Mest til idrettsbygg og -anlegg

Publisert:

Norske kommunar brukte i gjennomsnitt 4 prosent av dei samla netto driftsutgiftene sine til kultursektoren i 2018. Til saman utgjorde dette 12,9 milliardar kroner som er ein auke på 6 prosent frå året før.

Ein fjerdedel av kulturutgiftene gjekk til kommunale idrettsbygg og -anlegg, medan kino og museum fekk minst med høvesvis 0,3 og 3,9 prosent. Kommunane brukte meir pengar på alle kulturområda, unnateke kino, i 2018 enn året før, syner nye tal frå Kulturtilbod

Meir pengar per innbyggjar på kultur

I 2018 var dei gjennomsnittlege kulturutgiftene per innbyggjar på 2 428 kroner som er 131 kroner meir per innbyggjar enn året før.

I tillegg til dei kommunale tilskotta, yter òg fylkeskommunane pengar til kultursektoren. Netto driftsutgifter til kultursektoren frå fylkeskommunane var på 309 kroner per innbyggjar i året som gjekk. Dette er ein auke på 35 kroner per innbyggjar frå 2017 til 2018. 

Figur 1. Netto driftsutgifter for kultursektoren per innbyggjar. Kommunar og fylkeskommunar

Fylkeskommunar Kommunar
2007 199 1447
2008 203 1554
2009 210 1585
2010 229 1733
2011 244 1791
2012 249 1859
2013 260 1921
2014 307 2009
2015 288 2036
2016 282 2148
2017 274 2297
2018 309 2428

Kontakt