84081
/natur-og-miljo/statistikker/avfkomm/arkiv
84081
Mindre del levert til materialattvinning
statistikk
2012-07-02T10:00:00.000Z
Natur og miljø;Offentlig sektor;Svalbard
no
avfkomm, Avfall frå hushalda, hushaldsavfall, husrenovasjon, avfallshandsaming, attvinning, forbrenning, deponering, kjeldesortering, søppel, matavfall, avfallsmateriale (for eksempel papir, glass, plast), gebyrAvfall, Natur og miljø, KOSTRA, Natur og miljø, Offentlig sektor, Svalbard
false

Avfall frå hushalda2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Mindre del levert til materialattvinning

Avfall levert til materialattvinning utgjorde 40 prosent av dei totale mengdene avfall frå hushalda i 2011. Frå 2008 har det vært ein jamn nedgang i delen levert til materialattvinning, da var den på det høgste, med 44 prosent.

I snitt kasta kvar og ein av oss 438 kg hushaldsavfall i 2011. Det er 5 prosent meir enn i 2010 eller ein auke på heile 45 prosent i dei totale avfallsmengder dei siste ti åra. Av 2,2 millionar tonn innsamla hushaldsavfall blei om lag 1,2 millionar tonn, eller 54 prosent, sortert ut i reine fraksjonar, syner tal frå kommune-stat-rapporteringa (KOSTRA) for 2011.

Handtering av hushaldsavfall 1998-2011

Forbrenning tar over

Det er forbrenning og ikkje materialattvinning som tek unna for auken i mengda hushaldsavfall, og for den delen av avfallet som før hamna på deponi.

Det blei brent omlag 440 000 tonn meir avfall i 2011 enn i 2008, som var året før deponiforbodet blei sett i verk. Av dei 1,2 millionar tonn avfall som blei brent i 2011, var 260 000 tonn sortert materiale, mest treavfall. Om lag 960 000 tonn var blanda restavfall.

Det blei levert 870 000 tonn til materialattvinning i 2011, som var 9 000 tonn mindre enn året før. Fram til 2008 var det ein jamn årleg auke i den delen hushaldsavfall som blei levert til materialattvinning, medan trenden har vist ei svak nedgong frå 2008 til i dag.

Mindre på deponi gir mindre utslepp

Tala syner at deponiforbodet verkar. Mengda deponert avfall i 2011 var ein sjuandedel sett i høve til 2008.

1. juli 2009 innførte myndigheitene forbod mot å deponere nedbrotbart avfall som papir, tekstilar og matrestar, men enkelte kommunar har dispensasjon fram til 2012.

Metan frå avfallsdeponi utgjer om lag 2 prosent av alle klimautslipp her i landet, eller om lag 1 millionar tonn CO2 ekvivalentar - ein nedgang på 0,8 millionar tonn frå 1990.

Hushaldsavfall. Mengd i alt og utsortert. 1992-2011. 1 000 tonn og kg per innbyggjar
 
Heile landet *I alt *Utsortert i alt
I alt Kg per innbyggjar I alt Kg per innbyggjar
 
19921 1 012  237 86 20
19951 1 174  269  213 49
2000 1 452  324  581  130
2005 1 844  401  906  198
2006 1 940  414  972  208
2007 2 034  429 1 037  219
2008 2 079  434 1 088  227
2009 2 039  420 1 074  221
2010 2 088  424 1 110  226
2011 2 183  438 1 170  235
 
1  Justert for innblanding av næringsavfall i hushaldsavfallet.
Kjelde:  Avfallstatistikk, Statistisk sentralbyrå.

Sorteringa held tritt med avfallsauken

Kvar nordmann kasta om lag 14 kg meir hushaldsavfall i 2011 enn året før og kvar av oss sorterte ut 9 kg meir enn i 2010. I snitt sorterte vi ut 235 kg i 2011.

