Harmonisert konsumprisindeks for Noreg, april 2012

Ingen endring i HKPI

Harmonisert konsumprisindeks (HKPI) for Noreg var uendra frå mars til april 2012. Prisauke på bøker og pakketurar førte isolert sett til vekst i HKPI, medan eit prisfall på matvarer bidrog til at HKPI vart uendra.

Harmonisert konsumprisindeks. Prosentvis endring frå same månad året før

HKPI for Noreg var i april 2012 114,0 (2005=100), mot 114,1 i same månad året før. Det svarar til ein negativ tolvmånadersvekst på 0,1 prosent for april, og ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå mars i år.

For fleire detaljar, sjå konsumprisindeksen.

EU, EØS og euroområdet

Førebelse tal for mars 2012 viser at HKPI for EU og EØS var 118,0, medan HKPI for euroområdet var 115,5. Den førebelse tolvmånadersveksten i HKPI i mars var 2,9 prosent både for EU og EØS. I euroområdet var veksten på 2,7 prosent. Tolvmånadersveksten i euroområdet er estimert til 2,6 prosent for april.

Detaljerte tal for april vert publiserte på Eurostat sine heimesider den 16. mai.

Harmonisert konsumprisindeks for Noreg og andre utvalde land. Endring i prosent
     Februar 2011-
februar 2012
   Mars 2011-
mars 2012
   April 2011-
april 2012
Noreg 1,0 0,5 1-0,1
Island 6,7 7,8  
Sverige 1,0 1,1  
Danmark 2,7 2,7  
Finland 3,0 2,9  
Tyskland 2,5 2,3  
Storbritannia 3,4 2:  
EØS 2,9 12,9  
EU 2,9 12,9  
Euroområdet 2,7 12,7 12,6
1  Førebelse tal.
2  Ikkje tilgjengeleg.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og EUROSTAT.

Frigitt 10. mai 2012 © Statistisk sentralbyrå