268784
/jord-skog-jakt-og-fiskeri/statistikker/lu/aar-forelopige
268784
Færre årsverk i jordbruket
statistikk
2017-02-21T08:00:00.000Z
Jord, skog, jakt og fiskeri
no
lu, Landbruksundersøkinga, jordbruk, hagebruk, skogbruk, gardsbruk, tilleggsnæringar (for eksempel campingplassar, jakt- og fiskerettar, utleigeverksemd), arbeidsinnsats, vedlikehald, maskinar og reiskapar, energibruk, investeringarJordbruk, Jord, skog, jakt og fiskeri
true
Arbeidsinnsats i jordbruket. Tilleggsnæringer.

Landbruksundersøkinga

Oppdatert

Neste oppdatering

Nøkkeltal

82

millionar timeverk utført i jord- og hagebruk

Arbeidsinnsats i jordbruket1
 20132016Endring i prosent 2013-2016
1Førebelse tal for 2016
Jordbruksbedrifter, antall43 72641 064-6,1
Arbeidsinnsats, 1000 timeverk88 14582 127-6,8
Gjennomsnittlig arbeidsinnsats per jordbruksbedrift, timeverk/jordbruksbedrift2 0162 000-0,8

Sjå fleire tabellar om emnet

Tabell 1 
Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke. 1 000 timeverk.

Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kven som utførte arbeidet og fylke. 1 000 timeverk.
Arbeidsinnsats i altUtført av brukarar og ektemakar/sambuararUtført av familieUtført av anna fast og tilfeldig hjelp1
1Omfattar óg sjølvstendig næringsdrivande/firma.
2015-201682 12754 4396 83820 850
 
Østfold3 6092 1322341 242
Akershus og Oslo3 1111 918280913
Hedmark6 6274 2545731 800
Oppland9 2456 1547762 314
Buskerud4 0212 1202481 653
Vestfold2 6261 4571331 035
Telemark1 7531 197129427
Aust-Agder99870462233
Vest-Agder1 7511 285133333
Rogaland10 7736 9569582 859
Hordaland5 6224 127559936
Sogn og Fjordane5 9604 2486321 080
Møre og Romsdal5 4233 7153991 309
Sør-Trøndelag5 8273 9994911 337
Nord-Trøndelag6 8994 5245441 831
Nordland5 0533 5994131 041
Troms - Romsa2 0901 557215318
Finnmark - Finnmárku74049259189

Tabell 2 
Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kjønn, kven som har utført arbeidet og fylke. 1 000 timeverk.

Arbeidsinnsats i jordbruk, etter kjønn, kven som har utført arbeidet og fylke. 1 000 timeverk.
Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk i altUtført av sjølvstendig næringsdrivande/firmaMennKvinner
Arbeidsinnsats i altUtført av brukarar og ektemakar/sambuararUtført av familieUtført av anna fast og tilfeldig hjelpArbeidsinnsats i altUtført av brukarar og ektemakar/sambuararUtført av familieUtført av anna fast og tilfeldig hjelp
 
2015-201682 1277 39656 89741 3185 21610 36217 83413 1211 6213 091
 
Østfold3 6095192 3801 68019650470945338218
Akershus og Oslo3 1113921 9871 40121637073251664151
Hedmark6 6278494 4443 2394337721 3341 016139179
Oppland9 2457266 6404 7966351 2091 8791 358141380
Buskerud4 0213492 8261 65320197284646846332
Vestfold2 6262661 8411 16211256751829522202
Telemark1 7531601 240953971903522443277
Aust-Agder9988368454243992321621851
Vest-Agder1 7511991 2189941091153342912419
Rogaland10 7738337 4065 1827281 4962 5341 774230530
Hordaland5 6223153 9123 0364034731 3951 091156148
Sogn og Fjordane5 9603744 1933 1744635561 3931 074169150
Møre og Romsdal5 4234543 8132 8372677101 156878133145
Sør-Trøndelag5 8275583 9202 9173686351 3491 082124144
Nord-Trøndelag6 8996584 9943 5554509901 24797094183
Nordland5 0534513 5642 7633044971 03883610993
Troms - Romsa2 0901511 3721 0951571205674625847
Finnmark - Finnmárku7406046234035882181522441

Om statistikken

Statistikken gjer informasjon om arbeidsinnsatsen på jordbruksbedriftene, fordelt på timeverk i jordbruk, skogbruk og tilleggsnæringar. Den gjer også informasjon om utgifter til investeringar og vedlikehald i jordbruksbedriftene.

Omgrep

Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Jordbruksbedrift: Verksemd med jordbruksdrift inkludert husdyrhald og hagebruk. Bedrifta omfattar alt som blir drive som ei eining under ei leiing og med felles bruk av produksjonsmidlar, og er uavhengig av kommunegrensar. Til og med 2003 blei omgrepet driftseining nytta.

