Om statistikken

Samordna levekårsundersøking 2000 - panelundersøkinga

Datagrunnlaget blei etablera i 1990, og utgjer eit representativt utval personar fødd i 1974 eller tidlegare. Utvalet utgjer eit panel, der det er dei same personane som og vert spurde i framtidige undersøkingar. Korleis utvalet er definert er dokumentera i Notater 1999/66, "Samordnet levekårsundersøkelse 1999 - panelundersøkelsen. Dokumentasjonsrapport". Informasjonsgrunnlaget om den samla bruk av legetenester i Statistisk sentralbyrå sine utvalsundersøkingar har vore relativt avgrensa. I panelundersøkinga som var gjennomførd ved årsskiftet 2000 har vi samla inn informasjon om befolkninga sin bruksfrekvens og kontinuitet med ulike legetilbod. Målet er eit ynskje om å fylgje med på utviklinga over tid når det gjeld ulike aspekt ved bruken av legetenestene. Det er to grunner til dette. For det første skyldas det ein påstand om at befolkninga sin bruk av legetenester har vore aukande. Ein har konstatert ein vekst i folketrygda sine utbetalingar til refusjonar, men dokumentasjonen på individnivå har vore liten. For det andre er det planlagt ei ordning som inneber at heile befolkninga i utgangspunktet skal ha sin eigen faste lege. Dette er ei stor helsepolitisk reform, og det vil vera naudsynt å freiste å spore endringar i folks relasjonar til legen i tida før, under og etter reforma.

Panelet bestod i utgangspunktet av et bruttoutval på 4 475 personer. Det var til saman 734 personer som intervjuarane av ulike grunner ikkje fekk stilt nokon spørsmål.

I ei bok i skriftserien Statistiske analyser vil vi seinare publisere meir om legetenestane og andre helsespørsmål.


2000 © Statistisk sentralbyrå