161498
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/aar
161498
Vi kastar som aldri før
statistikk
2014-06-26T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, Natur og miljø, KOSTRA, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false
Statistikken viser hvor mye husholdningsavfall som kastes i kommunene kommuner i Norge. Materialgjenvinning, forbrenning og deponering av matavfall og annen søppel omtales også.

Avfall frå hushalda2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Vi kastar som aldri før

Renovasjonen tok hand om 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2013, om lag 84 000 tonn meir enn i 2012. Omtrent 880 000 tonn av avfallet blei utnytta anten til materialattvinning, kompostering eller biogassproduksjon.

Hushaldsavfall. Mengd i alt, levert til materialattvinning og gebyrinntekter. 1000 tonn, kg per innbyggjar og kroner.1
I altProsent
1992201220131992 - 20132012 - 2013
1Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
2Levert til materialattvinning inkluderer avfall til kompostering og biogass.
I alt. 1000 tonn.1 0122 1732 2551234
Kg per innbyggjar237430441863
Levert materialattvinning. 1000 tonn.2868668849292
Levert materialattvinning. Kg per innbyggjar220..173....
Gebyrinntekter per innbyggjar. Kroner.9179473

I snitt kasta kvar og ein av oss 442 kilo hushaldsavfall i 2013. Det er 12 kilo meir enn i 2012.

Avfallsmengda aukar meir enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. Etter nokre år med mindre auke i mengda hushaldsavfall enn i forbruket har no trenden snudd att. Frå 2012 til 2013 gjekk mengda hushaldsavfall opp med 3,3 prosent, frå 2,2 millionar til 2,3 millionar tonn. Forbruksvolumet gjekk berre opp med 2,1 prosent. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kilo avfall.

Attvinningsgraden aukar

Om ein reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta , i tillegg til avfall sendt til materialattvinning , utgjer mengda attvunne avfall 1,9 millionar tonn, eller 83 prosent av alt hushaldsavfall i 2013. Det er same prosentdel som året før. 160 000 tonn restavfall, som blei eksportert til forbrenning i andre land, inngår også i mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting.

Avfall levert til materialattvinning utgjorde 39 prosent av dei totale mengdene avfall frå hushalda i 2013, om lag det same som de siste par åra.

Forbrenning tar over

Det er forbrenning og ikkje materialattvinning som tek unna for auken i mengda hushaldsavfall, og for den delen av avfallet som før hamna på deponi.

Det blei brent om lag dobbelt så mykje avfall i 2013 som i 2004, som var fyste året med tal for forbrenning av hushaldsavfall. Av dei 1,3 millionar tonn avfall som blei brent i 2013, var 340 000 tonn sortert materiale, mest treavfall. Om lag 950 000 tonn var blanda restavfall.

Det blei levert 880 000 tonn til materialattvinning i 2013, 90 000 tonn meir enn året før. I og med at den totale avfallsmengda aukar meir enn materialattvinninga, gjekk andelen likevel ned med 1 prosentpoeng.

Vi kastar brukbar mat

Det blei sortert ut om lag 174 000 tonn matavfall og anna våtorganisk avfall til kompostering og biogassproduksjon i 2013, om lag det same som dei førre par åra. For om lag 120 kommunar gjekk alt matavfallet saman med anna restavfall til forbrenning. Ei undersøking gjort av Statistisk sentralbyrå (SSB) i lag med Østlandsforskning og Mepex, syner at kvar nordmann kasta om lag 78 kg matavfall i 2011. Av dette kunne 46 kg vore nytta til mat. Resten er skrell, kaffigrut og anna som ikkje kan etast.

For ‘andre materialar’ stod park- og hageavfall og treavfall for om lag halvparten av heile avfallsauken frå året før, med 21 000 og 20 000 tonn meir i 2013 enn i 2012.

Hushalda på Svalbard kaster lite

Busette i Longyearbyen kasta i snitt 180 kilo kvar i 2013, som er 36 kilo mindre enn i 2011, og mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet kasta. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, noko som er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samstundes aukar utsleppa gjennom avlaupet. Andre forklaringar kan vere det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 78 prosent av avfallet blei sendt til forbrenning med energiutnytting på fastlandet.

Midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall, har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 477 kilo per innbyggjar i 2012. Det er 15 kilo mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd.

Samanlikningar av mengde kommunalt avfall i ulike land er uviss. Kva som reknas med, og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Gebyrinntektene noe lavere enn gebyrgrunnlaget

Gebyrgrunnlaget per innbyggjar har auka med 5 prosent frå 2012, mens gebyrinntektene per innbyggjar i den same perioden har auka med 4,3 prosent.

Kostnader for avfallsektoren i kommunen blir dekte gjennom gebyr betalte av brukarane. For hushaldsavfall skal avfallsgebyra følgje sjølvkostprinsippet. Det inneber at gebyra skal innehalde alle kostnader knytte til handsaminga av hushaldsavfallet. Kommunane kan ikkje krevje inn meir frå hushalda enn dei samla kostnadene knytte til innsamlinga og handsaminga av hushaldsavfall. Dette følgjer av forureiningslova. Innanfor desse rammene kan kommunane differensiere avfallsgebyra om det fører til avfallsreduksjon og auka attvinning. Fordi det kan vere vanskeleg å fastsetje gebyra slik at gebyrinntektene er lik gebyrgrunnlaget for året, kan kommunen leggje opp gebyra slik at gebyrinntektene i løpet av inntil fem år er lik gebyrgrunnlaget for ein tilsvarande periode.

Gebyrinntektene var 3,4 prosent lågare enn gebyrgrunnlaget i 2013. For perioden 2009-2013 er forskjellane i gebyrinntekt og gebyrgrunnlag mindre, då summen av gebyrinntektene for denne perioden er om lag 1 prosent lågare enn summen av gebyrgrunnlaget.

Tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfallÅpne og lesLukk

Frå og med 2011 er tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfall. Det medfører eit tidsseriebrot, og fører til at dei totale avfallsmengdene er om lag 1 prosent lågare enn om tekstilane hadde vore medrekna.

Gjenvinningsgrad, et mål for styresmakteneÅpne og lesLukk

Målet til styresmaktene er 80 prosent gjenvinning. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall. Målene ble sist behandla i ein ny avfallsstrategi som kom i 2013.

I 2012 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 78 prosent. Tala for 2013 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB