Nykeltal
91 prosent av hushalda hadde PC og
92 prosent Internett-tilgang i 2011.
1 784 738 breibandsabonnement i 4. kvartal 2011.
14 000 føretak i Informasjon og kommunikasjon med 85 000 sysselsette og omsetning på 188 milliardar kroner i 2010.
Det vart eksportert IKT-varer for
17 milliardar kroner i 2010.
 

 
Ordforklaringar
Informasjonssektoren = IKT (Informasjons- og komunikasjonsteknologi)-sektoren + Innhaldssektoren
IKT-sektoren = næringar som produserer varer og tenester for informasjonssamfunnet (IKT-industri, IKT-Varehandel, Telekommunikasjon og IKT-konsulentverksemd)
Innhaldssektoren = næringar som produserer innhald som tekst, lyd og bilete for informasjonssamfunnet (Forlagsverksemd, Informasjonstenester, Radio og fjernsyn, Film og video)
 
Informasjonssamfunnet
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er sentral i utviklinga til økonomien. Omgrepet "informasjonssamfunnet" gjev eit bilete av IKT og store endringar i samfunnet. Sjølv om denne utviklinga ikkje skulle utgjera eit epokeskifte, er IKT likevel ei samfunnsendrande kraft. IKT påverkar i stendig raskare tempo innhald og utforming av varer og tenester. IKT endrar også organiseringa av næringar. Samstundes påverkar IKT tilhøva for menneskeleg samhandling og kontakt. IKT har sosial, politisk og kulturell innverknad på nordmenns daglegliv.
 
Digitale skiljeliner
Omgrepet "Digitale skiljeliner" (på engelsk "Digital Divide") refererer til ulik konkurranseevne blant bedrifter og nasjonar, til ulik kvalitet ved opplærings- og utdanningsinstitusjonar, til individuelle, lokale, nasjonale og globale skilnader knytt til tilgang og bruk av IKT (Informasjons- og kommunikasjonsteknologi). I norsk samanhang vil "digitale skiljeliner" ofte tolkast som nye former for sosial, økonomisk eller regional ulikskap.
Tema 
Informasjonssamfunnet
Tidleg på 1990-talet vart Internett opna for ålmenn bruk. I dag er nettsurfing og e-post ein del av kvardagen vår. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) utviklar seg raskt og vert brukt av føretak, offentleg sektor og hushald. Det norske informasjonssamfunnet er prega av at:
    • Ni av ti hushald har Internett, og tre av fem av befolkninga deltok i sosiale nettsamfunn i 2011.
    • Norske hushald har PC og Internett-tilgang om lag som i andre nordiske land, medan norske føretak nyttar IKT mindre enn føretaka i grannelanda.
    • I 2009 omsette informasjonssektoren for 236 milliardar kroner, og verdiskapinga målt i vidarearbeidingsverdi var på 94 milliardar.
    • Informasjonssektoren hadde 100 000 sysselsette i 2009.

    a
     
     



       
    Nyaste artiklar med tabellar

    Bruk av IKT

    IKT i husholdningene
    Tre av fem deltar i sosiale nettsamfunn  (01.07.2011)  ->

    Bruk av IKT i kommunene og fylkeskommunene
    Halvparten har en IKT-strategi  (28.10.2009)  ->

    Bruk av IKT i næringslivet
    Styresmaktenes heimesider er viktige   (28.09.2011)  ->

    Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi i staten
    40 prosent kjøpes inn elektronisk  (13.05.2009)  ->

    Internett-målinga
    Framleis auke i raske private breiband  (28.03.2012)  ->

    Informasjon og kommunikasjon

    Prisindeksar innanfor informasjon og kommunikasjon
    Liten prisauke på datatenester  (01.03.2012)  ->

    Utenrikshandel med IKT-varer
    Handelsunderskuddet for IKT-varer øker  (16.09.2011)  ->

    Transport, reiseliv og IKT, omsetningsindeks
    Omsetningsvekst for godstransport på veg  (01.03.2012)  ->

    Informasjonssektoren. Sysselsetting, omsetning og verdiskapning
    Nedgang i innholds- og mediesektoren  (29.08.2011)  ->

    Informasjon og kommunikasjon, strukturstatistikk
    Omsetningsvekst for radio og fjernsyn  (01.11.2011)  ->

    Lønnsstatistikk, ansatte i informasjon og kommunikasjon
    Månedslønna i IKT økte med 2 400 kroner  (19.01.2012)  ->




    Publikasjonar og artiklar



    Annan statistikk i SSB



    Nasjonale lenkjer



    Internasjonale lenkjer


     Mer informasjon: Bibliotek og informasjonssenteret        Temaansvarlig: Mona Irene Andersen Engedal       2012 © Statistisk sentralbyrå