Stabil mengd hushaldsavfall

Publisert:

Mengda avfall frå hushalda var på bortimot 2,3 millionar tonn i 2016. Dei fire siste åra har mengda hushaldsavfall halde seg på om lag same nivå.

Om vi går fleire år attende i tid, kan vi sjå at mengda hushaldsavfall har auka. Sidan 2010 har totalmengda hushaldsavfall gått opp med ni prosent. Per innbyggjar var mengda avfall frå hushalda i 2016 på 433 kilo. Kvar og ein av oss kasta seks kilo mindre hushaldsavfall enn i 2015. Jamfører vi derimot med 2010, kasta kvar og ein av oss ni kilo meir avfall i 2016, syner statistikken Avfall frå hushalda.

Forbruket går i frå avfallet

Medan mengda hushaldsavfall gjekk ned med ein halv prosent, voks forbruksvolumet med om lag ein og ein halv prosent frå 2015 til 2016. I åra fram til 2008 auka mengda hushaldsavfall i snitt med 5 prosent kvart år. Det var meir enn forbruksvolumet i hushalda målt ved privat konsum i faste prisar. Dei seks siste åra har derimot auken i avfallsmengda i snitt vore mindre enn volumauken i forbruket. Om ein ser på dei siste 20 åra samla, er volumauken i konsumet i hushalda og auken i avfallsmengda tilnærma lik.

Figur 1. Konsum og avfall. Hushald. Indeks 1996=1
Figur 1. Konsum og avfall. Hushald. Indeks 1996=1
Konsum i hushalda Hushaldsavfall
1996 1.00 1.00
1997 1.03 1.05
1998 1.06 1.14
1999 1.10 1.17
2000 1.15 1.21
2001 1.17 1.26
2002 1.21 1.35
2003 1.25 1.40
2004 1.32 1.46
2005 1.37 1.54
2006 1.44 1.62
2007 1.53 1.70
2008 1.55 1.74
2009 1.55 1.71
2010 1.61 1.75
2011 1.64 1.83
2012 1.69 1.82
2013 1.73 1.89
2014 1.76 1.89
2015 1.80 1.89
2016 1.82 1.88

Meir plast til materialattvinning

Mengda avfall frå hushalda levert til materialattvinning var på bortimot 870 000 tonn i 2016, om vi reknar med avfall til biogass og kompostering.

For einskilde materiale er det nokre trendar frå dei siste åra som held fram:

  • Mengda plast levert til materialattvinning har gått opp dei tre siste åra, og gjekk opp med sju prosent frå 2015 til 2016.
  • Mengda glas levert til materialattvinning har auka jamt dei fire siste åra, og gjekk opp fire prosent frå 2015 til 2016.
  • Mengda metall levert til materialattvinning har auka dei siste tre åra, og auka med 6 prosent frå 2015 til 2016.
  • Mengda papir og papp sendt til materialattvinning gjekk ned for femte året på rad, og med 4 prosent frå 2015 til 2016. Ei forklaring kan vere nedgang i avissalet.

Figur 2. Hushaldsavfall levert til materialattvinning i 2016
Figur 2. Hushaldsavfall levert til materialattvinning i 2016
Husholdsavfall
Papir og papp 30 % 258222
Våtorganisk avfall 21 % 182811
Metall 10 % 89216
Glas 7 % 62258
EE-avfall 6 % 48341
Plast 4 % 38357
Anna 22 % 188678

Delen av hushaldsavfallet som vart levert til materialattvinning var på 38 prosent i 2016, om lag same nivå som i 2015. Ein like stor del av avfallet gjekk til forbrenning og deponi i 2016 som i 2015. Knapt 80 prosent av avfallet sendt til forbrenning vart nytta til energi.

Figur 3. Handtering av hushaldsavfall
Figur 3. Handtering av hushaldsavfall
Levert til materialattvinning Forbrent Deponert Anna
2006 40 39 18 3
2007 43 37 19 1
2008 44 38 18 1
2009 43 41 14 1
2010 42 50 6 2
2011 40 56 2 2
2012 40 56 2 2
2013 39 57 2 1
2014 37 58 2 2
2015 38 58 3 1
2016 38 58 3 1

Auke i matavfall til biogass

Noko av auken i mengda til materialattvinning, ligg i at mengda utsortert matavfall og anna våtorganisk avfall voks med fem prosent frå 2015 til 2016. Ei større mengd våtorganisk avfall enn tidlegare år gjekk til biogass, medan ei mindre mengd gjekk til kompostering. Mengda avfall til biogass auka med 13 prosent frå 2015 til 2016, og sidan 2012 har det vore ei dobling i mengda.

Våtorganisk avfall levert til kompostering vart redusert med ni prosent frå 2015 til 2016, og med 30 prosent frå 2012. Denne forskyvinga frå kompostering til biogass kan vi sjå i samanheng med at det har vorte bygd fleire nye biogassanlegg, medan fleire komposteringsanlegg er lagt ned dei siste 5-10 åra. I om lag 150 kommunar går matavfallet saman med anna restavfall, og det meste går til forbrenning.

Framleis lågare gebyrinntekter enn gebyrgrunnlag

Gebyrgrunnlag per innbyggjar knytt til avfallssektoren var på 1 044 kroner, og gebyrinntektene per innbyggjar var på 993 kroner i 2016. Skilnaden mellom gebyrgrunnlag per innbyggjar og gebyrinntekter per innbyggjar som vi har sett tidlegare år, held fram.

Summen av gebyrinntektene var nesten fem prosent lågare enn summen av gebyrgrunnlaget for 2016. Denne skilnaden gjeld òg for perioden 2012- 2016. Auken i gebyrgrunnlaget for perioden 2012- 2016 var på 15 prosent, medan auken i gebyrinntekter var på 13 prosent i same periode.

Sjølvkostprinsippet i avfallssektoren

Sjølvkostprinsippet i avfallssektoren inneber at gebyra kommunen krev inn av brukarane skal dekke alle utgifter knytt til handsaming av hushaldsavfall i kommunen. Dette følgjer av forureiningslova §34. Fordi det kan vere vanskeleg å fastsetje gebyra slik at gebyrinntektene er lik gebyrgrunnlaget for året, kan kommunen leggje opp gebyra slik at gebyrinntektene for inntil fem år er like gebyrgrunnlaget for den tilsvarande perioden.

Kontakt