32993_om
statistikk
2012-06-14T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Svalbard
no
true

Museum og samlingar2011

Innhald

Om statistikken

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Museum og samlingar
Emne: Kultur og fritid

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdanningsstatistikk

Regionalt nivå

Statistikken blir samla inn på institusjonsnivå. Publisering skjer på fylkes- og nasjonalt nivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert ein gong i året. Datagrunnlaget er kalenderåret, med publisering normalt i juni. Statistikken blir også publisert årleg i ein større papirpublikasjon.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Statistikken blir gjort offentleg via Dagens statistikk på SSB si heimeside på Internett, og som eigen publikasjon frå Norsk kulturråd, etter at statistikken er frigjeven frå SSB. Statistikken blir også gjeven ut på papir i ein større publikasjon, tidvis i serien Noregs offisielle statistikk og tidvis i serien Statistiske analysar. Nokre resultat blir og formidla i Statistisk Årbok.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med museumsstatistikken er å gje ei oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for stat, fylke, kommune og andre som er involverte i drifta eller finansieringa av musea på ein eller annan måte. Statistikken er blitt publisert årleg sidan 1983, med unntak av åra 1984 og 1990. Statistikken har vore publisert i samarbeid med Statens museumsråd, Norsk Museumsutvikling (NMU) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå statistikkrapporteringa i 2011, i samarbeid med Norsk kulturråd.

Brukarar og bruksområde

Forutan å gje departement, fylke og kommunar naudsynt styringsinformasjon, er også Museumsnett, Norsk kulturråd, Noregs museumsforbund, pressa og allmenta viktige brukarar.

Samanheng med annan statistikk

Statistikken blir nytta i samband med annan statistikk i SSB, til dømes med "Norsk kulturbarometer", som er ei undersøking om det norske folks kulturvanar.

Lovheimel

Ikkje relevant

EU-regulering

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Det finst ikkje nokon eintydig definisjon for museum i Noreg. Til og med 2001-statistikken betydde dette at alle samlingar som var opne for publikum, kunne vere inkluderte i populasjonen (sjå elles ICOMs definisjon av eit museum: NOU 1996:7 Museum - mangfald, minne, møtestad, side 35). Nokre museum blir administrerte under ei eining jamvel om dei er einskilde museum. I desse tilfella vil berre den administrative eininga få tilsendt skjema. Sidan svarprosenten varierte frå år til år, var det vanskeleg å samanlikne talgrunnlaget over tid. Frå og med statistikkåret 2002 består statistikken av ein delpopulasjon av dei norske musea. I tillegg til at musea skal vere opne for publikum, har vi avgrensa populasjonen til å gjelde berre dei musea som har minst eitt fast lønna årsverk. Ein vil då få ein meir stabil masse å halde seg til.

Datakjelder og utval

Dei enkelte musea er kjelde for sine data. Musea rapporterer elektronisk til Norsk kulturråd, som sender det samla datagrunnlaget til Statistisk sentralbyrå. Før 2004 var statistikken basert på kopi av skjema frå ABM-utvikling, "statistikk for norske museum og samlingar".

Eit utval av musea som Norsk kulturråd har registrert. Musea i utvalet skal vere opne for publikum og ha minst eitt fast lønna årsverk

Datainnsamling, revisjon og berekningar

Norsk kulturråd sender ut varsel om levering av elektroniske skjema med svarfrist 1. mars kvart år. Norsk kulturråd er sjølv ansvarleg for purring. Den samla datafila blir send til SSB for registrering og vidare arbeid.

Det blir køyrd manuelle og maskinelle kontrollar under utarbeidinga av statistikken.

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Sidan populasjonen ikkje har vore eintydig, og på grunn av svært varierande svarprosent frå år til år har det vore vanskeleg å seie noko om aktiviteten over tid. Frå og med statistikkåret 2002 vil populasjonen vere meir eintydig og ein reknar med at samanlikningar vil kunne gjerast frå og med år 2002.

Endringane for musea i Møre og Romsdal frå 2009 til 2010 kan kome av at eit av musea ikkje var representert i statistikken i 2009. Musea i Østfold har ikkje rapportert inn tal på betalande besøkjande i 2010. I dei samanslåtte einingane har det vore ulik praksis med rapportering av betalande besøkjande, noko som også kan ha gitt utslag på datakvaliteten.

