Sjekkliste ved bestilling av data
- Gi ei mest mogleg detaljert beskriving av variablar og data elles. Ta omsyn til om det kan bli naudsynt med oppdateringar seinare. Gje sluttidspunktet for observasjonsperioden på eit slikt vis at det ikkje hindrar seinare oppdateringar. Prosjektbeskriving skal leggjast ved.
- Dreier det seg om avidentifiserte data, må ein sende kopiar av melding til personvernombodet hos NSD eller melding til Datatilsynet til SSB. Dreier det seg om sensitive personopplysningar, skal ein sende kopi av søknaden til personvernombodet hjå NSD samt ombodets tilråding eller søknad til og konsesjon frå Datatilsynet til SSB. Ta omsyn til naudsynte oppdateringar seinare (sjå første ballpunktet). Tilrettelegging av data skal ein først setje i gang når SSB har fått desse dokumenta.
- Forskaren må søkje den overordna instansen til registereigaren om løyve til bruk av data som ikkje tilhører SSB. Ta omsyn til naudsynte oppdateringar seinare (sjå første ballpunktet). Kopi av søknaden og av løyve skal sendast til SSB.
- Dersom det dreier seg om helsefagleg forsking, er det krav om godkjenning av
regional etisk forskingsråd, som handsamar både konsesjon og dispensasjonssøknaden. Kopi av søknad og svar skal sendast til SSB.
- Dersom data frå eksterne registre skal koplast med data i SSB, må oppdragsgivaren sørgje for at desse data blir sende til SSB.
- Før data skal leverast ut, må ein underteikne ei signert avtale (nynorsk, bokmål) mellom Statistisk sentralbyrå og forskingsinstitusjonen samt teielovnad som er sendt (jf. statl 2-5 hhv. 2-4) og returnere desse. Teielovnaden må underteiknast av alle som skal ha tilgang til data.
- Gi beskjed om korleis filformat ein ønskjer; 'flate ascii-filer' , importfiler til SAS, SPSS eller anna format.
2010 © Statistisk sentralbyrå