 

Alle materialtypar syner auke i mengda utsortert, unnateke våtorganisk avfall som har synt ei utflating dei siste fire åra. Papp og papir utgjorde største mengda med over 300 000 tonn. Plast og farleg avfall har hatt den største auken det siste året, med 24 og 22 prosent - til 31 000 og 39 000 tonn.

Frå og med 2011 er tekstilar til ombruk ikkje lenger rekna som avfall. Det medfører eit tidsseriebrot, og fører til at dei totale avfallsmengdene er om lag 1 prosent lågare enn om tekstilane hadde vore medrekna.

Konsum og avfall. Hushald. 1996-2011

Avfallsmengda aukar meir enn forbruket

Tala syner ein samanheng mellom forbruket i hushalda og kor mykje vi kastar. Etter eit par år med mindre auke i mengda hushaldsavfall enn i forbruket i hushalda, er no trenden snudd att. Frå 2010 til 2011 gjekk mengda hushaldsavfall opp med 4,5 prosent, frå 2 millionar til 2,1 millionar tonn. Forbruksvolumet gjekk berre opp med 2,5 prosent. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kg avfall.

Tal for forbruket i hushalda er henta frå den årlege nasjonalrekneskapen og er ein del av tabellen:

Hovedtall for Konsum. Årlig volumendring i prosent

Attvinningsgraden aukar

Om ein i reknar med den delen av brent avfall som blei energiutnytta, i tillegg til avfall sendt til materialattvinning, utgjer mengda attvunne avfall 1,8 millionar tonn, eller 83 prosent av alt hushaldsavfall i 2011. Dette er 1 prosentpoeng meir enn året før. 200 000 tonn restavfall som blei eksportert til forbrenning i andre land inngår også i mengda avfall sendt til forbrenning med energiutnytting.

Målet til styresmaktene er 75 prosent attvinning innan 2010. Ein skal vere merksam på at målet gjeld alt avfall, og ikkje spesielt hushaldsavfall. Avfall ble sist behandla i Stortingsmelding nr. 8 (1999-2000). Regjeringas miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand. Miljødepartementet har starta arbeidet med ei ny melding til Stortinget.

I 2008 var den gjennomsnittlege energiutnyttingsgraden ved norske avfallsforbrenningsanlegg 77 prosent. Tala for 2010 er berekna ut frå same utnyttingsgrad.

Ved innsamling av avfall med renovasjonsbil, og ved levering på mottaksstasjonar, kan det vere vanskeleg å registrere hushaldsavfall og næringsavfall kvar for seg. Tala er korrigerte for desse forholda så godt det let seg gjere ut frå opplysningar frå kommunane.

Hushalda på Svalbard kaster lite

Busette i Longyearbyen kasta i snitt 216 kg kvar i 2011, som er ein auke på 32 kg frå 2010, men mindre enn halvparten av det dei busette på fastlandet kasta. Longyearbyen har teke i bruk matavfallskvernar til bruk i hushalda, og det er med på å redusere mengda hushaldsavfall, men samstundes aukar utsleppa gjennom avlaupet. Andre forklaringar kan være det spesielle busetnadsmønsteret med korte opphald og mindre bustader. Om lag 41 prosent av hushaldsavfallet blei sortert ut for attvinning, og 87 prosent av restavfallet blei sendt til forbrenning med energiutnytting på fastlandet.

Om lag midt på treet i Europa

I ei samanlikning mellom land i Europa for mengda kommunalt avfall har Statistisk sentralbyrå berekna at Noreg låg på 469 kg per innbyggjar i 2010, noko som er 33 kg mindre enn snittet i Europa. Kommunalt avfall er summen av hushaldsavfall og alt forbruksavfall frå næringslivet som vert teke hand om i kommunal verksemd.

Samanlikningar av mengd kommunalt avfall i ulike land er uviss. Kva som blir rekna med, og korleis renovasjonen er organisert, varierer mellom landa.

Meir informasjon

Avfallsregnskapet

Miljøstatus i Noreg

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB