Opp for hjort og ned for elg

Publisert:

Utbytet frå hjortejakta har stort sett stige jamt og nådde ein ny topp i jaktåret 2017/18. For elg har jaktutbytet svinga sidan 1990-åra, og talet på felte elg er no på veg ned. Sjå korleis jakta har vore der du bur.

 Sjølv om jegerane feller langt fleire hjort enn elg, skal vi ikkje langt tilbake i tid før situasjonen var ein heilt annan. Fram til for ti år sidan vart det kvart år felt fleire elg enn hjort. I slutten av 1960-åra var både elgstammen og hjortestammen mykje mindre, og det vart årleg felt litt over 6 000 elg og berre 3 000 hjort. I denne artikkelen ser vi nærmare på korleis utbytet frå elgjakta og hjortejakta har utvikla seg i dei ulike delane av landet etter 1945. 

Figur 1. Felte elg og hjort. Heile landet

Elg Hjort
1946-1947 3140 602
1947-1948 4191 573
1948-1949 4312 558
1949-1950 3836 577
1950-1951 4371 660
1951-1952 2928 676
1952-1953 3914 562
1953-1954 4228 643
1954-1955 4427 785
1955-1956 4470 1012
1956-1957 5489 1048
1957-1958 5728 1134
1958-1959 6661 1121
1959-1960 6872 1341
1960-1961 6829 1479
1961-1962 7216 1726
1962-1963 7300 1604
1963-1964 7889 2014
1964-1965 7795 2288
1965-1966 7864 2484
1966-1967 7359 3053
1967-1968 6969 3586
1968-1969 6623 2932
1969-1970 6553 3115
1970-1971 6250 2849
1971-1972 6130 2695
1972-1973 6220 2749
1973-1974 7198 3272
1974-1975 8581 3443
1975-1976 10218 3807
1976-1977 11251 4192
1977-1978 12895 5189
1978-1979 14808 6453
1979-1980 17101 7016
1980-1981 18999 7927
1981-1982 20957 8316
1982-1983 22542 8436
1983-1984 24181 9320
1984-1985 24949 9832
1985-1986 25372 10644
1986-1987 25511 9732
1987-1988 25199 9502
1988-1989 24972 10394
1989-1990 26127 9753
1990-1991 28841 9911
1991-1992 32053 10990
1992-1993 35145 12900
1993-1994 38980 14803
1994-1995 37401 16380
1995-1996 33955 17855
1996-1997 34141 18043
1997-1998 36059 21226
1998-1999 37957 21636
1999-2000 39423 22063
2000-2001 38000 22534
2001-2002 37300 23599
2002-2003 37892 24533
2003-2004 38564 25195
2004-2005 36770 25896
2005-2006 36026 27635
2006-2007 34978 29173
2007-2008 35657 32646
2008-2009 35620 35686
2009-2010 35971 37709
2010-2011 36409 39070
2011-2012 36435 36829
2012-2013 34643 35031
2013-2014 34956 36202
2014-2015 33199 35140
2015-2016 31136 33718
2016-2017 30835 37773
2017-2018 31611 42556

Elgstammen voks fort frå 1970

Frå elgstammen for alvor tok til å vekse i byrjinga av 1970-åra, auka både stammen og jaktuttaket fort. Elgen hadde god tilgang på beite etter mange år med bestandsskogbruk og flatehogst, som hadde gjeve gode vekstvilkår for lauvskogen. Jegerane var også i ferd med å organisere seg betre, og retta avskyting vart sett i system.

Elgveksten tok først slutt på Austlandet

På Austlandet auka elgstammen og talet på felte elg fort fram til tidleg i 1980-åra. Østfold var det første fylket som fekk ein bråstopp med stor tilbakegang og deretter utflating i jaktutbytet i åra som følgde. I toppåra vart det skote over 2 000 elg i Østfold og 1 800 i Akershus. Akershus slapp den store tilbakegangen, men også her var det slutt på den bratte veksten omtrent på same tid. Både Østfold og Akershus er framleis av fylka med flest skotne elg per jaktareal, sjølv om jegerane i 2017/18 skaut rundt 1 000 elg i kvart av desse fylka. Det stadfestar at det var tett mellom elgane i desse fylka i toppåra for elgjakta.

Store svingingar i Hedmark

Det viktige elgfylket Hedmark fekk den same bråstoppen eit par år seinare, og etter dette har utbytet svinga mykje med fleire toppar og botnar. Aukande problem med beiteskadar på skog førte til at fleire ønskte å redusere elgstammen. Hard jakt, og ikkje heilt optimal alders- og kjønnsfordeling blant dyra som vart skotne, førte til at elgstammen i Hedmark gjekk meir tilbake enn planlagt i midten av 1990-åra. I åra etter tok elgstammen seg opp att til tidlegare nivå gjennom målretta forvalting. For om lag ti år sidan hadde elgstammen igjen blitt stor med ein topp på 8 000 felte elg. Det var då semje om å redusere elgstammen i heile Hedmark på grunn av store beiteskadar, men i somme område har reduksjonen blitt større enn planlagt. Sjølv om forvaltingsplanen tek omsyn til at både trafikk og ulv drep elg, har tapet til ulven vore større enn ein rekna med i somme område i Hedmark.

Resten av skogfylka på Austlandet har hatt ein flatare vekst i elgstammen og jaktutbytet, men rundt overgangen til 2000 var det slutt på veksten i jaktutbytet frå elgjakta i både Buskerud og Oppland, og begge desse fylka har hatt tilbakegang i åra etterpå. Då jaktutbytet var som størst, vart det skote rundt 4 000 elg i kvart av desse fylka, medan fellingstala for siste jaktår var 2 100 i Buskerud og 3 300 i Oppland.

Figur 2. Felte elg i Hedmark, Oppland og Buskerud

Hedmark Oppland Buskerud
1945-1946 427 286 177
1946-1947 558 349 218
1947-1948 855 374 205
1948-1949 769 351 253
1949-1950 741 291 215
1950-1951 849 341 208
1951-1952 805 311 163
1952-1953 854 302 167
1953-1954 911 302 172
1954-1955 982 307 153
1955-1956 1132 347 151
1956-1957 1440 429 177
1957-1958 1490 441 188
1958-1959 1786 501 209
1959-1960 1719 528 237
1960-1961 1762 505 234
1961-1962 1978 553 268
1962-1963 1939 602 288
1963-1964 2095 679 318
1964-1965 1958 663 328
1965-1966 1899 694 348
1966-1967 1669 593 362
1967-1968 1515 561 377
1968-1969 1430 513 410
1969-1970 1396 501 406
1970-1971 1339 497 403
1971-1972 1241 493 411
1972-1973 1246 492 386
1973-1974 1488 617 442
1974-1975 2342 918 626
1975-1976 2342 918 626
1976-1977 2549 923 727
1977-1978 2992 975 774
1978-1979 3570 1044 805
1979-1980 4116 1263 963
1980-1981 4734 1434 1062
1981-1982 5875 1597 1158
1982-1983 6722 1743 1185
1983-1984 7345 1919 1282
1984-1985 7613 1954 1222
1985-1986 7420 1958 1271
1986-1987 6541 2000 1349
1987-1988 5895 1973 1423
1988-1989 6090 1998 1532
1989-1990 6673 2191 1719
1990-1991 7318 2573 1843
1991-1992 7709 2926 2230
1992-1993 8215 3199 2772
1993-1994 7810 3772 3709
1994-1995 6080 3690 3930
1995-1996 4959 3313 3839
1996-1997 4958 3194 3983
1997-1998 5443 3527 4382
1998-1999 5903 3974 4521
1999-2000 6486 4106 4507
2000-2001 6744 3627 3956
2001-2002 6810 3641 3621
2002-2003 7360 3423 3461
2003-2004 7652 3345 3410
2004-2005 7008 2943 3010
2005-2006 7169 2658 2894
2006-2007 7264 2605 2834
2007-2008 7874 2741 2879
2008-2009 7998 2855 3099
2009-2010 8055 3051 3156
2010-2011 8023 3255 3203
2011-2012 7623 3450 3108
2012-2013 7141 3251 3056
2013-2014 6930 3478 2993
2014-2015 6164 3447 2522
2015-2016 5397 3289 2263
2016-2017 5049 3275 2020
2017-2018 4884 3345 2127

Brå tilbakegang for elgen i Agder og Telemark

Lenger sør i landet voks elgstammen ei stund lenger. Utflatinga og tilbakegangen i talet på felte elg i Agder-fylka og i Vestfold kom tidleg i 1990-åra, medan Telemark auka jamt til 1999, og har deretter hatt ein nokså bratt tilbakegang. Tilbakegangen i Vest-Agder og Telemark har vore særskild stor. I Telemark vart det skote 5 000 elg i toppåret 1999, medan fellingstalet for 2017/2108 var på 1 500 dyr.

Vestfold hadde i 1990-åra flest skotne elg per jaktareal av alle fylka.

Elgen har spreidd seg til heile landet, men har trass i jamn årleg vekst ikkje blitt særskild talrik på Vestlandet. Utbytet frå elgjakta voks likevel år om anna fram til tidleg på 2000-talet. Etter det har det gått noko tilbake.

Figur 3. Felte elg i Vestfold, Telemark og Agder

Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder
1945-1946 95 201 377 594
1946-1947 107 237 44 303
1947-1948 114 282 662 360
1948-1949 88 319 669 467
1949-1950 52 325 651 386
1950-1951 66 344 648 554
1951-1952 55 252 14 11
1952-1953 55 295 470 293
1953-1954 44 328 463 324
1954-1955 54 332 485 336
1955-1956 55 357 455 222
1956-1957 76 386 584 372
1957-1958 84 416 667 435
1958-1959 140 482 739 441
1959-1960 139 540 697 391
1960-1961 173 563 620 293
1961-1962 192 579 613 230
1962-1963 232 603 592 237
1963-1964 300 683 626 227
1964-1965 366 739 626 229
1965-1966 392 757 624 260
1966-1967 408 735 609 241
1967-1968 373 730 541 249
1968-1969 337 697 548 256
1969-1970 331 708 546 263
1970-1971 278 695 481 275
1971-1972 282 698 528 295
1972-1973 294 667 542 302
1973-1974 315 747 580 345
1974-1975 499 968 800 417
1975-1976 499 968 800 417
1976-1977 653 984 853 475
1977-1978 803 1121 948 522
1978-1979 836 1191 982 533
1979-1980 911 1289 1146 592
1980-1981 922 1360 1189 670
1981-1982 918 1432 1247 794
1982-1983 912 1531 1395 953
1983-1984 850 1675 1534 1065
1984-1985 729 1761 1666 1243
1985-1986 700 1874 1732 1371
1986-1987 659 1912 1719 1497
1987-1988 682 1936 1679 1572
1988-1989 666 2019 1704 1654
1989-1990 698 2124 1853 1767
1990-1991 817 2306 2129 2369
1991-1992 945 2694 2543 2542
1992-1993 1041 2939 2773 2326
1993-1994 1134 3435 3499 2601
1994-1995 1001 3477 3375 2725
1995-1996 780 3160 2960 2697
1996-1997 798 3447 2885 2705
1997-1998 851 3737 2858 2412
1998-1999 909 4321 2845 2197
1999-2000 907 4842 2848 2056
2000-2001 781 4573 2429 1772
2001-2002 740 4463 2295 1566
2002-2003 730 4298 2053 1507
2003-2004 678 4244 2092 1463
2004-2005 554 3726 2090 1384
2005-2006 575 3318 1856 1266
2006-2007 569 3025 1734 1107
2007-2008 475 3047 1624 1022
2008-2009 438 2817 1439 957
2009-2010 426 2727 1396 938
2010-2011 383 2716 1332 887
2011-2012 398 2767 1244 894
2012-2013 411 2426 1106 725
2013-2014 379 2190 1060 757
2014-2015 356 1849 937 684
2015-2016 331 1637 693 611
2016-2017 302 1614 771 644
2017-2018 367 1586 739 660

Vedvarande vekst for elgjakta frå Trøndelag og nordover

I Trøndelag har talet på felte dyr frå elgjakta hatt ein aukande tendens dei siste 50 åra. Det var rett nok ein liten tilbakegang tidleg i 1990-åra, men det tok seg fort opp att. Dei siste 15 åra har årleg utbyte frå jakta vore nokså stabilt, med ein liten auke dei siste åra. Nord-Trøndelag er det fylket som no har flest felte elg per jaktareal, og trønderane har lenge greidd å forvalte ein stor stamme med stort og til og med litt aukande utbyte frå elgjakta. I 2017/18 vart resultatet frå jakta 5 600 felte dyr.