Over halvparten av endringane i tal på fotografi frå 2010 til 2011 kjem av ein ny standardiseringsmåte for teljing av samlingane ved eit museum i Akershus.

Årsaka til over halvparten av endringane i tal på kunsthistoriske gjenstandar frå 2010 til 2011 er at frå og med 2011 tel Nasjonalmuseet for kunst alle objekt i samlingane sine som kunsthistoriske gjenstandar, og at museet frå og med 2011 bruker tal på registrerte objekt i ein samlingsdatabase, i staden for å bruke overslag av tal på gjenstandar frå 2002 pluss årleg tilvekst.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Frå og med rapporteringsåret 2011 har ein gått bort ifrå å rapportere på typar museum. Tidlegare opererte ein med fire eller fem ulike typar museum:

Kunst- og kunstindustrimuseum : Museum som samlar, tek vare på og formidlar kunst og/eller kunsthandverk og designprodukt.

Kulturhistorisk museum : Museum som samlar, tek vare på og formidlar kulturhistorisk materiale.

Naturhistorisk museum : Museum som samlar, tek vare på og formidlar naturhistorisk materiale.

Blanda kultur- og naturhistorisk museum : Museet skal ha ei aktiv verksemd på begge sektorar for å krysse av i rubrikken "blanda kultur- og naturhistorisk".

Blanda kunst- og kulturhistorisk museum : Museet skal ha ei aktiv verksemd på begge sektorar for å krysse av i rubrikken "blanda kunst- og kulturhistorisk".

Musea definerte sjølve kva gruppe dei høyrde til. Typen blei fastsett ut frå kva for ei verksemd museet meinte var deira hovudområde.

Kulturhistoriske bygningar: Med kulturhistoriske bygningar i museumsstatistikken meiner ein bygningar som har kunnskaps- og kjeldeverdi ved at dei vitnar om lokal kunnskap, estetikk, tradisjonar, levemåte, arkitektur og økonomiske forutsetningar.

Standard klassifikasjonar

Selskapsform : er den reelle eigaren. Dette kan vere ulikt frå hovudfinansieringskjelda.

Gjenstandar/objekt : kan vere kunsthistoriske, kulturhistoriske, naturhistoriske, arkeologiske og fotografi.

Basisutstillingar : Fast utstilling som er ein del av museet sitt faste opplegg for formidling.

Eigenprodusert vandreutstilling i drift : Utstilling som er laga for å kunne transporterast og visast på fleire stader.

Temporær utstilling : Utstiling som er montert og som skal visast ei avgrensa tid. Visingstida kan variere frå nokre få dagar og inntil eit år.

Inntekter totalt : inkluderer offentlege løyvingar, billettinntekter, gåver og andre inntekter.

Utgifter i alt : inkluderer lønn, sosiale utgifter, andre driftsutgifter og investeringar.

Feilkjelder

Feilkjelder og uvisse

Det kan oppstå feil ved utfylling av skjema i dei einskilde musea, og ved arbeidet hos SSB. Dei fleste slike feil blir funne og retta ved maskinelle og manuelle kontrollar. Nokre museum lèt vere å svare på enkelte spørsmål i skjemaet.

Elektronisk skjema blir sendt ut til alle musea som Norsk kulturråd har registrert. Svarprosenten har vore svært varierande på 1990-talet. Ein reknar likevel med at det var dei minste einingane som lèt vere å svare, og ein reknar likevel med at statistikken dekte dei vesentlegaste aktivitetane på området gjennom året. Eit monaleg større problem var det at sidan talet på museum endra seg såpass drastisk frå år til år, var det nærast umogleg å seie noko om utviklinga over tid. Ein har difor skipa til ein delpopulasjon av musea som ein kan halda rekneskap over. Det har gått føre seg ein konsolideringsprosess i museumssektoren. Talet på museum i delpopulasjonen vil endra seg litt frå år til år, men ein reknar likevel med at statistikken dekkjer dei same musea.

Tilbakemelding

Fann du det du leita etter?