Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Kyrkjelege fellesråd, rekneskapsstatistikk

1.2. Emnegruppe

12.01.20 - Kommunale finansar

1.3. Kor ofte og aktualitet

Årleg, seks eller sju månader etter utgangen av rekneskapsåret.

1.4. Regionalt nivå

Innhenting av rekneskapane for alle kyrkjelige fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.

1.5. Ansvarleg seksjon

950 - Seksjon for offentlige finanser

1.6. Lovheimel

Kyrkjeloven av 7. juni 1996, samt forskrift om Økonomiforvaltningen for kirkelige fellesråd og menighetsråd i Den norske kirke av 25.september 2003.

1.7. EU-rettsakt

Ingen

1.8. Internasjonal rapportering

Inngår i makroøkonomisk rapportering.

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Statistikken vart fyrste gong innhenta for året 1997. I 2004 gjekk fellesråda og sokneråda over til å føre rekneskapane etter ny kontoplan.

2.2. Brukarar og bruksområde

Dei viktigaste brukarane er Fornyings- administrasjons- og kyrkjedepartementet (FAD), Den norske kyrkje og Kyrkjeforskning (KIFO) og Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon.

Totaltala inngår i nasjonalrekneskapen.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Innhentinga omfattar alle kyrkjelege fellesråd, og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.

3.2. Datakjelder

Rekneskapane rapporterast frå fellesråda og frå sokneråda.

3.3. Utval

Innhentinga omfattar alle fellesråd og sokneråd i kommunar med berre eitt sokneråd.

3.4. Datainnsamling

Data vert henta inn gjennom filuttrekk frå rekneskapssystema eller ved utfylling av elektronisk skjema. Det er berre elektronisk rapportering. Frist for innsending er 15. mars i året etter rekneskapsåret. Mange fellesråd og sokneråd held ikkje fristen.

3.5. Kontroll og revisjon

Ved filuttrekk og elektronisk skjema vert det gjort kontrollar før innsending og i SSB sitt datamottak. I tillegg vert alle rekneskap sjekka for ulogiske samanhengar av SSB.

3.6. Berekningar

I publiseringa vert det gjort berekningar for å hanskas med manglande rekneskapar. Me baserar berekninga på innbyggjartal for dei fellesråda som ikkje har rapportert.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje aktuelt

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Tabellane byggjar på rekneskapsoppstillingane i forskrift om Økonomiforvaltningen for kirkelige fellesråd og menighetsråd i Den norske kirke. Detaljnivået kan vere noko annleis.

4.2. Standard klassifikasjonar

Ingen

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Feil kan oppstå før innsending, ved filuttrekk frå rekneskapssystema, og ved feil registrering ved manuell utfylling av skjema.

5.2. Fråfallsfeil

Både blant fellesråda og sokneråda er det manglande innsending av rekneskap. Det korrigerast for i SSB (sjå punkt 3.6), men kan likevel føre til unøyaktigheiter i tala.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje aktuelt

5.4. Andre feil

Ikkje aktuelt

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Endringar i rekneskapsføringa frå 2004 gjer at samanlikningar på detaljert nivå kan verta unøyaktige.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Rekneskapane nyttast i nasjonalrekneskapen og i internasjonal rapportering.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken vert publisert elektronisk i Dagens statistikk:

Kyrkjelege fellesråd, rekneskapsstatistikk

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata lagras i database.


2012 © Statistisk sentralbyrå