Visse sentrale datasamlingar er dokumenterte på desse sidene. Etter kvart vil det også vere mogleg å søkje i variablar i datasamlingane. Det finst mange fleire datasamlingar i SSB; meir om dette finn du på SSBs Internett-sider under Emneoversikta. Har du spørsmål om kva SSB kan tilby av data som du ikkje finn på Internett-sidene våre, ber vi deg ta kontakt.
Under er ei oversikt over datasamlingar som er mye nytta for forskingsformål. Ein del variablar finst i fleire datasamlingar. Ved å klikke på namnet, får ein nærare informasjon om sjølve datasamlinga, dvs. ei kort orientering om produksjon, innhald og kvalitet. Her får ein mellom anna opplysningar om eining, populasjon, feil og uvisse, aktualitet og konsistens i datamaterialet.
I denne versjonen er det mogleg å hente opp ei oversikt over variablane for Inntektsregister for personar og familiar, inkl. definisjon av kvar variabel. Etter kvart blir dette tilgjengeleg for alle datasamlingane under. På sikt vil variabellista gi høve for å spesifisere databestillingar for enkelte datasamlingar.
Forskaren må søkje den overordna instansen til registereigaren om løyve til bruk av data som ikkje tilhører SSB. Kopi skal sendast til SSB dersom SSB skal stå for utleveringa.
SSB Rapporter 87/2, Kåre Vassenden: Folke- og boligtellingene 1960, 1970 og 1980 (pdf)
NSD dokument, samandrag: Folketellingsdata 1960 - 1990 (pdf)
2012 © Statistisk sentralbyrå