkemengde og økonomiske rammebetingelser 1998. Rapporter 2001/35, Statistisk sentralbyrå.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Kommune – data for alle kommunar som har rapportert tall,  med snitt for kommunegrupper, fylker og landet med Oslo og landet utanom Oslo.   

Kor ofte og aktualitet

Årleg.

Foreløpige KOSTRA- tal publiserast 15. mars.

Reviderte KOSTRA- tal publiserast 15. juni.

Internasjonal rapportering

Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med statistikken er å gje ei oversikt over avfall frå hushalda. Det omfattar mengder avfall samla inn i kommunane, ulike handteringsmåtar og renovasjonsordningar tilbudd innbyggjarane i kommunane. 

Statistikken blei oppretta i 1992, under namnet «Kommunalt avfall». Næringsavfall tatt hand om av kommunal renovasjon var då inkludert i statistikken. I 2001 blei næringsavfallet tatt ut av statistikken, og statistikken skifta namn til «Avfall frå hushalda».

Tal for heile landet er publisert årleg sidan 1992, og bygde på fullteljingar kvart tredje år og utvalsteljingar for åra fram til 2000. Tal for kommunar er publisert kvart tredje år fram til 2000.

Frå 2001 er tal for kommunane publisert årleg og KOSTRA blei tatt i bruk som innrapporteringsportal.

Brukarar og bruksområde

KOSTRA gjer styringsinformasjon om kommunar og fylkeskommunar, til bruk for befolkning og media, kommunane sjølve og for statlege styringsorgan. For hushaldsavfall vil sentrale brukarar vere Miljødirektoratet, Klima- og miljødepartementet, Statsforvaltaren sine miljøvernavdelingar, interesseorganisasjonar og media. Tala inngår i Noregs rapportering av avfallsstatistikk til Eurostat og OECD.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08:00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Mengder hushaldsavfall blir og berekna i Avfallsrekneskapen for Norge. Tala der vil vere noko høgare fordi vraka bilar, heimekompostert matavfall og papir til opptenning er medrekna.

Lovheimel

Opplysingar om avfallsmengder og renovasjonsordningar er samla inn med heimel i forureiningslovens §49. 

Statistisk sentralbyrå nytter oppgåvene til utarbeiding av offisiell statistikk i medhald av lov av 21. juni 2019 nr. 32 om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå § 10.

EØS-referanse

­Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2150/2002 av 25. november 2002 om avfallsstatistikk, og rammedirektivet for avfall (2008/98/EF).

Produksjon

Omfang

Data blir samla inn frå alle kommunar og interkommunale avfallsselskap.

Datakjelder og utval

KOSTRA- skjema 21 Hushaldsavfall: Alle kommunar rapporterer om renovasjonsordningar.

KOSTRA- skjema 21C Hushaldsavfall i interkommunal renovasjon.

KOSTRA- skjema 23 Kostnadsdekning i kommunaltekniske tenester.

KOSTRA- skjema 22 Kommunale gebyrar.

Datainnsamling, editering og beregninger

Data blir rapportert elektronisk ein gong i året gjennom KOSTRA. Frist for rapportering er 15. februar.

Data kontrollerast før innsending ved hjelp av kontrollar i elektroniske skjema. Etter innsending blir det kontrollert for openbare feil og sjekka mot landsgjennomsnitt og fjorårets verdiar.

Kommunane har frist til 15. april med å sende oppretta data etter publiseringa 15. mars. Editering skjer og i regi av SSB, i samråd med kommunane, fram mot publisering av endelege tal 15. juni.

Interkommunale avfallsselskap rapporterer avfallsmengder samla for sine medlemskommunar. Avfallsmengdene for desse kommunane er berekna og fordelt etter innbyggjartal justert for hytteabonnentar. Derfor vil nøkkeltal for nabokommunar som er knytt til felles avfallsselskap vere tilnærma lik. Små skilnader er forårsaka av avrundingsfeil.

