Personvernombodet for forsking

NSD er Personvernombod for forsking. Meir enn 100 forskingsinstitusjonar har nemnt opp NSD som sitt personvernombod. Forskingsinstitusjonar og forskarar som ikkje har NSD som sitt personvernombod, må senda melding eller søknad om konsesjon til Datatilsynet.

Føremålet med personvernombodsordninga er å:

Forskarar og studentar som skal gjennomføra eit prosjekt der dei skal handsama personopplysningar, må fylla ut eit meldeskjema og senda det til Personvernombodet for forsking. Prosjektet skal meldast seinast 30 dagar før datainnsamlinga skal starta og/eller utvalet kontaktast.

Personvernombodet informerer om personopplysingslova og helseregisterlova og om kva konsekvensar lovene har for den einskilte forskar og student. I tillegg informerer Personvernombodet om arkivering og gjenbruk av anonymiserte og personidentifiserte forskingsdata.


2006 © Statistisk sentralbyrå