Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste AS (NSD) er eit serviceorgan for norsk forsking. Hovudformålet er å yta tenester til forskarar og studentar når det gjeld innsamling og tilgang til data. Vidare er NSD Personvernombod for forsking.
Statistisk sentralbyrå (SSB) er NSD si viktigaste kjelde til data. Det er inngått ein avtale mellom SSB og NSD om formidling av data frå SSB. Føremålet med avtalen er å gje forskarar og studentar lettast mogleg tilgang til flest mogleg av SSB sine data til bruk i forskingsprosjekt utan å koma i konflikt med gjeldande regelverk, og utan å redusera vernet om dei data som må vernast. NSD har såleis eit omfattande samarbeid med SSB.
NSD gjennomfører og arkiverer sjølv fleire komparativt orienterte undersøkingar. Vidare formidlar NSD data samla inn av forskarar, forskingsinstitusjonar og meiningsmålingsinstitutt.
NSD sine dataarkiv inneheld data som skildrar samfunnet på ulike nivå. Datatilbodet er delt i tre hovudgrupper: regionale data, individdata, og data om det politiske systemet.
Regionale data skildrar regionale eller territorielle einingar som kommunar, fylke, land eller liknande. Fordi slike data ofte er oppteljingar (aggregat) av dei individa som finst innanfor grensene til et bestemt territorium, vert dei ofte også kalla aggregerte data. Ein tredje term, som særlig er vorten nytta i samband med analyser av valåtferd, er økologiske data.
Individdata er informasjon om einskiltpersonar henta frå spørjeskjema, intervju eller frå offentlege register. NSD sine individdataarkiv inneheld ei rekkje spørjeundersøkingar om både nasjonale og internasjonale tilhøve. Undersøkingane dekkar eit breitt spekter av tema, mellom dei levekår, helse, arbeid, mediebruk, val, demokrati og sosiale verdiar. I tillegg inneheld NSD sine arkiv data frå fleire register, mellom anna om trygderelaterte spørsmål, fastlegeordninga og frå fleire folketeljingar.
NSD har også informasjonsdatabasar om institusjonar. Data om institusjonar skildrar organisasjonar, bedrifter, universitet, høgskular.
Vidare har NSD arkiv om det politiske systemet. Arkiva inneheld data om Stortinget, Regjeringa og forvaltinga, i tillegg til informasjon om dei politiske partia.
Data frå NSD kan tingast ved hjelp av elektroniske skjema, brev eller e-post og vert levert via Internett, på diskett eller CD-ROM, alt etter kva type data som vert etterspurd.
Programvareutvikling
I tillegg til ulike datatenester for forsking utviklar NSD også ny programvare for å gjera det enklare å finna fram til og analysere kvantitative data.
2006 © Statistisk sentralbyrå