163499_not-searchable
/kultur-og-fritid/statistikker/ffbibl/aar
163499
Færre bøker og periodika
statistikk
2014-05-22T10:00:00.000Z
Kultur og fritid;Utdanning;Svalbard
no
ffbibl, Fag- og forskingsbibliotek, fagbibliotek, forskningsbibliotek, universitetsbibliotek, høgskolebibliotek, nasjonalbibliotek, spesialbibliotek, utlån, innlån, samlingar, bøker, tidsskrift, digitale dokumentar, sysselsette, inntekter, utgifterHøyere utdanning, Kultur og fritid, Kultur, Utdanning, Kultur og fritid, Svalbard
false

Fag- og forskingsbibliotek2013

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Færre bøker og periodika

Bestanden bøker og periodika i norske fag- og forskingsbibliotek var på 18 millionar i 2013. Det er 2 millionar færre enn førre året. Utlånstala hadde òg ein nedgang i den same perioden, på 3 prosent.

Fag- og forskningsbibliotek. Samlingar og utlån. Tal og prosent
20122013Prosentvis endringProsentvis endring
2012 - 20132009 - 2013
Bøker og periodika, tal på bind i alt19 807 91518 063 576-9-12
AV-dokument2 801 7373 118 04211167
 
Utlån totalt2 299 2502 221 009-3.
Figur 1. Bøker og periodika. Talet på bind. 2012 og 2013

Samlinga med bøker og periodika på norske fag- og forskingsbibliotek er i ferd med å minka. Universitetsbibliotek hadde i 2013 om lag 1 million færre bøker samanlikna med førre året. Nesten alle typar bibliotek hadde ein nedgang i bestanden denne perioden.

Fag- og forskingsbibliotek lånte ut 2,2 millionar bøker og anna bibliotekmateriale i 2013. I 2012 var talet på utlån 2,3 millionar bøker. I prosent er utlånstala for 2013 3 prosent lågare enn for 2012.

Talet på lokale utlån var 1,9 millionar i 2013, det same resultatet som for 2012. Utlån frå biblioteka til andre bibliotek minka noko. I 2013 var det 0,3 millionar av utlåna fjernlån, medan det i 2012 var 0,1 million fleire.

Det var nær 2 100 personar som utgjorde 1 600 årsverk ved fag- og forskingsbiblioteka i 2013.