Stor auke i sjølaksefisket i Nord-Trøndelag

Publisert:

I den ordinære sesongen i 2017 blei det fiska 295 tonn villaks og sjøaure i norske fjordar. Dette er 8 prosent meir enn året før. Størst auke hadde Nord-Trøndelag.

Den samla fangsten fordelte seg på 290 tonn laks og 5 tonn sjøaure, syner statistikken over sjøfiske etter laks og sjøaure 2017.

- Dette er ein auke frå året før på 8 prosent for laks og 20 prosent for sjøaure, fortel seniorrådgjevar i SSBs seksjon for primærnæringsstatistikk, Trond Amund Steinset. - Variasjonen i fangstane frå år til år heng i stor grad saman med tidspunktet for og storleiken på innsiget av laks til elvene, understrekar han. - Endringar i reguleringa av fisket har òg mykje å seie.

Størst fangst i Finnmark og Nord-Trøndelag

Finnmark er framleis det klart største fylket for sjølaksefiske i Noreg. Fangsten auka med 3 prosent frå året før, til 138 tonn i 2017, og utgjorde nær halvparten av det totale laksefisket i sjøen.

- Den største auken fekk vi likevel i Nord-Trøndelag, seier Steinset. Der fekk sjølaksefiskarane i alt 59 tonn laks og sjøaure i 2017. Det er 38 prosent meir enn året før.

- Den nordtrønderske fangsten utgjorde ein femtedel av det norske sjølaksefisket i 2017. Fangsten er den største i fylket sidan 2006, legg Steinset til.

Av fylka med redusert fangst i 2017 hadde Vest-Agder størst nedgang. Fangsten var 14 tonn, 2 tonn mindre enn året før.

Figur 1. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Fangst, fordelt på fylke

2016 2017
Andre fylke² 4.2 4.3
Vest-Agder 16.2 14.0
Rogaland 11.3 13.7
Hordaland¹ 0.0 0.0
Sogn og Fjordane 4.8 5.1
Møre og Romsdal 18.2 18.1
Sør-Trøndelag 19.3 20.3
Nord-Trøndelag 42.9 59.3
Nordland 5.0 4.1
Troms 16.3 17.5
Finnmark 134.8 138.4
¹Ikkje opna for fiske i den ordinære sesongen.²Østfold, Akershus og Oslo, Buskerud, Vestfold og Aust-Agder.

Kommunane med størst fangst i 2017 var Namsos i Nord-Trøndelag og finnmarkskommunane Alta og Sør-Varanger.

Figur 2. Sjøfiske etter laks og sjøaure. Kommunar med størst fangst

2016 2017
Eigersund 5.5 7.9
Lebesby 10.9 9.7
Vadsø 9.6 10.3
Nordkapp 6.1 11.3
Porsanger - Porsángu - Porsanki 8.2 11.4
Loppa 13.9 11.9
Namdalseid 5.6 12.6
Sør-Varanger 22.6 21
Alta 17.4 21.3
Namsos 29 38.9

Fekk fleire smålaks

Sjølaksefiskarane fekk fleire smålaks i 2017 enn året før. Nær halvparten av laksen var smålaks under 3 kilo, og berre 11 prosent var storlaks over 7 kilo. Dette gjorde at gjennomsnittsvekta for laks gjekk ned frå 4,6 kilo i 2016 til 4,0 kilo året etter.

Tok 4,5 tonn rømt oppdrettsfisk

Langs kysten frå Rogaland til Troms er det høve til å fiske etter rømt oppdrettsfisk i utvida sesong. Fisketida er frå 5. august til 28. februar, og fangsten er hovudsakleg rømt oppdrettsfisk, men med innslag av villfisk.

I sesongen 2016/2017 blei det fiska 4,5 tonn laks og sjøaure i dette fisket. Gjennomsnittsvekta var 3,3 kilo for laks og 2,7 kilo for sjøaure.

 

 

Faktaside

Kontakt