9729_om_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/aar
9729_om
statistikk
2014-05-22T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
false

Fag- og forskingsbibliotek2013

Innhald

Om statistikken

Omgrep

Namn og emne

Namn: Fag- og forskingsbibliotek
Emne: Kultur og fritid

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for utdannings- og kulturstatistikk

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Fjernlån - er lån frå eit bibliotek til eit anna bibliotek under anna administrativ eining eller lån til enkeltpersonar/ institusjonar utanfor denne som sjølv vender seg til biblioteket.

Databasar - blir delt opp i desse typane:

- referansedatabasar; ei samling av bibliografiske referansar i ein database

- fulltekstdatabasar; er ei samling av originaltekster

- andre databasar er t.d. oversikter/ katalogar, ordbøker, statistikkbasar osv.

Standard klassifikasjonar

Baserer seg på den internasjonale standarden på området som er ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.

Administrative opplysingar

Regionalt nivå

Fylkesnivå.

Kor ofte og aktualitet

Statistikken blir publisert ein gong i året. Datagrunnlaget er kalenderåret, med publisering normalt i mai/juni.

Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Nasjonalbiblioteket står som eigar av data og har gjennomarbeidd ei fil til utarbeiding av offisiell statistikk over sektoren.

Bakgrunn

Føremål og historie

Føremålet med statistikken er å gje ei samla oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for dei som er involverte i drifta eller finansieringa av biblioteka på ein eller annan måte. Statistikken har vore publisert årleg sidan 1980 i samarbeid med Riksbibliotekstenesta (RBT) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå og med publiseringsåret 2011 er samarbeidet med Nasjonalbiblioteket.

Brukarar og bruksområde

Viktigaste brukarar er Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, media og biblioteksektoren.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Data blir brukte i internasjonal samanheng av LIBECON (http://www.libecon.org/), basert på rapporteringar frå Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket baserer sine rapporteringar på standarden ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.

Lovheimel

Frivillig rapportering.

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Statistikken dekkjer fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket ajourfører ei oversikt over alle eksisterande bibliotek. Statistikken omfattar bestand, tilgang og avgang av forskjellige typar bøker, periodika, tidskrifter osv. samt rekneskapsdata og data om tilsette.

Datakjelder og utval

Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data. Men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.

Undersøkinga er meint å dekkje heile sektoren.

Datainnsamling, editering og beregninger

Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data, men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.

Statistisk sentralbyrå mottek ei datafil frå Nasjonalbiblioteket som vil danne grunnlaget for den offisielle statistikken. Nasjonalbiblioteket har også ansvaret for purringar og ajourføring av populasjonen.

Logiske summeringar og samanhengen i skjemaet blir sjekka. I tillegg blir det kontrollert mot fjorårets tal der det er uvanleg store avvik frå forventa rapporterte tal.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Ikkje relevant

Samanlikningar over tid og stad

Fyrstegongslån er samanliknbartfrå frå og med 2012.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Ikkje alle bibliotek fyller ut alle felta. Årsaka kan sjølvsagt vere at det ikkje finst data å rapportere, men i enkelte tilfelle kan det også kome av feiltolkingar, forgløymingar eller manglande oppdatering av fagsystema som vil kunne føre til feilrapportering og dermed feil i statistikken.

Fråfall: Sjølv om svarprosenten er tett opp til 100 prosent, vil det vere eit lite fråfall av einingar som vil vere ei feilkjelde i samanlikningar av totaltala mellom dei forskjellige årgangane

Revisjon

Sjå SSBs prinsipp for revisjon.