Større fangstmengd – lågare verdi

Publisert:

Fangstmengda frå norske båtar auka med 16 prosent i fjor, men verdien på fangsten fall 3 prosent. Torskefisket gir framleis mest pengar.

Norske båtar leverte 2,4 millionar tonn fisk, reker, skaldyr og skjel til ein førstehandsverdi på 18,1 milliardar kroner i 2017, syner den førebelse fiskeristatistikken for fjoråret.

Førebelse tal

Statistikken byggjer på opplysningar frå Fiskeridirektoratet per 3. januar 2018, og gjeld fangsten i 2017. Ein liten del av fangsten er enno ikkje omsett.

Figur 1. Fangstmengd og -verdi frå norske båtar

1000 tonn Mill.kr
2005 2392 11658
2006 2256 11681
2007 2394 12051
2008 2437 12158
2009 2537 11311
2010 2679 13348
2011 2299 16034
2012 2140 14202
2013 2090 12673
2014 2313 14427
2015 2335 16928
2016 2066 18651
2017* 2402 18065

Den største delen av fangsten, 67 prosent, gjekk til konsum.

– Torsk og sild utgjorde til saman over halvparten av all fisk som gjekk til konsum, fortel seniorrådgjevar i SSB Trond Amund Steinset.

33 prosent av fangsten gjekk til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr.

– Tilnærma all fangst av kolmule gjekk til denne produksjonen, og kolmule aleine utgjorde halvparten av all fisk nytta til industriell produksjon av fiskemjøl, olje og fôr, held Steinset fram.

Torskefisket mest verdifullt

Førstehandsverdien av torskefisket var 6,7 milliardar kroner i 2017. Det er ein auke på 4 prosent frå 2016. Fangstmengda var 412 400 tonn i 2017, det same som året før. Fangsten av torsk utgjorde 37 prosent av total førstehandsverdi og 17 prosent av total fangstmengd.

– Som vanleg var torskefisket det viktigaste fisket målt i verdi, opplyser Steinset.

Figur 2. Fangstverdi frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2017. Førebelse tal

Fangstverdi 2017
Sild 13% 2289221
Reke 3% 558663
Torsk 37% 6727313
Sei 7% 1295118
Kolmule 3% 575398
Makrell 12% 2106673
Annan fisk 25% 4512144

Stor auke i sildefangsten

I 2017 blei det fiska 526 200 tonn sild, 50 prosent meir enn året før. Sild var det fiskeslaget det blei fanga mest av i fjor.

– Likevel er det meir enn ei halvering frå toppåret 2009, seier Steinset.

Frå 2016 til 2017 minka førstehandsverdien med 7 prosent til 2,3 milliardar kroner. Sildefangsten utgjorde 22 prosent av total fangstmengd og 13 prosent av total førstehandsverdi i 2017.

Figur 3. Fangstmengd frå norske båtar, fordelt på fiskeslag. 2017. Førebelse tal

Fangstmengde 2017
Sild 22% 526167
Reke 1% 13337
Torsk 17% 412441
Sei 7% 177196
Kolmule 17% 399210
Makrell 9% 221588
Annan fisk 27% 651674

Auke i kolmulefangsten

Det blei fiska 399 200 tonn kolmule til ein førstehandsverdi på 575 millionar kroner i 2017. Samanlikna med 2016 er dette ein auke på 29 prosent i fangstmengd og ein nedgang på 31 prosent i førstehandsverdi. Kolmulefangsten utgjorde 17 prosent av den samla fangstmengda i 2017.

Førstehandsverdien for makrell var 2,1 milliardar kroner i 2017, ein nedgang på 13 prosent frå 2016. I same periode auka fangstmengda med 5 prosent.

Utanlandske landingar til 3,2 milliardar kroner

I tillegg til norske landingar som er kommentert over, leverte utanlandske fartøy 333 800 tonn fisk og skaldyr i Noreg i 2017. Verdien av dei utanlandske landingane var 3,2 milliardar kroner.

Faktaside

Kontakt