SSB kan gi tilgang til mikrodata til forsking i samsvar med statistikkloven (LOV-1989-06-16-54) § 2-5 og Datatilsynets vedtak av 16.03.2005.
Vi kan tilby utlån av mikrodata til institusjonar som er oppretta med heimel i lov om universiteter og høgskoler (LOV-2005-04-01-15) og forskingsinstitusjonar som er omfatta av Retningslinjer for statlig finansiering av forskningsinstitutter.
Forskingseiningar som gjennomfører eit konkret forskingsprosjekt som er finansiert av Noregs forskingsråd (NFR) kan søkje om data frå SSB til det konkrete prosjektet utan at SSB må godkjenne eininga i forkant.
Andre einingar som utfører forsking kan søkje om å bli godkjend eining for mottak av mikrodata frå SSB.
1. Hovudformålet til verksemda
1.1 Forsking må ha ein viktig plass i formålet til verksemda, og verksemda må vise det gjennom produksjon av kvalitetsforsking og offentleggjering av forskingsresultata.
1.2 Verksemda må vere veletablert og godt etablert innanfor fagområdet sitt, med kjende sponsorar, partnarar og eigarar.
1.3 Verksemda må dokumentere eit sterkt fokus på og system for ivaretaking av konfidensialitet
2. Organisering av forskingsaktivitet
2.1 Forskingsaktiviteten må vere åtskild i ei eiga eining utan organisasjons- eller styringsmessig samband til andre einingar i verksemda, under leiing av ein person utan direkte ansvar for politikken til verksemda eller gjennomføringa av dei andre målsettingane til verksemda.
2.2 Forskingsaktiviteten skal plasserast i organisasjonskartet og vise sambandet til andre einingar i verksemda.
2.3 Skriftleg garanti frå leiaren i verksemda som slår fast at opplysningar som er lånte ut til forsking ikkje kan nyttast til andre formål eller blir gjorde tilgjengelege for personell utanfor det konkrete forskingsprosjektet.
3. Etablerte sikringstiltak og prosedyrar for publisering av forskingsresultat
3.1 Tilgang til forskingsresultat - medrekna delresultat, samandrag og aggregat - kan berre bli gitt av leiaren for forskingseininga, som har plikt til å sikre at materialet som blir utlevert ikkje er konfidensielt.
3.2 Disiplinærforfølging av personell som, ope eller skjult, prøver å få tilgang til konfidensiell informasjon frå forskingseininga.
3.3 Fysisk sikring av lokala og datasystema skal dokumenterast, likeins sikring av utlånsdata i datasystema medrekna beskriving av korleis tilgangen til utlånsdata er organisert og korleis ein skal forhindre uautorisert tilgang, og korleis datasystemet er sikra mot inntrenging utanfrå. Ein skal òg beskrive korleis konfidensielle dokument medrekna papirdokument blir beskytta mot uautorisert tilgang.
3.4 Beskriving av metodar for å hindre publisering av konfidensielle data (detaljert statistikk).
3.5 Forsikring om at konfidensielle data ikkje blir nytta eller lagra på berbare einingar.
2006 © Statistisk sentralbyrå