Innhald
Om statistikken
Administrative opplysingar
-
Namn og emne
-
Namn: Trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
Emne: Kultur og fritid
-
Ansvarleg seksjon
-
Seksjon for utdanningsstatistikk
-
Regionalt nivå
-
Tala blir publiserte på lands-, og fylkesnivå
-
Kor ofte og aktualitet
-
Statistikken over medlemmer i trus- og livssynssamfunn blir publisert årleg, med unntak av 2005
-
Internasjonal rapportering
-
Ikkje relevant
-
Lagring og bruk av grunnmaterialet
-
All trus- og livssynsstatistikk i SSB er lagra på ein forsvarleg og standardisert måte i samråd med bl.a. Datatilsynet
Bakgrunn
-
Føremål og historie
-
Hovudføremålet med denne statistikken er å synleggjere talet på medlemmer i dei trussamfunna og livssynssamfunna utanfor Dnk som søkjer om statsstøtte. Statistikken over trus- og livssynssamfunn utanfor Dnk byggjer på oppgåver frå fylkesmennene over dei samfunna som har fått statstilskot. T.o.m. 2004 mottok SSB kopi av søknadsskjema med oppgåve over talet på medlemmer direkte frå fylkesmennene. Frå 2005 blei medlemslistene til trus- og livssynssamfunn som søkte statstilskot via fylkesmennene sende til Brønnøysundregistra (BR) for kontroll. BR har ansvaret for kontrollen etter oppdrag frå Kultur- og kyrkjedepartementet. Medlemslistene blir kontrollerte internt i det enkelte samfunn og i tillegg kontrollerte for dobbeltmedlemskap mellom dei ulike trus- og livssynssamfunn og for dobbeltmedlemskap mellom Den norske kyrkja og trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja
-
Brukarar og bruksområde
-
Kulturdepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, andre offentlege etatar, forskingsinstitusjonar, media, studentar og andre interesserte.
-
Samanheng med annan statistikk
-
Denne statistikken kan sjåast i samanheng med statistikk over tenestestatistikk over Den norske kyrkja.
-
Lovheimel
-
Statistikken omfattar trussamfunn etter lov om trussamfunn og ymist anna av 13. juni 1969 nr. 25. Etter lovtilføyinga av 12. juni 1981 kan óg uregistrerte trudomssamfunn søkje om statstilskot frå stat og kommune. Vidare endring i forskrift om registrerte og uregistrerte trudomssamfunn av 19. april 2005. Statistikken omfattar óg livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn av 12. juni 1981 nr. 64 med forskrift om tilskot til livssynssamfunn av 1. desember 1988, samt endring i forskrift i lov om tilskot til livssynssamfunn av 19. april 2005. Data blir henta inn med heimel i §2-2 i statistikkloven.
-
EU-regulering
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Omfang
-
Alle trus- og livssynssamfunn som er godkjende hos fylkesmannen og som mottek statstilskot for rapportert tal på medlemmer i samfunnet. Eininga i statistikken er det enkelte samfunn. Registrerte og uregistrerte trus- og livssynssamfunn som ikkje har søkt om statstilskot, er ikkje med i statistikken. Statistikken inneheld ikkje opplysningar om talet på menigheiter. Statistikken skil ikkje på registrerte og uregistrerte samfunn.
-
Datakjelder og utval
-
Elektroniske data frå Brønnøysundregistra.
Ikkje relevant
-
Datainnsamling, revisjon og berekningar
-
Datafila blir sendt elektronisk frå BR til SSB når dei har utført den nødvendige kontrollen av medlemslistene dei har fått frå fylkesmennene.
BR har utført dei nødvendige kontrollane av organisasjonsnummer og fødselsnummer, slik at det ikkje er dublettar. Kontrollen går i hovudsak ut på å sjekke for dobbelt medlemskap (på individnivå) ,mot opplysningar frå Det sentrale folkeregisteret, mot andre trus- og livssynssamfunn og mot medlemsregisteret til Den norske kyrkja (Dnk). Datafilen som SSB mottek er ei aggregert fil og inneheld opplysningar om talet på medlemmer per organisasjonsnivå (orginasjonsnummer) per bukommune, før klagebehandling.
SSB koder den mottekne fila med koder etter eit utarbeidd kodesystem
Statistikken over trus- og livssynssamfunn er ein summarisk statistikk. Utover oppsummering av innrapporterte tal, blir det ikkje gjort nokre spesielle analysar.
-
Konfidensialitet
-
Datamaterialet kan definerast som sensitivt og celler må prikkast dersom det er færre enn tre observasjonar i ei celle.
-
Samanlikningar over tid og stad
-
SSB har produsert offisiell statistikk over medlemmer i trus- og livssynssamfunn sidan 1971 basert på oppgåver som fylkesmennene fekk inn i samband med tildeling av statstilskot. Som medlemmer blir rekna dei som har tilknyting til ei menigheit, dvs. barn under 16 år, når desse ikkje er melde inn i Dnk. Fordelinga etter fylke er der menigheita er registrert, som er lagt til grunn for grupperinga. Dette fell ikkje alltid saman med bustadfylket til den enkelte medlemmen.
Frå 2005 er det lagt til grunn eit nytt registreringssystem for talet på medlemmer, og datagrunnlaget for statistikken er endra i og med at SSB får dette frå BR. Ein kan såleis ikkje samanlikne statistikken med tidlegare år. Ein bør òg vere varsam med samanlikningar mellom dei tre siste åra (2005-2006-2007) då opprydningsarbeidet med kontroll av dobbeltmedlemskap har gått føre seg heilt til 2007. Fordelinga etter fylke er frå 2006 gjort ut frå bukommune til medlemmene
Omgrep
-
Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane
-
Trussamfunn: Godkjent trussamfunn etter lov om trudomssamfunn og ymist anna, lov-1969-06-13.
Livssynssamfunn: Godkjent livssynssamfunn etter lov om tilskot til livssynssamfunn, lov-1981-06-12.
-
Standard klassifikasjonar
-
Klassifisert etter dei store verdsreligionane og livssyn (basert på skjema frå samfunna). Elles inga standardklassifikasjon. SSB har stått for kategoriseringa av samfunna på organisasjonsnivå, delvis basert på nytt søknadsskjema (frå samfunna til fylkesmennene) og etter eit utarbeidd kodesystem.
Feilkjelder
-
Feilkjelder og uvisse
-
Statistikken for trus- og livssynssamfunn omfattar berre samfunn med medlemmer det er søkt om statstilskot for og seier ingenting om talet på medlemmer i andre registrerte samfunn. T.o.m 2010 inneheld statistikken medlemmer med gyldig boadresse. Eksempel på trussamfunn som ikkje søkjer om offentleg tilskot, er til dømes Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagers Hellige med anslagsvis 3 900 medlemmer i 2009 og 4 300 medlemmer i 2010. Det Mosaiske Trossamfund i Oslo er ikke med i statistikken for 2012. Samfunnet har om lag 700 medlemmer per 1.1.12012.
Ikkje relevant
Jf. pkt. 5.2.
Registerfeil er ikkje aktuelt