Dei tre nordlegaste fylka har hatt same auken, men i både Nordland og Troms har utbytet frå elgjakta auka jamt heilt fram til no. Det er særleg Nordland som skil seg ut med ei bratt vekstkurve, og talet på felte elg passerte 4 000 i 2017/18. I Finnmark auka jaktutbytet mykje frå midten av 1990-åra til rundt 2005. Etter det har jaktutbytet i vårt nordlegaste fylke stabilisert seg rundt 700-800 felte elg kvart år.

Figur 4. Felte elg i Trøndelag og Nordland

Sør-Trøndelag (-2017) Nord-Trøndelag (-2017) Nordland
1945-1946 132 551 34
1946-1947 181 730 52
1947-1948 160 681 48
1948-1949 195 796 45
1949-1950 189 737 25
1950-1951 188 775 25
1951-1952 188 814 31
1952-1953 173 978 39
1953-1954 185 1152 33
1954-1955 224 1154 46
1955-1956 196 1113 54
1956-1957 256 1232 65
1957-1958 284 1111 79
1958-1959 327 1295 111
1959-1960 334 1472 135
1960-1961 336 1481 160
1961-1962 337 1460 204
1962-1963 344 1364 206
1963-1964 358 1303 281
1964-1965 351 1252 274
1965-1966 332 1164 343
1966-1967 293 1054 360
1967-1968 277 928 344
1968-1969 279 727 367
1969-1970 262 703 373
1970-1971 264 660 353
1971-1972 215 556 344
1972-1973 262 624 313
1973-1974 306 742 360
1974-1975 364 986 500
1975-1976 364 986 500
1976-1977 389 1027 568
1977-1978 480 1232 604
1978-1979 616 1616 703
1979-1980 778 1791 823
1980-1981 913 2072 966
1981-1982 1023 2010 878
1982-1983 1079 1966 794
1983-1984 1259 2290 866
1984-1985 1425 2595 1069
1985-1986 1592 2786 1173
1986-1987 1726 3050 1406
1987-1988 1805 3079 1403
1988-1989 1812 2811 1190
1989-1990 1848 2616 1084
1990-1991 1917 2777 1184
1991-1992 2155 3109 1319
1992-1993 2418 3729 1582
1993-1994 2588 4260 1699
1994-1995 2486 4361 1911
1995-1996 2135 3985 1876
1996-1997 1789 4055 1902
1997-1998 1871 4453 1934
1998-1999 2170 4857 1822
1999-2000 2480 4866 1816
2000-2001 2661 4860 1922
2001-2002 2672 4548 2051
2002-2003 2761 4738 2273
2003-2004 2793 5042 2412
2004-2005 2860 5337 2624
2005-2006 2907 5364 2675
2006-2007 2716 5039 2613
2007-2008 2764 4919 2735
2008-2009 2756 4888 2890
2009-2010 2743 4925 3072
2010-2011 2671 4880 3348
2011-2012 2648 5097 3448
2012-2013 2452 5052 3383
2013-2014 2607 5395 3681
2014-2015 2727 5511 3626
2015-2016 2720 5357 3672
2016-2017 2927 5329 3844
2017-2018 3111 5579 4053

5 800 tonn elg- og hjortekjøt

I 2017/18 utgjorde utbytet frå elg- og hjortejakta over 5 800 tonn kjøt rekna i slaktevekt. Det tyder at kvar av oss som bur i Noreg, kan ete slikt kjøt til middag fire gonger i året. Den samla verdien av dette utgjer om lag ein halv milliard kroner om ein reknar med ein kilopris på knapt 100 kroner. Elgkjøtet utgjer nesten 4 000 tonn, medan hjortekjøtet utgjer noko over 1 850 tonn. Om vi ser samla slaktevekt av elg og hjort under eitt, toppar elgfylka Nord-Trøndelag og Hedmark lista med høvesvis 700 og 600 tonn kjøt. Deretter følgjer hjortefylket Sogn og Fjordane med vel 560 tonn.

