192448_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/trosamf/aar
192448
Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunna
statistikk
2014-11-18T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Innvandring og innvandrere
no
trosamf, Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja, medlemmer, religionar (for eksempel kristendom, islam, buddisme), kyrkjesamfunn, Human-etisk forbundKultur og fritid, Religion og livssyn, Innvandring og innvandrere, Kultur og fritid
false

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja1. januar 2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire medlemmer i trus- og livssynssamfunna

Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, hadde 587 000 medlemmer per 1. januar 2014. Det er ein oppgang på 38 000, eller 7 prosent, frå året før.

Medlemmer i trus- og livssynssamfunn som mottek offentleg stønad og er utanfor Den norske kyrkja, etter religion/livssyn. Per 1. januar1
2014Endring i prosent
MedlemmerProsentdel2013 - 20142010 - 2014
1Omfattar berre medlemmer det vert motteke offentleg stønad for.
2Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2012.
3Eit samfunn ikkje representert i statistikken i 2010 og 2012.
I alt587 286100,06,930,5
Baha'i1 1270,20,411,4
Buddhisme17 0872,96,827,7
Hinduisme7 3821,38,642,6
Islam132 13522,59,333,5
Jødedom27810,1-0,9-4,5
Kristendom337 31657,47,837,3
Sikhisme33 3630,61,2224,3
Livssyn86 44414,70,44,3
Andre trus- og livssynssamfunn1 6510,310,073,8

Av dei 5 109 000 personane som var busette i Noreg 1. januar 2014, var 11,5 prosent medlemmer av trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i medlemmer har vore litt svakare i høve til førre året. 6,6 prosent av befolkninga var medlemmer i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, 2,6 prosent av befolkninga var medlemmer av islamske trussamfunn og 1,7 prosent i livssynssamfunn.

Flest medlemmer i kristne trussamfunn

Av alle trus- og livssynssamfunna utanfor Den norske kyrkja som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest medlemmer: 337 000 personar. Desse utgjorde 57 prosent av alle medlemmer utanfor Den norske kyrkja per 1. januar 2014. Det er den same delen som året før. Dei kristne trussamfunna har til saman fått flest nye medlemmer: 24 000 fleire i høve til året før. Dette er ein medlemsauke på same nivå som frå 2012 til 2013. Veksten i Den romersk-katolske kyrkja i Noreg held fram, i løpet av 2013 steig medlemstalet med 16 prosent. Denne auken må sjåast i samanheng med større innvandring frå andre land, spesielt har innvandringa frå EU/EØS-land vore merkbar dei siste åra. Sjå statistikken for Flyttinger. Kyrkjelydar innanfor pinserørsla talde over 39 000 medlemmer, om lag det same som året før.

Islamske trussamfunn veks raskast

Islamske trussamfunn representerer den nest største religionen i Noreg, målt i talet på medlemmer. 22,5 prosent av alle medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja er medlemmer i islamske trussamfunn. Per 1. januar 2014 var det 132 000 muslimar som er medlemmer i eit islamsk samfunn. Dette inneber ein auke på 11 000 mellom 2013 og 2014. Denne auken, 9,3 prosent, er den største prosentvise auken hjå trussamfunnai denne perioden. Sidan 2010 har oppgangen vore på 34 prosent, eller 33 000 medlemmer. Nokre av dei andre religionane i statistikken har halde seg på om lag same nivået gjennom fleire år: buddhisme utgjorde 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme stod for høvesvis 1,3 og 0,6 prosent av medlemstala utanom Den norske kyrkja.

Stabilt tal på humanetikarar

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund var 84 300 per 1. januar 2014. Det er om lag det same som året før. Andre livssynssamfunn hadde på det same tidspunktet 2 200 medlemmer, som representerer ein svak auke i medlemsmassen.