Verdien av fisket passerte 20 milliardar

Publisert:

Norske båtar leverte fisk, reker, skaldyr og skjel verdt rekordhøge 20 milliardar kroner i 2018 – ein auke på 8 prosent frå året før. Torsk er framleis den mest verdifulle fisken.

Fangstmengda i 2018 auka med 4 prosent frå året før, til 2,5 millionar tonn. Den største delen av fangsten, 62 prosent, gjekk til konsum, medan 38 prosent gjekk til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr. Dette syner den førebelse fiskeristatistikken for 2018.

Førebelse tal

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 3. januar 2019, og gjeld fangsten i 2018. Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett. Førebelse tal for 2018 blir her samanlikna med endelege tal for 2017.

1  *= Førebelse tal

Figur 1. Fangstmengd og -verdi frå norske båtar

Fangstmengd. 1000 tonn Fangstverdi. Mill.kr
2005 2392 11658
2006 2256 11681
2007 2394 12051
2008 2437 12158
2009 2537 11311
2010 2679 13348
2011 2299 16034
2012 2140 14202
2013 2090 12673
2014 2313 14427
2015 2335 16928
2016 2065 18651
2017 2423 18605
2018* 2518 20045

Torskefisket mest verdifullt

Førstehandsverdien av torskefisket var 6,9 milliardar kroner i 2018. Det er ein nedgang på 1 prosent frå året før. I same periode fall fangstmengda 10 prosent, til 373 900 tonn.

Fangsten av torsk utgjorde 34 prosent av total førstehandsverdi og 15 prosent av total fangstmengd i 2018, og var som vanleg det viktigaste fisket målt i verdi.

Figur 2. Fangstverdi frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2018. Førebelse tal

Fangstverdi (1000 kroner)
Sild 11% 2107928
Reke 5 % 1042109
Torsk 34 % 6908863
Sei 7 % 1414308
Kolmule 5 % 935193
Makrell 12 % 2433286
Annan fisk 26 % 5203304

Mindre fangst av sild

I 2018 blei det fiska 498 000 tonn sild, 5 prosent mindre enn året før. Førstehandsverdien gjekk ned med 8 prosent frå 2017 til 2018, til 2,1 milliardar kroner.

Sildefangsten utgjorde 20 prosent av total fangstmengd og 11 prosent av total førstehandsverdi i 2018 og var det viktigaste fisket målt i mengd.

Figur 3. Fangstmengd frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2018. Førebelse tal

Fangstmengd (tonn rund vekt)
Sild 20 % 498041
Reke 1 % 28260
Torsk 15 % 373924
Sei 8 % 202426
Kolmule 17 % 438426
Makrell 8 % 187207
Annan fisk 31 % 789429

I tillegg til norske landingar som er kommentert over, leverte utanlandske fartøy 327 900 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2018. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,5 milliardar kroner.

Faktaside

Kontakt