Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja byggjer på oppgåver frå fylkesmenn over dei samfunna som har fått statstilskott. Som registrerte trussamfunn blir rekna trussamfunn som let seg registrere etter lov om trudomssamfunn og ymist anna av 13. juni 1969. Etter lovtilføyinga av 12. juni 1981 kan og uregistrerte trussamfunn søkje om statstilskott frå stat og kommune. Registrerte og uregistrerte trussamfunn som ikkje har søkt om statstilskott, er ikkje med i statistikken.
Tal for kyrkjelege handlingar er utarbeidd av Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste på grunnlag av oppgåveskjema frå kvart einskilt sokn. Meir informasjon er gjeve i Årbok for Den norske kyrkja 1999.