222282_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/kultur_kostra/aar
222282
Ei av tre kulturkroner til idrett
statistikk
2015-06-22T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Offentlig sektor
no
kultur_kostra, Kulturtilbod, bibliotek, idrett, musikkskoler, kino, kunst, museum, driftsutgifterKOSTRA, Kultur, Kultur og fritid, Offentlig sektor
false
Kulturtilbud i kommuner og fylkeskommuner. Norske kommuner brukte til sammen 10,4 milliarder kroner av sine netto driftsutgifter til kulturformål i 2014.

Kulturtilbod2014

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Ei av tre kulturkroner til idrett

Norske kommunar brukte til saman 10,4 milliardar kroner av sine netto driftsutgifter til kulturføremål i 2014. 32 prosent av desse midlane vart brukt til idrett, medan 14 prosent kvar gjekk til folkebibliotek og kommunale musikk- og kulturskolar.

Kulturtilbod i kommunar og fylkeskommunar
Millionar kroner
20132014
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern9 81310 378
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur, konsern1 3281 587
Kroner
Kommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern1 9212 009
Fylkeskommunanes netto driftsutgifter til kultur per innbyggjar, konsern260307

Andre kulturaktivitetar inkludert kommunale kulturbygg fekk tildelt 23 prosent av kommunane sine netto driftsutgifter til kulturføremål i året som gjekk.

Kino og musea fekk lågast del av dei kommunale kulturmidlane, høvesvis 0,6 og 3,6 prosent.

På staden kvil

Kommunane sine netto driftsutgifter til kultursektoren i 2014 utgjorde 3,8 prosent av deira totale netto driftsutgifter i 2014. Dette var på omlag same nivå som året før.

Derimot auka den gjennomsnittlige kulturutgifta per innbyggjar med 5 prosent eller 95 kroner, frå 1 921 i 2013 til 2 016 kroner i 2014. Samanlikna med 2012 og 2011 var aukinga på høvesvis 157 og 225 kroner per innbyggjar.

Fylkeskommunane brukte 1,6 milliardar

Kultur-KOSTRA omfattar òg utgifter til kulturføremål i fylkeskommunane. Fylkeskommunane brukte 1,6 milliardar kroner til kultursektoren i 2014. Dette utgjorde 1,8 prosent av dei totale netto driftsutgiftene til fylkeskommunane.

Av midlane fylkeskommunane brukte til kultursektoren, gjekk 400 millionar kroner til kunstformidling og 390 millionar kroner til musea. Kunstproduksjon fekk med 116 millionar kroner lågast del av kulturmidlane frå fylkeskommunane.