38670
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/jt1999/hvert-10-aar
38670
Store strukturendringar i jordbruket
statistikk
2001-04-03T10:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
jt1999, Jordbruksteljing (opphørt), gardbrukarar, bønder, gardsbruk, driftseiningar, bruksstorleik, driftsbygningar, jordbruksareal, jordbruksmaskinar, husdyrbruk, hagebruk, veksthus, odelsrett, landbruksutdanning, tilleggsnæringarLandbrukstellinger , Jord, skog, jakt og fiskeri
true

Jordbruksteljing (opphørt)1999

Denne statistikken er nedlagd, sjå teljinga frå 2010: Landbruksteljing

Innhald

Publisert:

Store strukturendringar i jordbruket

Halvert brukstal, dobbelt så store driftseiningar, 70-80 prosent færre husdyrprodusentar og større buskapar. Dette er utviklinga i jordbruksnæringa frå 1969 til 1999.

 Driftseiningar etter storleik på jordbruksareal i drift

I 1999 var det i alt 70 740 driftseiningar med areal i drift. Dette er ein nedgang på 55 prosent sidan 1969. Gjennomsnittsbruket hadde 147 dekar i drift i 1999. Medan fire av fem bruk hadde mindre enn 100 dekar i drift i 1969, hadde to av fem mindre enn 100 dekar i drift i 1999. Talet på bruk med 300 dekar og meir i drift vart nær tredobla.

Jordbruksarealet auka i perioden med rundt 8 prosent til 10,3 millionar dekar. Omfanget av leigeareal auka sterkt, og i 1999 var nesten ein tredel av alt jordbruksareal i drift leigejord. I 1979 var rundt ein femdel leigejord.

Større husdyrbuskapar

På same måte som for jordbruksareal, har husdyrproduksjonen blitt konsentrert på færre og større einingar. Med unntak for mjølkeku har talet på husdyr auka for dei fleste husdyrslaga. Størst var auken i talet på alssvin som gjekk opp med nær 30 prosent dei siste 30 åra. Talet på bruk med husdyr gjekk sterkt tilbake, og nedgangen har vore på mellom 70 og 80 prosent.

79 500 årsverk i jordbruk og hagebruk

Arbeidsinnsatsen i jordbruk og hagebruk tilsvarte 79 500 årsverk i 1999. 77 prosent av arbeidsinnsatsen vart utført av brukarane sjølve, medan familiemedlemmer og anna fast og tilfeldig hjelp utførte resten. På halvparten av bruka var samla arbeidsinnsats på eitt årsverk eller meir, medan eitt av tre bruk hadde arbeidsinnsats mindre enn eit halvt årsverk. Gjennomsnittleg vart det utført 1,1 årsverk per bruk.

36 000 brukarar, medrekna ektefellar og sambuarar, arbeidde 1 500 timar eller meir på bruket. Dette tilsvarte knapt 30 prosent av alle brukarar med ektefellar eller sambuarar. I 1989 arbeidde vel 20 prosent av brukarane 1 500 timar eller meir på bruket.

For første gong har arbeidsinnsats i såkalla tilleggsnæringar blitt kartlagt. Tilleggsnæringar er aktivitetar som utnyttar areal, bygningar eller maskinar tilhøyrande driftseininga. På i alt 29 000 driftseiningar vart det utført 4 400 årsverk i desse næringane. Den viktigaste tilleggsnæringa var leigekøyring for andre, som vart utført på 14 000 driftseiningar.

Yngre bønder

Gjennomsnittsalderen til brukarane gjekk ned frå 54 år i 1969 til 48 år i 1999. Den relative delen av brukarar yngre enn 50 år auka frå 36 prosent i 1969 til 55 prosent i 1999. Brukarar som var 60 år eller eldre gjekk tilbake og utgjorde 17 prosent av alle brukarar i 1999.

 Driftseiningar etter talet på jordstykke

"Mange jordstykke små"

For første gong vart det stilt spørsmål om arrondering av jordbruksarealet. Det vil seie kor store og samanhengande jordbruksareala er. Gjennomsnittsstorleiken på teigar og jordstykke var i 1999 høvesvis 47 og 23 dekar, men det var store skilnader mellom fylka. Ein teig er her definert som jordbruksareal heilt omslutta av andre eigedommar, medan eit jordstykke er samanhengande jordbruksareal avgrensa av til dømes veg, bekk eller skog. Teigen er ofte samansett av fleire jordstykke. Størst var teigane på Austlandet, medan dei var minst i Agder. Storleiken på teigane og jordstykka er med på å fastsetje kor effektivt det er mogleg å drive arealet. Vanlegvis er det meir tidkrevjande å drive eit oppdelt areal med mange jordstykke, framfor eitt stort samanhengande areal. Frå eit kulturlandskapssyn er det på den andre sida ønskjeleg med eit areal som er noko meir oppdelt og ikkje så homogent.

Fleire resultat

Dette er førebels siste artikkelen som tek føre seg resultat frå Jordbruksteljing 1999. Sidan desember 2000 har resultata blitt presenterte fylkesvis i eigne artiklar. Ved å klikke på "Tidlegare publisert" til venstre, vil alle artiklane med tabellvedlegg bli tilgjengeleg. Detaljerte kommunetal er presenterte i "Fakta om kommunane" som òg fins til venstre. Ved å vende seg til Statistisk sentralbyrå, er det mogleg å få henta ut fleire opplysningar, eller å få resultata gruppert på andre måtar.

I mai/juni vil det føreliggje papirpublikasjonar med landstal, fylkestal og kommunetal.

Tabeller: