Fleire arbeidstimar per gardsbruk

Publisert:

Førebelse tal frå landbruksundersøkinga viser at det i 2017 blei utført 46 200 årsverk i jord- og hagebruk, som er 10 prosent færre enn i 2010. I gjennomsnitt blei det arbeidd 2 148 timar per gardsbruk i 2017, og dette er ein auke på 6 prosent frå 2010.

Figur 1. Arbeidsinnsats i jord- og hagebruk på jordbruksbedriftene

Arbeidsinnsats
1989/90 185
1998/99 151
2009/10 95
2012/13 88
2017* 85

Gardbrukaren og ektefelle/sambuar utførte 61 prosent av dei 85 millionar timeverka i jord- og hagebruk i 2017. Andre familiemedlemmer sto for 10 prosent av arbeidet i jord- og hagebruk, medan annan fast og tilfeldig hjelp utførte 30 prosent.

Figur 2. Arbeidsinnsats i jordbruket, etter kven som utførte arbeidet. 2017

Arbeidsinnsats
Brukarar og ektemakar/sambuarar 61 % 61
Familie 10 % 10
Anna fast og tilfeldig hjelp 29 % 29

Ein femtedel av arbeidet utført av kvinner

Andre sjølvstendig næringsdrivande utførte 7,8 millionar timeverk, eller 9 prosent av arbeidet i jord- og hagebruk i 2017. I 2010 blei 2,9 millionar timeverk utførte av andre sjølvstendig næringsdrivande, syner landbruksundersøkinga.

Av det resterande arbeidet i jord- og hagebruk vart 69 prosent utført av menn og 22rosent av kvinner. Samanlikna med 2010 utførte menn om lag tre prosent mindre av arbeidet, medan den delen som blei utført av kvinner, har lege stabilt på 22 prosent i den same perioden.

Mange med tilleggsnæringar

I landbruksundersøkinga 2018 blei også omfanget av arbeid i skogbruk og i tilleggsnæringar kartlagt. Over halvparten av gardsbruka dreiv tilleggsnæringar, det vil seie andre næringar der ein nyttar jordbruksbedrifta sine ressursar i tillegg til tradisjonell jordbruksdrift. Den vanlegaste tilleggsnæringa var leigekøyring for andre. Vel 40 prosent av dei som dreiv med tilleggsnæringar, hadde ført opp at dei dreiv med  leigekøyring, medan 36 prosent dreiv med utleige av jakt- eller fiskerettar.

Det blei arbeidd til saman 6,2 millionar timeverk i tilleggsnæringar i 2017, medan det i skogbruket blei utført 1,6 millionar timeverk. Mange av gardbrukarane og deira ektefellar og sambuarar arbeidde også utanom jordbruksbedrifta, og til saman utgjorde dette 42 millionar timeverk i 2017.

Faktaside

Kontakt