Utlån frå fag- og forskingsbiblioteka held seg stabilt

Publisert:

Samla sett held talet på fysiske utlån frå fag- og forskingsbiblioteka seg stabilt, med ein marginal nedgang på 1 prosent. Ser vi nærare på tala, viser det seg at dette er eit gjennomsnitt av eit delt bilete.

Figur 1. Fysiske utlån alle fag- og forskningsbibliotek inkludert Nasjonalbiblioteket

2013 2014 2015 2016 2017 2018
Fysisk utlån 2183313 1924919 1776317 1618535 1647222 1634451

Slik det kommer fram av hovudtallstabellen har talet på fysiske utlån frå alle fag- og forskingsbiblioteka samla, hatt ein minimal nedgang på 1 prosent frå 2017 til 2018. Dette stadfestar at talet på fysiske utlån totalt har stabilisert seg over dei to siste åra. Frå 2013 til 2016 var nedgangen på heile 26 prosent.

Figur 2. Fysiske utlån frå fag- og forskingsbiblioteka totalt, utanom Nasjonalbiblioteket¹

2013 2014 2015 2016 2017 2018
Antall utlån 1992690 1743747 1605612 1494411 1483184 1407259

Dersom ein ser bort frå Nasjonalbiblioteket, som skil seg ut med anna status og andre oppgåver, viser det seg at det har vore ein forsiktig nedgang på 5 prosent i talet på fysiske utlån frå 2017 til 2018 for dei andre fag- og forskingsbiblioteka. Dette gjeld universitetsbiblioteka, bibliotek ved vitskaplege og andre høgskoler, samt spesialbibliotek og bibliotek ved helseinstitusjonar.

Figur 3. Fysiske utlån frå Nasjonalbiblioteket

2013 2014 2015 2016 2017 2018
Antall utlån 193979 183814 172124 125140 165199 228958

Ser vi nærare på utviklinga i talet på fysiske utlån frå Nasjonalbiblioteket, har det vore ein aukande trend i talet på fysiske utlån frå 2016 til 2018, på til saman 83 prosent. Dette er ein markant endring frå den fallande trenden i fysiske utlån hos Nasjonalbiblioteket frå 2013 til 2016 på 35 prosent.

Endringar i statistikken

Frå 2017 til 2018 gjekk 4 bibliotek permanent ut av populasjonen. Samstundes var det 6 bibliotek som ikkje leverte tal til statistikken for 2018. Disse 10 biblioteka hadde i 2017 eit samla eit utlånstal på 3 350 lån, noko som tilseier at deira fråvær i liten grad påverka talet på fysiske utlån i 2018.

Kontakt