Avfallsmengdene blir korrigert ned dersom næringsavfall er innblanda i hushaldsavfallet. Grovavfall som er levert direkte frå hushald til avfallsanlegg eller attvinningsstasjonar blir lagt til der dette ikkje er gjort av oppgåvegivar.

For indikatoren "Husholdningsavfall per innbygger (kommune)" er innbyggjartalet justert opp for hytteabonnentar på kommunenivå. Det blir berekna at fire personar brukar ei hytte ein månad kvart år.

For "Husholdningsavfall per innbygger (fylker og landet)" og " Levert til materialattvinning og biologisk handtering per innbyggjar (fylker og landet)", som brukast for å vise lands- og fylkesgjennomsnitt, er det ikkje justert for hyttar.

Indikatoren "Levert til materialgjenvinning og biologisk behandling per innbygger " er summen av alt avfallet som er sortert ut og levert til materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon.

"Andel husholdningsavfall sendt til materialgjenvinning og energiutnyttelse" seier kor stor attvinningsgraden er for avfallet. Her brukast ein vekta gjennomsnittleg energiutnyttingsgrad for alle avfallsforbrenningsanlegg i landet, og som var 77 prosent i 2010. Berekning: (utsortert mengd avfall sendt til materialattvinning) + (utsortert mengd avfall sendt til forbrenning x 77 prosent) + (mengd restavfall sendt til forbrenning x 77prosent).  

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Statistikk over avfallsmengder kan samanliknast med tilsvarande data attende til 1992. Det bør tas nokre forbehald om samanliknbarheita mellom kommunane. Variasjonane kan skyldast feil i innrapporterte data, skilnader i innsamlingsordningar, ulik moglegheit til å skilje ut næringsavfall og grad av heimekompostering.

KOSTRA- publiseringa omfattar tal f.o.m. 1999, frå det tidspunkt kommunen kom med i KOSTRA. I KOSTRAs prosjektperiode har det vore ein god del endringar i statistikkopplegget, noko som har medført fleire brot i tidsseriar. For hushaldsavfall er 2001 første år med nøkkeltal for alle kommunar i KOSTRA.

Frå og med 2011 er ikkje tekstilar til ombruk lenger rekna som avfall. Tekstilar som samlast inn av UFF og Fretex er derfor ikkje lenger medrekna i avfallsmengdene. Mengda utgjorde i 2010 ca. 1 prosent av totale avfallsmengder.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Nokre få kommunar har store variasjonar i totale avfallsmengder frå år til år. Dette gjeld vanlegvis små kommunar, som ikkje påverkar landstala. Kommunar som viser store avvik blir kontakta. Feil blir retta, men i dei tilfella kor kommunane bekreftar tala, lar vi tala bli ståande. Ein mogleg årsak til variasjonane kan vere at nokre av dei minste kommunane har dårlegare ordning for veiing og registrering av avfallet, og at det delvis rapporterast etter skjønn.

Statistikken er i utgangspunktet ei fullteljing, men det er noko fråfall av einingar. Ved publisering av ureviderte tal 15. mars er fråfallet på om lag 5 prosent, medan det er på om lag 2 prosent ved publiseringa av reviderte tal 15. juni.

For avfallstypane EE-avfall og Farleg avfall er det berre tatt med det som samlast inn av kommunar og interkommunale avfallsselskap. Noko EE-avfall og Farleg avfall blir levert hos forhandlarar og blir dermed ikkje fanga opp av statistikken. Det er usikkert om alt avfall som blir levert i innleigde containerar er medrekna i hushaldsavfallet.

Det er og noko partielt fråfall, som særleg gjelder sjølvkost i avfallssektoren. Fråfallet kan sjåast i samanheng med at avfallssektoren i stor utstrekning består av ulike formar for interkommunale samarbeid. Når eit interkommunalt selskap har ansvaret for renovasjonen, er det ikkje pålagt for kommunen med eit eige sjølvkostrekneskap, så lenge det er eit rekneskap for selskapet, og mange selskap har problem med å dele opp rekneskapen slik at kommunane får tal dei kan rapportere. 

 

Revisjon

Ikkje relevant