Nedgang i talet på sau frå 2018 til 2019

Publisert:

I alt 13 800 produsentar søkte om produksjonstilskott for 937 400 vaksne sauer per 1. mars 2019. Dette er 3,7 prosent færre produsentar og 7 prosent færre sauer enn året før.

I alt 26 600 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskott per 1. mars 2019, og det er vel 600 færre enn året før, viser tall fra husdyrstatistikken

Figur 1. Jordbruksbedrifter med husdyr

Jordbruksbedrifter
2008 33559
2009 32551
2010 32270
2011 31190
2012 30408
2013 29744
2014 29124
2015 28587
2016 28375
2017 28019
2018 27230
2019* 26583

Frå 2018 til 2019 minka det samla talet på storfe med 15 200 til 862 200. I samband med den uvanleg tørre sommaren i 2018 vart det slakta meir storfe enn vanleg, og det var særleg okse og kvige som blei slakta tidlegare enn planlagt. Tidlege tiltak som auka mjølkekvoter og rask handsaming av søknader om erstatning etter avlingsskade, førte til at slaktetala for storfe i 2018 likevel ikkje vart så høge som forventa. Talet på ammekyr auka  med 1 600 til 92 700 frå 2018 til 2019, medan talet på mjølkekyr gjekk ned med 3 600 til 215 000. I same perioden gjekk talet på andre storfe ned med 13 200 til 554 300.    

Figur 2. Mjølkekyr og ammekyr

Mjølkekyr Ammekyr
2008 262090 54641
2009 249482 57777
2010 245001 61527
2011 240935 64406
2012 237569 65631
2013 238801 67542
2014 229664 68759
2015 228445 71944
2016 226784 76180
2017 221330 83129
2018 218613 91168
2019* 215063 92722

Talet på mjølkegeit endra seg lite frå 2018 til 2019, og var 36 300 i 2019. I same perioden gjekk talet på alssvin gjekk ned med drygt seks prosent til 83 300. Det var i alt 1 100 jordbruksbedrifter som hadde alssvin i 2019, om lag fire prosent færre enn året før.

Talet på sau over 1 år per 1. mars var 937 400, og dette var 70 800 færre enn året før. Endra teljedato og berre registrering av sau over 1 år gjer det vanskeleg å samanlikne talet på sau for 2018 og 2019 med dei tidlegare publiserte tala for vinterfôra sau.

Faktaside

Kontakt