Omgrep

Alfabetisk

Anonyme opplysningar

Avidentifiserte opplysningar

Forløpsdatabasar

Forskarar

Helsefaglig forsking

Identifiserbare opplysningar

Personvernombod

Populasjon

Sensitive personopplysningar

Statistisk eining

Tidsserie

Variabel

Tematisk

Roller

Med forskarar meiner vi stillingsinnehavarar med forskartittel eller anna vitskapeleg tilsett personell ved godkjende forskingseiningar, og studentar på mastergrads- hhv. doktorgradsnivå og hovudfagsstudentar såframt at desse er under rettleiing av ein tilsett med forskarkompetanse ved slik forskingseining.

Personvernombod er beskrive i Forskrift om behandling av personopplysninger (personopplysningsforskriften), § 7-12 Personvernombud:

Datatilsynet kan samtykkje i at det blir gjort unntak frå meldeplikt etter personopplysningsloven § 31 første ledd, dersom den behandlingsansvarlege peikar ut eit uavhengig personvernombod som har i oppgåve å sikre at den behandlingsansvarlege følgjer personopplysningsloven med forskrift. Personvernombodet skal også føre ei oversikt over opplysningane som er nemnde i personopplysningsloven § 32.

Karakteristikk av data

Identifiserbare opplysningar: Opplysningar der det er mogleg å identifisere fysiske eller juridiske personar ved hjelp av identifikasjonsnøkkel (fødselsnr., organisasjonsnr., namn, eksakt adresse)

Avidentifiserte opplysningar: Opplysningar der data som blir brukte som identifikasjonsnøkkel er fjerna eller skjult. Ei fil der SSB har kryptert fødselsnummer, vil vere avidentifisert.

I forhold til personopplysningsloven vil både avidentifiserte og krypterte opplysningar vere personopplysningar, og dermed underlagt det same regelverket som identifiserbare opplysningar.

Anonyme opplysningar: Opplysningar der så mange kjennemerke/kategoriar er fjerna at ein med rimelege middel ikkje direkte eller indirekte kan identifisere fysiske eller juridiske personar.

Sensitive personopplysningar er definerte i personopplysningslovens § 2-8 som opplysningar om:

a) rasemessig eller etnisk bakgrunn, eller politisk, filosofisk eller religiøs oppfatning,

b) at ein person har vore mistenkt, sikta, tiltalt eller dømt for ei straffbar handling,

c) helseforhold,

d) seksuelle forhold,

e) medlemskap i fagforeiningar

Ein ordinær variabel kan innehalde sensitiv informasjon (t.d. adressefelt = Ullersmo LF). Når ein slik ordinær variabel inneheld ei overvekt av sensitive verdiar, får han karakter av sensitiv. Verdien av at berre visse typar opplysningar er klassifiserte som sensitive i loven, må ein difor ikkje overvurdere.

Helsefaglig forsking er forskingsverksemd som vert utført med vitskapleg metodikk for å skaffa til vegs ny kunnskap om helse og sjukdom

Omgrep knytte til statistikk/statistikkproduksjon

Forløpsdata er data for ein variabel knytt til ei eining som ein følgjer over tid. Det blir gitt opp nøyaktig for kva periode ein verdi av ein variabel er gyldig.

Tidsserie: Fleire målingar av den same variabelen, tekne etter kvarandre, blir kalla en tidsserie. (Jf. Gunnar G. Løvås, Statistikk for universiteter og høgskoler, Universitetsforlaget 2001, s. 28.)

Variabel: Ein variabel er ein eigenskap ved ei eining, og han kan ha meir enn ein verdi, i form av ein numerisk verdi eller ein kategori frå ein klassifikasjon

Kjelde: SDMX og FNs statistiske kontor

Populasjon: Ein populasjon er ei tid- og stadfesta samling av dei einingane som statistikken skal gi informasjon om.

Statistisk eining Ei statistisk eining er ein storleik i ei statistisk undersøking eller eit register, og berar av statistiske eigenskapar.

Døme: Person, hushald, bedrift og skilsmisse.


2006 © Statistisk sentralbyrå