Tabell 1. Samla slaktevekt av felte elg og hjort i jaktåret 2017/2018. Fylke. Tonn

Til tabellen

Hjortejakta på Vestlandet set stadig rekordar

Også hjortestammen tok til å stige i 1970-åra, men då i første omgang på Vestlandet og i Sør-Trøndelag. Det var likevel først i 1990-åra at hjortestammen og talet på felte hjort auka fort. I perioden 1990-2010 auka jaktuttaket av hjort i Sogn og Fjordane frå knapt 3 000 til nesten 12 000 felte hjort. Møre og Romsdal hadde nesten tilsvarande auke i denne perioden, medan Hordaland hadde litt rolegare vekst. I åra som følgde etter 2010, hadde alle desse fylka ein liten tilbakegang, men dei siste åra har pila peika oppover att. Alle tre fylka hadde rekordstort utbyte under jakta i 2017/18.

Figur 5. Felte hjort på Vestlandet

Rogaland Hordaland Sogn og Fjordane Møre og Romsdal
1945-1946 0 18 194 139
1946-1947 0 19 159 116
1947-1948 0 27 138 172
1948-1949 0 31 158 179
1949-1950 0 20 179 164
1950-1951 0 42 169 200
1951-1952 0 60 173 223
1952-1953 0 32 136 182
1953-1954 0 60 147 237
1954-1955 0 83 177 293
1955-1956 2 84 233 383
1956-1957 2 88 249 402
1957-1958 1 107 254 436
1958-1959 4 128 284 372
1959-1960 3 132 321 527
1960-1961 3 139 377 547
1961-1962 3 178 414 636
1962-1963 3 188 417 566
1963-1964 7 231 514 807
1964-1965 19 260 649 873
1965-1966 18 362 757 868
1966-1967 27 508 857 1153
1967-1968 57 583 1010 1348
1968-1969 63 544 816 1071
1969-1970 77 646 993 1025
1970-1971 64 681 925 850
1971-1972 91 596 890 805
1972-1973 71 600 919 844
1973-1974 105 693 1101 945
1974-1975 117 807 1190 917
1975-1976 134 929 1293 965
1976-1977 136 1042 1441 1062
1977-1978 183 1270 1684 1376
1978-1979 191 1522 2027 1807
1979-1980 264 1685 2195 1996
1980-1981 301 1799 2552 2266
1981-1982 348 1983 2791 2270
1982-1983 346 2050 2762 2292
1983-1984 363 2130 2948 2744
1984-1985 387 2252 2989 3011
1985-1986 403 2260 3337 3394
1986-1987 422 2124 3390 2638
1987-1988 429 2018 3403 2517
1988-1989 465 2068 3732 2998
1989-1990 464 1950 3438 2805
1990-1991 501 1903 3512 2887
1991-1992 507 2028 3891 3310
1992-1993 617 2449 4592 3794
1993-1994 730 2642 5278 4601
1994-1995 751 2963 5794 5259
1995-1996 745 3107 6294 5937
1996-1997 757 3343 6392 5624
1997-1998 879 3648 7450 7067
1998-1999 970 4134 8004 6389
1999-2000 994 4519 8381 6019
2000-2001 1050 4745 8132 6296
2001-2002 1080 4956 8235 6701
2002-2003 1397 4982 8374 6894
2003-2004 1566 5008 8591 6958
2004-2005 1631 5103 8707 7068
2005-2006 1684 5390 8964 7581
2006-2007 1727 5728 9313 8171
2007-2008 1773 6313 10548 9204
2008-2009 1954 6882 11280 10241
2009-2010 2078 7561 11601 10889
2010-2011 2236 7840 11771 11065
2011-2012 2162 7881 10802 10170
2012-2013 2146 7941 10127 8958
2013-2014 2121 7815 10459 9707
2014-2015 1945 7308 10318 9299
2015-2016 1842 6703 9661 9063
2016-2017 1978 7490 10883 10299
2017-2018 2167 8218 12822 11453

Hjortejakta aukar gradvis på Sør- og Austlandet

Sjølv om det kom nokre dyr over fjellet til Oppland for fleire tiår sidan, var det ikkje før rundt tusenårsskiftet at jegerane tok til å skyte hjort av eit visst omfang i fylka på Austlandet og Sørlandet. I jaktåret 2017/2018 vart det skote nesten 1 000 hjort i Oppland, og også i Telemark, Buskerud og i Agder-fylka blir det skote nokre hundre hjort i året. Til og med i elgfylket Hedmark vart det skote over 300 hjort i 2017/18. Sjølv om desse tala enno ikkje er så store, er veksten i fellingstala bratt i mange av fylka. Det er difor grunn til å tru at det blir skote meir hjort i desse fylka i åra som kjem.

