Frå datasamlingane i SSB kan vi levere informasjon knytt til person, bedrift eller føretak.
På desse sidene kan du orientere deg om innhaldet i ei rekkje
datasamlingar. Sidene viser også annan vesentleg informasjon om forskjellige datakjelder, noko som gjer det lettare å bestille data.
SSB leverer dessutan data på bakgrunn av separate undersøkingar og ulike administrative register.
NSD har opplegg spesielt eigna for å levere anonyme data på individnivå frå utvalsundersøkingar, både frå SSB og andre kjelder. NSD leverer også andre data.