Brukar(ane): Den/dei som er ansvarleg for jordbruksdrifta. I Virksomhets- og foretaksregisteret vil brukaren vere registrert som innehavar av enkeltmannsføretak, eller som eigar eller deltakar i eit selskap.

Jordbruksareal i drift: Omfattar alt eige og leigd/forpakta jordbruksareal i drift i bedrifta, medrekna eittårig brakk. Som jordbruksareal reknast fulldyrka jord, overflatedyrka jord og innmarksbeite.

Tilleggsnæring: Ein aktivitet som utnyttar areal, bygningar eller maskinar som høyrer til jordbruksbedrifta.

Bruttoinntekt: Summen av alle inntektene utan mva. før det er trekt frå kostnader.

Standard klassifikasjonar

I tabellane blir følgjande grupperingar nytta: Fylke, standard omsetning og driftsform.

Administrative opplysingar

Namn og emne

Namn: Landbruksundersøkinga
Emne: Jord, skog, jakt og fiskeri

Neste publisering

Ansvarleg seksjon

Seksjon for primærnæringsstatistikk

Regionalt nivå

Landsdel.

Kor ofte og aktualitet

Årleg

Internasjonal rapportering

Data blir levert til Eurostat etter avtale. Spesielt omfattande krav er definert for årgangane 2003, 2005, 2007 og 2013.

Lagring og bruk av grunnmaterialet

Gjennomgåtte og reviderte mikrodata blir lagra.

Bakgrunn

Føremål og historie

Formålet med Landbruksundersøkinga er å skaffe relevante data som ikkje er å finne i administrative datasystem, og å skaffe data for einingar som ikkje blir omfatta av administrative system.

Landbruksundersøkinga skal danne eit bilde av landbruksnæringa i Noreg gjennom ulike spørsmål. Hovudtema varierar frå år til år, men somme tema kjem att med nokre års mellomrom:
2000 Jordarbeiding, skogbruk
2001 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, jordarbeiding, beiting
2002 Jordarbeiding, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, grøfting og nydyrking, arrondering
2003 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, gjødsel
2004 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2005 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar, vatning, utdanning, traktorar, maskinar og reiskap
2006 Grøfting og nydyrking, arrondering, energibruk, investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2007 Arbeidsinnsats, tilleggsnæringar og vatning
2008 Skogbruk, sjå eigen omtale på Skogbruk
2009 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2011 Produksjonsmetodar
2012 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing
2013 Arbeidsinnsats
2014 Leigejord og driftsbygningar                                                                                                                             2015 Investeringar og vedlikehald i maskinar og bygg, leasing

Brukarar og bruksområde

Data frå undersøkinga blir mellom anna nytta av Budsjettnemnda for jordbruket, næringsorganisasjonane, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, ulike forskingsinstitusjonar slik som Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forskning og Seksjon for miljøstatistikk i Statistisk sentralbyrå.

Likebehandling av brukere

Ingen eksterne brukarar har tilgang til statistikk før statistikken er publisert samtidig for alle kl. 10.00 på ssb.no etter varsling minst tre månader før i Statistikkkalenderen.  Dette er eit av deI viktigaste prinsippa i SSB for å sikre lik behandling av brukarane.

Samanheng med annan statistikk

Ikkje relevant

Lovheimel

Statistikkloven §§2-1, 2-2, 2-3 (tvangsmulkt)

EØS-referanse

Ikkje relevant

Produksjon

Omfang

Populasjonen tek utgangspunkt i aktive jordbruksbedrifter som er registrerte i Landbruksregisteret til Statens landbruksforvaltning og omfattar alle som fyller eit eller fleire vilkår knytt til minstemål for drifta. Døme på slike vilkår er at ei eining som hovudregel skal ha minst 5 dekar jordbruksareal i drift.

Datakjelder og utval

Storparten av opplysningane kjem direkte frå oppgåvegivarane som fyller ut skjema til den årlege landbruksundersøkinga. Opplysningar om storleiken på jordbruksareal og skogareal, personar med tilknyting til eigedomen/jordbruksbedrifta og kva for tilknyting dei har til eigedomen/jordbruksbedrifta blir henta frå Landbruksregisteret.

Det blir kvart år trekt eit utval som skal gi oppgåve til Landbruksundersøkinga. Storleiken på utvalet varierar mellom     10 000 og 12 000 av dei jordbruksbedriftene som er registrert som aktive. Utvalet blir stratifisert utifrå ein berekna økonomisk storleik (standard omsetning) og driftsform innan kvart fylke. Til og med 2011 vart storleiken på jordbruksareal nytta i staden for standard omsetning.

