Oppdatert
Neste oppdatering
Foreløpig ikkje fastsett
Nøkkeltal
110 856
deltakarar i formalisert undervisning
| 2015 | 2016 | Prosentvis endring | |
|---|---|---|---|
| 2015 - 2016 | |||
| Utlån på biblioteka (millionar) | 1,8 | 1,6 | -6,2 |
| Medieutgifter (1000 kr) | 487 686 | 549 934 | 12,8 |
| Årsverk for året i alt | 1 648 | 1 562 | -5,2 |
| Formalisert undervisning deltaking | 101 961 | 110 856 | 8,7 |
Sjå fleire tabellar om emnet
Tabell 1
Bestand av bøker og periodika, fysisk.
| Alle fag- og forskingsbibliotek | Nasjonalbibliotek | Bibliotek ved universitet | Bibliotek ved vitskapelege høgskolar | Bibliotek ved høgskolar | Spesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar | |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1Mange fag og forskingsbibliotek har skifta biblioteksystem frå BIBSYS til Alma i 2015. Nokre av tala for bestand og tilvekst kan derfor vere usikre. | ||||||
| Bøker og periodika, tal på bind i alt1 | 16 709 560 | 3 329 811 | 8 486 954 | 452 948 | 1 569 381 | 2 870 466 |
| Av dette | ||||||
| Bøker fysisk | 15 320 001 | 2 927 022 | 7 897 987 | 421 387 | 1 505 837 | 2 567 768 |
| Tidsskrift fysisk form - tal på abonnement | 436 210 | 8 283 | 237 648 | 4 480 | 13 243 | 172 556 |
| Aviser fysisk form - tal på abonnement | 2 179 | 246 | 524 | 46 | 152 | 1 211 |
| Årbøker, monografiseriar, rapportseriar og liknande fysisk | 951 170 | 394 260 | 350 795 | 27 035 | 50 149 | 128 931 |
Om statistikken
Statistikk over fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek ved forskingsinstitutt og Nasjonalbiblioteket. Statistikken viser ei samla oversikt over aktiviteten i løpet av året.
Omgrep
-
Fjernlån - er lån frå eit bibliotek til eit anna bibliotek under anna administrativ eining eller lån til enkeltpersonar/ institusjonar utanfor denne som sjølv vender seg til biblioteket.
Databasar - blir delt opp i desse typane:
- referansedatabasar; ei samling av bibliografiske referansar i ein database
- fulltekstdatabasar; er ei samling av originaltekster
- andre databasar er t.d. oversikter/ katalogar, ordbøker, statistikkbasar osv.
-
Baserer seg på den internasjonale standarden på området som er ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.
Administrative opplysingar
-
Namn: Fag- og forskingsbibliotek
Emne: Kultur og fritid
-
Seksjon for utdanningsstatistikk
-
Fylkesnivå.
-
Statistikken blir publisert ein gong i året. Datagrunnlaget er kalenderåret, med publisering normalt i mai/juni.
-
Ikkje relevant.
-
Nasjonalbiblioteket står som eigar av data og har gjennomarbeidd ei fil til utarbeiding av offisiell statistikk over sektoren.
Bakgrunn
-
Føremålet med statistikken er å gje ei samla oversikt over aktiviteten på området i løpet av året. Statistikken gjev også naudsynt informasjon for dei som er involverte i drifta eller finansieringa av biblioteka på ein eller annan måte. Statistikken har vore publisert årleg sidan 1980 i samarbeid med Riksbibliotekstenesta (RBT) og ABM-utvikling - Statens senter for arkiv, bibliotek og museum. Frå og med publiseringsåret 2011 er samarbeidet med Nasjonalbiblioteket.
-
Viktigaste brukarar er Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet, media og biblioteksektoren.
-
Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 08.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkalenderen. Dette er eit av dei viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.
-
Data blir brukte i internasjonal samanheng av LIBECON (http://www.libecon.org/), basert på rapporteringar frå Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket baserer sine rapporteringar på standarden ISO 2789, Information and documentation - International library statistics.
-
Frivillig rapportering.
-
Ikkje relevant
Produksjon
-
Statistikken dekkjer fag- og forskingsbibliotek ved norske universitet og høgskolar, offentlege og private spesialbibliotek og Nasjonalbiblioteket. Nasjonalbiblioteket ajourfører ei oversikt over alle eksisterande bibliotek. Statistikken omfattar bestand, tilgang og avgang av forskjellige typar bøker, periodika, tidskrifter osv. samt rekneskapsdata og data om tilsette.
-
Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data. Men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.
Undersøkinga er meint å dekkje heile sektoren.
-
Det enkelte bibliotek er kjelde for sine data, men ein har prøvd å lage statistikkskjemaet med tanke på at data skal vere tilgjengelege i dei bibliotekfaglege systema, f.eks. BIBSYS.
Statistisk sentralbyrå mottek ei datafil frå Nasjonalbiblioteket som vil danne grunnlaget for den offisielle statistikken. Nasjonalbiblioteket har også ansvaret for purringar og ajourføring av populasjonen.
Logiske summeringar og samanhengen i skjemaet blir sjekka. I tillegg blir det kontrollert mot fjorårets tal der det er uvanleg store avvik frå forventa rapporterte tal.
-
Ikkje relevant
-
Ikkje relevant
-
Fyrstegongslån er samanliknbartfrå frå og med 2012.
Nøyaktigheit og pålitelegheit
-
Ikkje alle bibliotek fyller ut alle felta. Årsaka kan sjølvsagt vere at det ikkje finst data å rapportere, men i enkelte tilfelle kan det også kome av feiltolkingar, forgløymingar eller manglande oppdatering av fagsystema som vil kunne føre til feilrapportering og dermed feil i statistikken.
Fråfall: Sjølv om svarprosenten er tett opp til 100 prosent, vil det vere eit lite fråfall av einingar som vil vere ei feilkjelde i samanlikningar av totaltala mellom dei forskjellige årgangane
-
Ikkje relevant
Kontakt
-
Alice Steinkellner
62 88 52 08
-
Liv Taule
62 88 53 00
-
Elin Såheim Bjørkli
62 88 51 06




