Tettleiken aukar med tettstadstorleiken

Publisert:

Jo større tettstaden er, jo tettare bur folk i sentrumssonene. Like fullt er det fleire gonger så mange tilsette som busette per kvadratkilometer i både by- og bygdesentera.

Tettleiken av både busette, tilsette og verksemder i sentrum aukar med storleiken på tettstaden, viser statistikken Aktivitet i sentrumssoner. I dei større tettstadene er det fleire gonger så mange tilsette og busette per kvadratkilometer sentrumssone som i bygdesentera. Det er fleire tilsette enn busette per kvadratkilometer i sentrumssonene for alle storleiksklassar.

Meir enn dobbelt så mange tilsette som busette

I tettstader med fleire enn 20 000 innbyggjarar er den gjennomsnittlege tettleiken av tilsette og busette høvesvis om lag 19 300 og 8 800 per kvadratkilometer sentrumssone. I tettstader med opp til 1 999 innbyggjarar er desse tala reduserte til om lag 6 700 tilsette og 1 000 busette.

Det er godt over dobbelt så mange tilsette som busette i sentera på landsbasis. Det bur nær 6 800 innbyggarar per kvadratkilometer i sentera, medan tilsvarande tal for tilsette er nærare 16 300.

Om vi ser på tettleiken av verksemder i sentrumssonene, ser vi at også denne aukar når tettstadsbefolkninga aukar. I tettstader med fleire enn 20 000 innbyggjarar er den gjennomsnittlege tettleiken av verksemder per kvadratkilometer sentrumssone om lag 80 prosent høgare enn for tilsvarande område i tettstader med under 20 000 busette.

Figur 1. Sentrumssoner, etter busette i tettstad
Figur 1. Sentrumssoner, etter busette i tettstad
Busette per kvadratkilometer Tilsette per kvadratkilometer Verksemder per kvadratkilometer
Heile Landet 6774.50 16335.90 2640.10
Tettstader med opp til 1999 busette 1025.00 6676.70 1080.40
.. 2000 - 19999 busette 2546.30 10396.20 1828.90
.. minst 20000 busette 8836.40 19347.80 3069.00

Vil utnytte arealet godt

Det er eit politisk ønske å nytte tettstadarealet så godt som råd for å minke presset på areala omkring og samstundes leggje til rette for å minimere transportmengda mellom bustad, arbeid og eit variert tenestetilbod.

I den samanhengen kan det nemnast at berre 3 av 641 områder er definerte som sentrumssoner ligg utanfor områder definert som tettstad. Dei utgjer til saman 0,2 kvadratkilometer. Det er ingen busette i desse områda.

Kart over sentrumssoner, 2017

Du kan zoome i kartet. Klikk på lenken "Fullversjon" i kartet for å se kartet i full skjermbredde og få tilgang til mer funksjonalitet og metainformasjon. (Kilde: https://kart.ssb.no, temakart Sentrumssoner 2017).

Your browser does not support iframe. <a href="https://kart.ssb.no/embedded/aa4add3a-3a86-4d73-8ffb-34732c807068" target="_blank">You can see the content of the frame here</a>

Kontakt