Datainnsamling, editering og beregninger

Det blir sendt ut brev til dei jordbruksbedriftene som blir trekt ut til å vere med i undersøkinga. Det er brukaren av jordbruksbedrifta som skal gi oppgåve. Frå og med 2015 skal skjema fyllast ut og leverast gjennom Altinn.

Det blir gjort ei rekkje kontrollar og editeringar for å sikre konsistensen både innan eitt enkelt skjema og mellom skjema og tilgjengelege registeropplysningar.

Populasjonen blir gruppert etter fylke, standard omsetning og driftsform. Kvar eining som er med i utvalsundersøkinga får berekna ei vekt under estimeringa av totalar.

Sesongjustering

Ikkje relevant

Konfidensialitet

Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar, og ved for få observasjonar blir tala undertrykt ved publisering av resultata.

Samanlikningar over tid og stad

Statistikken er stort sett samanliknbar tilbake til slutten av 1940-åra. For nokre variable vil det jamvel vere eit brot i tidsserien. Til dømes mellom 1998 og 1999, då metoden som blei brukt for å berekne talet på jordbruksbedrifter før 1999 gradvis førte til for høge tal. Dette kom klart til uttrykk ved den fullstendige jordbruksteljinga i 1999, som resulterte i ei nedjustering. Etter 1999 er utvala til Landbruksundersøkinga baserte på eit årleg oppdatert register, og det skulle gi betre tal. Frå 1999 blei alt som blir drive som ei eining uavhengig av kommunegrenser rekna som ei jordbruksbedrift. Før 1999 var den statistiske eininga for jordbruksbedrift innskrenka til å vere alt innan ein kommune.

For åra etter 2000 er opplysningane i tabellane om talet på jordbruksbedrifter og storleiken på jordbruksareal i drift henta frå SSBs system for berekning av totaltal i jordbruket. Grunnlagsdata for dette systemet er opplysningar frå registeret over søknader om produksjonstilskott i jordbruket. Gjennom kopling mot andre administrative register, slik som Landbruksregisteret, Leveranseregisteret for korn og oljevekstar og leveranseregisteret for slakt, er det henta inn opplysningar om produksjonen også på einingar som ikkje søker om produksjonstilskott. Desse produksjonsopplysningane dannar grunnlag for berekning av areal og talet på husdyr på einingar som ikkje søker om tilskott.

I 2007 vart spørsmålsstillinga kring tilleggsnæringar utvida. I tillegg til spørsmål om type tilleggsnæring vart det spurt om kva bruttoinntekt tilleggsnæringa(ne) gav. Endringa kan ha ført med seg at nokon kan ha unnlata å gi opp tilleggsnæring. Vi reknar likevel med å ha fanga opp alle som driv med eit visst omfang ved å kontrollere mot opplysningar frå næringsoppgåva.

Nøyaktigheit og pålitelegheit

Feilkjelder og uvisse

Primærdata er henta frå dei skjema som oppgåvegivarane fyller ut. Dei kan innehalde feil som den enkelte oppgåvegivar gjer når vedkomande fyller ut skjema. Ei rekkje av feila blir oppdaga og retta av dei som går gjennom skjema ved editering  i Statistisk sentralbyrå. Ein del feil ved innsamling og handsaming av data er uunngåeleg. Det kan vere feil som oppstår ved editering, feil i IT-handsaming mv. Det er utført eit omfattande arbeid for å minske desse feila så mye som mogleg.

Fråfall i undersøkinga skuldast manglande innlevering av oppgåve frå einskilde oppgåvegivarar, eller at ein eigedom er selt eller ikkje lenger blir drive som ei aktiv sjølvstendig jordbruksbedrift.

Varians: Det heftar uvisse ved alle utvalsundersøkingar. Generelt blir resultata meir usikre dess færre observasjonar dei er baserte på. Grupper basert på få observasjonar vil vere særs merkbare for ekstreme verdiar, det vil si verdiar som avvik mykje frå gjennomsnittet. Slike ekstreme verdiar er difor gitt ei vekt lik 1, slik at dei berre representerer seg sjølve i materialet.

Skakke: I utvalet til Landbruksundersøkinga skal alle typar jordbruksbedrifter inngå. For å gi ein betre representasjon i enkelte fylke med få einingar, er det trekt ein høgare prosent av jordbruksbedriftene i desse områda.

Registerfeil: Kvaliteten på registergrunnlaget for trekking av utvalet har også noko å seie for kvaliteten på det ferdige resultatet. Kvaliteten på registergrunnlaget reknast som god.

Revisjon

Ikkje relevant

Kontakt

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB