Data som blir bestilte frå SSB er gratis, men timane som blir brukte for å gjennomføre oppdraget må forskaren i dei fleste tilfella betale. Før arbeidet blir påbyrja vil SSB kalkulere oppdraget og gi eit pristilbod. Prisen vil vere berekna til sjølvkost.
Det blir nytta timeverkprisar i tilfelle der oppdraget er av "kortare" lengd eller er stykka opp i fleire periodar. Årsverkprisar er grunnlaget når kontrakten har eit større omfang og/eller lengd, vanlegvis eit årsverk eller meir.
Ved oppdrag som går over fleire år skal ein kunne regulere prisane årleg.
Timeprisen som er grunnlaget, tek utgangspunkt i kven som utfører arbeidet.
SSB har følgjande gruppeinndeling og timeprisar:
Gruppe |
Stillingstype |
Timepris ekskl. mva: |
Gruppe 1 |
leiarar |
kr 904 |
Gruppe 2 |
forskarar, rådgivarar og prosjektleiarar |
kr 749 |
Gruppe 3 |
saksbehandlar I |
kr 572 |
Gruppe 4 |
saksbehandlar II |
kr 526 |
Gruppe 5 |
kontorstillingar |
kr 456 |
Årsverk- og timeprisane i tabellen er eksklusive mva. Alle brukaroppdraga blir i tillegg belasta med mva.
2010 © Statistisk sentralbyrå