Publikasjon

Rapporter 2012/35

Wealth distribution in Norway

Evidence from a new register-based data source

Formue utgjer ein viktig del av hushaldas økonomiske ressursar, på lik line med inntekt. Men i motsetning til inntekt, har ein mangla gode data til å belyse formuesfordelinga. Det er mellom anna eit problem at ein ikkje har hatt realistiske verdiar for det viktigaste formuesobjektet til norske hushald, - bustadformuen. Statistisk sentralbyrå har nyleg utvikla ein modell der ein kjem nærare det som er den faktiske verdien på norske hushald sine bustadeigedommar. Dei nye bustadverdiane inngår no som del av realkapitalen til hushalda, til erstatning for dei gamle likningsverdiane.

I denne rapporten gjer vi greie for korleis den norske inntekts- og formuesstatistikken er bygd opp, mellom anna ved å kople saman data frå ei rekkje ulike register. Frå og med inntektsåret 2004 fekk ein for første gong ein heildekkjande inntektsstatistikk for alle hushald i landet. Frå og med inntektsåret 2009 er denne statistikken supplert med tilsvarande opplysningar om formue, der dei nye bustadverdiane inngår. Rapporten presenterer dei første resultata basert på den nye formuesstatistikken.

Resultata viser at når ein inkluderer dei nye bustadverdiane i formuesrekneskapen, så fører dette til ein kraftig auke i nettoformuen til norske hushald. I gjennomsnitt hadde hushalda ein nettoformue på 1,6 millionar kroner i 2009. Det klart viktigaste formuesobjektet er bustaden. Denne utgjorde aleine 65 prosent av bruttoformuen i 2009. Finanskapital (det vil seie bankinnskot, aksjar etc.) utgjorde 28 prosent, medan gjelda tilsvarte 37 prosent av bruttoformuen.

Til liks med mange andre land er formuesfordelinga svært skeiv i Noreg. Medan gjennomsnittleg nettoformue blant hushalda var på 1,6 millionar kroner, var median nettoformue på knapt 900 000 kroner. Tidelen av hushalda med høgast nettoformue eigde i 2009 om lag 53 prosent av all nettoformue, den rikaste 1 prosenten eigde 21 prosent, medan den rikaste 0,1 prosent (om lag 2000 hushald) eigde 10 prosent av nettoformuen.

Nettoformuen stig jamt med alderen på hovudinntektstakaren i hushaldet. Medan median nettoformue knapt er positiv for hushald yngre enn 30 år, stig median nettoformue til 1,9 millionar kroner for dei som er i slutten av 60 åra. Også dei aller eldste hushalda har ein betydeleg formue.

Ser ein inntekt og formue under eitt, viser det seg at mange hushald med låge inntekter likevel har ein betydeleg formue. Dette gjeld først og fremst for eldre hushald. På den andre sida så er det òg mange hushald med svært høge inntekter som mest ikkje har formue. Dette gjeld ofte for yngre par i yrkesaktiv alder, utan born. Når ein tek omsyn til formue fører dette til ein betydeleg nedgang talet på personar som har fattigdomsrisiko. Igjen så er det først og fremst blant dei eldste at utslaga er størst.

Les meir om publikasjonen