10.04.10 - Jordbruk, jakt, viltstell
Årleg.
Fylke.
430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk
Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3.
Ikkje relevant.
Ikkje relevant.
Føremålet med statistikken er å presentere årleg statistikk over avling av poteter og grovfôrvekstar. Frå og med 1990 har data om kornavling blitt henta frå Leveranseregisteret for korn og oljefrø, medan data om potet- og grovfôravling framleis er tufta på ei skjemabasert undersøking i regi av SSB.
Statistikken blir nytta av bransjeorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet og ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning.
Jordbruksavlingar omfattar kornavlingar og avling av potet og grovfôrvekstar. Statistikken over kornavlingar byggjer på opplysningar frå Leveranseregisteret for korn- og oljevekstar i Statens landbruksforvaltning, og er omtala på Statistisk sentralbyrås internettsider under: http://www.ssb.no/emner/10/04/10/korn
Statistikk over potet- og grovfôravlingar blir utarbeidd på grunnlag av opplysningar om avling av desse vekstane henta inn ved ei skjemabasert utvalsundersøking. Utgangspunkt for populasjonen er jordbruksbedrifter som søkte om produksjonstilskott i jordbruket 31. juli det året statistikken refererer til. Det er jordbruksbedrifter med minst ein av følgjande produksjonar som er med i populasjonen:
Eng til slått og beite
Andre fôrvekstar
Potet
Avling frå beita eng inngår ikkje i statistikken, medan beita avling av andre grovfôrvekstar inngår.
Frå registeret over søknadar om produksjonstilskott i jordbruket blir det nytta opplysningar om jordbruksbedrifta, slik som namn og adresse til søkjar og arealfordeling av dei ulike vekstane. Opplysningar om hausta areal, avlingsnivå og haustemetodar kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema.
Det blir kvart år trekt eit utval blant dei som søkjer om produksjonstilskott i jordbruket og som skal gi oppgåve til undersøkinga. Det er søkjarar med areal av eng og andre fôrvekstar eller potet som er med i trekkjegrunnlaget.
Utvalet omfattar om lag 3 100 jordbruksbedrifter med ein eller fleire av dei oppgitte vekstane. Utvalet er stratifisert utifrå fylke og kategori, der kategori er bestemt utifrå kombinasjonen av kva som blir dyrka av potet, eng eller andre fôrvekstar.
Skjema blir sendt ut til dei jordbruksbedriftene som blir trekt ut til å vere med i undersøkinga. Utsending av skjema skjer i november, og det skal gis oppgåve over avlinga sist vekstsesong. Det er den som søkjer om produksjonstilskott på jordbruksbedrifta som skal gi oppgåve. Frå og med 2004 har det vore eit tilbod om rapportering over Internett.
Det blir gjort ei rekkje kontrollar og rettingar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.
Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta ved revisjon i Statistisk sentralbyrå.
Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.
Innsamla data blir nytta til å rekne ut det totale arealet som er hausta, og avlinga som er produsert på desse areala. Total avling skal gis per fylke for alle variable med unnatak av rotvekstar til fôr.
Total avling for heile landet og for fylka blir rekna ut på grunnlag av berekna gjennomsnittsavlingar frå utvalsundersøkinga og areal av dei ymse vekstane frå totalpopulasjonen for jordbruksbedrifter.
Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter kan blir identifisert.
Engareal er areal av fulldyrka og overflatedyrka eng til slått og beite.
Andre fôrvekstar (tidlegare kalla grønfôr- og silovekstar) er summen av areal nytta til raigras, fôrraps, fôrmergkål, grønfôrnepe, korn til grønfôr, korn til krossing, grønfôrblandingar og rotvekstar til fôr.
Ikkje relevant.
Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Til dømes kan det i praksis vere vanskeleg å gi gode tal for avling av engvekstar til fôr. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta av dei som går gjennom skjema ved revisjon i Statistisk sentralbyrå. Kontrollopplegget avslører også logiske feil i skjema.
Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved revisjon, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mykje som mogleg.
Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar. Alminneleg svarprosent ligg på 90 prosent.
Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper med få observasjonar er særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avviker mykje frå gjennomsnittet.
I utvalet skal bruk med alle arealkombinasjonar av poteter, grønfôr- og silovekstar eller eng inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte grupper med få einingar, er det trekt ein høgare prosent i nokre grupper.
Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også innverknad på det ferdige resultatet.
Statistikken er stort sett samanliknelig tilbake til 1970. Unnataket er avling av eng til slått, som før 1995 blei omrekna på energibasis til høy, men som sidan 1995 er omrekna via tørrstoff til høy.
Ikkje relevant.
Statistikken om Potet- og grovfôravlingar blir publisert på ssb.no.
Her er det lenke til Statistikkbanken kor ein kan lage eigne tabellar.
Mikrodata blir lagra i SSB.
2009 © Statistisk sentralbyrå