Om statistikken

1. Administrative opplysingar

1.1. Namn

Internasjonale reservar og valutalikviditet

1.2. Emnegruppe

09.04 - Fordringar og gjeld overfor utlandet, utanlandske eigarinteresser, SIFON

1.3. Kor ofte og aktualitet

Månadleg:

Mellombelse tal, del I, vert publiserte 5. virkedag etter referansemånaden.

Endelege tal, del I – IV, vert publiserte den 21. i månaden (eller fyrstkommande vyrkedag) etter referansemånaden.

1.4. Regionalt nivå

Berre på nasjonalt nivå.

1.5. Ansvarleg seksjon

960 - Seksjon for finansielle foretak

1.6. Lovheimel

Statistikklova § 2-2

1.7. EU-rettsakt

Ikkje relevant.

1.8. Internasjonal rapportering

International Monetary Fund (IMF).

2. Bakgrunn og føremål

2.1. Føremål og historie

Noreg har slutta seg til dataspreiingsstandarden SDDS (Special Data Dissemination Standard) i det internasjonale pengefondet (IMF). Denne standarden forpliktar sentralbankane i medlemslanda å publisere ein detaljert oversikt over internasjonale reservar og valutalikviditeten. Sentralbankane skal offentleggjere statistikk etter særskilde reglar med omsyn til omfang, spesifikasjonsgrad, frekvens og aktualitet.

Statistikken vart flytta frå Noregs Bank til Statistisk sentralbyrå 1.1.2007.

2.2. Brukarar og bruksområde

IMF, Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og publikum.

3. Om produksjon av statistikken

3.1. Omfang

Del I inneheld internasjonale reservar og andre fordringar på utlandet basert på marknadsverdiar frå aktivasida av Noregs Bank sin balanse. Del II inneheld faktiske framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Kontantstraumane vert presenterte til nominell verdi. Del III inneheld moglege framtidige kortsiktige netto valutastraumar. Del IV inneheld spesifikasjonar og relevant informasjon ikkje nemnde annan stad.

Dataene vert publiserte i NOK millionar til verkeleg eller nominell verdi. Petroleumsfondet inngår ikkje i talgrunnlaget. Noregs Bank selde store delar av gullet tidleg i 2004, og resten av gullet er ikkje definert som del av reservane.

Bearbeiing av data

Excelfilar vert motteke på e-post og lagra på fellesområde. Excel-makro genererer txt-fil for FAME. Txt-fila vert lese inn i ein FAME-base. Figurar vert oppdaterte i Excel via FAME/Populator. Tala vert rapporterte til IMF i GESMES-format.

3.2. Datakjelder

Opplysningane er baserte på rekneskapsopplysningar frå Noregs Bank.

3.3. Utval

Ikkje relevant.

3.4. Datainnsamling

Elektronisk innrapportering av skjema i excel.

3.5. Kontroll og revisjon

Ikkje relevant.

3.6. Berekningar

Ikkje relevant.

3.7. Konfidensialitet

Ikkje relevant.

4. Omgrep, variablar og grupperingar

4.1. Definisjon av dei viktigaste omgrepa og variablane

Kort omtale av dei ulike finansinstitusjonane:

Noregs Bank: Sentralbanken i Noreg har mellom anna rådgjevande, utøvande og kontrollerande funksjonar knytte til valuta-, penge- og kredittpolitikken.

NBIM: Noregs Bank Investment Management. NBIM forvaltar utanlandsformuen til Statens pensjonsfond, hovuddelen av Noregs Bank sine valutareservar og Statens petroleumsforsikringsfond. NBIM investerer i internasjonale aksjar, obligasjonar, pengemarknadsinstrument og derivater.

Balanserekneskapen: Balansen viser eigendelar, gjeld og eigenkapital ved utgangen av rekneskapsåret.

Internasjonale reservar: Likvide valutafordringar på utlandet under kontroll av pengepolitiske myndigheiter.

Valutalikviditet: (1) Likvide valutaressursar (internasjonale reservar og andre reservar) under myndigheitene sin kontroll. (2) Faktiske og moglege framtidige netto valutastraumar som påverkar desse valutaressursane på bakgrunn av kortsiktig valutagjeld og aktivitetar utanom balansen. Myndigheitene sin valutalikviditetsposisjon blir fastsett av mengden likvide valutaressursar som er til disposisjon etter at det er teke omsyn til faktiske og potensielle netto straumar på desse ressursane.

Framtidige kortsiktige forpliktingar: Netto valutastraumer som følgje av myndigheitene sin finansielle aktivitet vis-a-vis inn- og utlendingar dei neste 12 månadene.

Pengepolitiske myndigheiter: Sentralbanken.

Dataspreiingsavtala definerar prinsipp som skal liggje til grunn for rapporteringa. Krava er nemnd nedanfor, og Noregs Bank følgjer desse.

Verdsetjing: Valutaressursane skal verdsetjast til marknadsprisar, det vil seie den prisen dei ville fått i marknaden på referansedatoen (siste virkedag i månaden).

Dei framtidige straumane knytte til valutaressursane (forward, futures, swaps) skal verdsetjast til nominell/faktisk verdi, det vil seie verdien på det tidspunktet kapitalstraumen finn stad.

Opsjoner vert verdsette til det valutabeløpet som kan bli kjøpt eller selt ved innløysing av opsjonen.

Periodisering: IMF anbefaler at handleriktig dato blir nytta til periodisering av rekneskapen.

Ved kjøp og sal av utanlandske verdipapir vil fordringar og gjeld vert presentert som fordring inntil oppgjeret vert sluttført.

Valuta: Den nye standarden gir inga krav om dataene skal rapporterast i NOK eller annan valuta. Det blir anbefalt at ein nyttar den valutaen som normalt vert nytta til å publisere internasjonale reservar.

4.2. Standard klassifikasjonar

Statistikken byggjer på IMFs “Data Template on International Reserves and Foreign Currency Liquidity” – Operational Guidelines, oktober 1999.

5. Feilkjelder og uvisse

5.1. Måle- og handsamingsfeil

Det kan førekome feil og manglande samsvar i rekneskapsopplysningane. Dei manglande samsvara kan ha fleire kjelder, mellom anna feil ved overføring av data frå Noregs Banks rekneskap eller NBIM.

5.2. Fråfallsfeil

Ikkje relevant.

5.3. Utvalsfeil

Ikkje relevant.

5.4. Andre feil

Det kan vere avvik mellom handleriktige og bokføringsriktige data.

6. Samanlikningar og samanheng

6.1. Samanlikningar over tid og stad

Tidsserier vert publiserte.

6.2. Samanheng med annan statistikk

Samanheng med Noregs Bank sin balanse.

7. Kvar finn ein statistikken?

7.1 Publikasjonar og andre lenkjer

http://www.ssb.no/finansinst/ 

http://www.ssb.no/publikasjoner/etter_serie/

http://www.imf.org/external/index.htm

7.2. Lagring og bruk av grunnmaterialet

Ikkje relevant.


2010 © Statistisk sentralbyrå