Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Jordbruksareal og husdyr

1.2. Emnegruppe

10.04.10 - Jordbruk, jakt, viltstell

1.3. Kor ofte og aktualitet

Årlig.

1.4. Regionalt nivå

Fylke. Kommune.

1.5. Ansvarleg seksjon

430 - Seksjon for primærnæringsstatistikk

1.6. Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 3-2.

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

Ikkje relevant.

2. Bakgrunn og føremål

Med bakgrunn i registeret over dei som søker om produksjonstilskott i jordbruket blir det utarbeidd statistikk over arealbruk og husdyrhald per 31. juli. Saman med fleire andre register blir produksjonstilskottsregisteret også nytta til utarbeiding av SSB sin totalpopulasjon for jordbruket .Produksjonstilskottsregisteret omfattar om lag 96 prosent av alle jordbruksbedriftene, og dekkjer 99 prosent av jordbruksarealet i drift.

2.1. Føremål og historie

Føremålet er å kartleggje bruken av jordbruksareal i drift og husdyrhald på kommunenivå. Opplysningar frå registeret over søknadar om produksjonstilskott i jordbruket har vore nytta som datagrunnlag sidan 1984.

2.2. Brukarar og bruksområde

Statistikken blir i stor grad nytta av offentlege verksemder og næringsorganisasjonane i jordbruket.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Statistikken omfattar alle som søker om produksjonstilskott i jordbruket per 31. juli. Det blir berre gitt eitt produksjonstilskott per jordbruksbedrift. Alle landbrukseigedomar som blir drive av same brukar blir rekna som ei jordbruksbedrift.

3.2. Datakjelder

Registeret over alle som søker om produksjonstilskott i jordbruket frå Statens landbruksforvaltning er grunnlaget for utarbeiding av statistikken.

3.3. Utval

Ikkje relevant.

3.4. Datainnsamling

Elektronisk, frå registeret over Søknader om produksjonstilskott i jordbruket.

3.5. Kontroll og revisjon

Det blir gjennomført maskinelle kontrollar av registreringsfeil, dublettar og observasjonar med store endringar frå tidlegare søknadsomgangar.

3.6. Berekningar

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Tal blir ikkje offentleggjort dersom dei kan medføre fare for at einskilde jordbruksbedrifter blir identifisert.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Ikkje relevant.

4.2. Standard klassifikasjonar

Ikkje relevant.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Kvart år blir oppgåvene til om lag 5 prosent av jordbruksbedriftene som søker om produksjonstilskott kontrollert ved at dei kommunale landbrukskontora foretar gardsbesøk. Det er derfor god kvalitet på oppgåvene.

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Ikkje relevant.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Statistikken går attende til 1984 og omfattar dei som søker om produksjonstilskott i jordbruket. For å få produksjonstilskott må ein søkar drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar. Frå og med 2002 blei det og stilt krav om at verksemda må vere registrert i Enhetsregisteret.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

Statistikken om Jordbruksareal og husdyr blir publisert på ssb.no. Her er det lenke til Statistikkbanken kor ein kan lage eigne tabellar.

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Mikrodata blir lagra i SSB.


2009 © Statistisk sentralbyrå