Figur 6. Felte hjort på Austlandet

Hedmark Oppland Buskerud Vestfold Telemark Aust-Agder Vest-Agder
1945-1946 0 0 0 0 0 0 0
1946-1947 0 0 0 0 0 0 0
1947-1948 0 0 0 0 0 0 0
1948-1949 0 0 0 0 0 0 0
1949-1950 0 0 0 0 0 0 0
1950-1951 0 0 0 0 0 0 0
1951-1952 2 0 0 0 0 0 0
1952-1953 0 0 0 0 0 0 0
1953-1954 0 0 0 0 0 0 0
1954-1955 0 0 0 0 0 0 0
1955-1956 2 0 0 0 0 0 0
1956-1957 4 0 0 0 0 0 0
1957-1958 4 0 0 0 0 0 0
1958-1959 3 0 0 0 0 0 0
1959-1960 2 0 0 0 0 0 0
1960-1961 3 1 0 0 0 0 0
1961-1962 6 5 0 0 0 0 0
1962-1963 7 3 0 0 0 0 0
1963-1964 5 6 0 0 0 0 0
1964-1965 4 9 0 0 0 0 0
1965-1966 4 8 0 0 0 0 0
1966-1967 6 12 0 0 0 0 0
1967-1968 4 17 0 0 1 0 0
1968-1969 2 11 0 0 0 0 0
1969-1970 1 11 0 0 0 0 0
1970-1971 1 13 0 0 0 0 0
1971-1972 0 8 0 0 0 0 0
1972-1973 1 15 0 0 0 0 0
1973-1974 1 22 0 0 0 0 0
1974-1975 0 21 2 0 0 0 0
1975-1976 2 20 3 0 0 0 0
1976-1977 2 33 3 0 0 0 0
1977-1978 0 28 1 0 0 0 0
1978-1979 5 66 3 0 1 0 0
1979-1980 6 39 4 1 1 0 0
1980-1981 5 59 3 0 0 0 0
1981-1982 5 52 2 0 1 0 0
1982-1983 13 61 3 0 3 0 0
1983-1984 10 62 5 0 3 0 0
1984-1985 6 70 4 0 7 0 0
1985-1986 10 48 8 1 7 0 0
1986-1987 6 60 6 1 4 0 0
1987-1988 9 52 14 1 10 0 3
1988-1989 11 77 20 0 8 0 2
1989-1990 11 90 18 4 14 0 4
1990-1991 19 107 28 2 12 0 5
1991-1992 30 144 31 4 20 1 7
1992-1993 42 195 36 4 36 17 9
1993-1994 46 155 51 12 40 16 8
1994-1995 36 120 42 6 27 17 15
1995-1996 35 142 66 18 45 24 18
1996-1997 31 149 98 10 45 22 12
1997-1998 37 159 103 11 55 30 28
1998-1999 35 177 95 16 77 36 33
1999-2000 28 147 95 20 88 36 35
2000-2001 26 170 111 22 101 43 44
2001-2002 40 202 114 16 108 50 53
2002-2003 51 220 177 29 154 39 47
2003-2004 56 235 150 25 167 70 60
2004-2005 75 290 181 37 204 80 76
2005-2006 53 321 181 45 233 75 92
2006-2007 104 378 187 45 293 100 98
2007-2008 120 427 217 60 350 134 118
2008-2009 140 496 267 52 460 192 128
2009-2010 171 472 352 64 487 233 147
2010-2011 197 498 354 85 512 251 203
2011-2012 180 543 361 79 483 257 212
2012-2013 214 628 354 116 530 263 262
2013-2014 195 728 344 96 493 256 288
2014-2015 199 782 386 99 520 262 253
2015-2016 222 713 358 107 565 289 302
2016-2017 261 847 397 144 566 347 334
2017-2018 289 957 507 170 644 347 426

Faktaside

Kontakt